Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ytre Kandalsstøylen / Nesstøylen



Denne stølen ligg opp for Kandal ytre og Nes der eit dalstrok går mot nord til Dalevatnet og Ryssdalsstøylen og eit dalstrok går mot sør, Sørsendalen. Høgdenivå er ca. 490 m o.h. Stølseigarane er Skarstein, gard nr.123, Kandal ytre, gard nr.124 og Nes, gard nr.125.

Marta Næss på stølen med geiteflokken.

Marta Næss på stølen med geiteflokken.

Eigar: Bergljot Engeset.

Datering: 1995.

Fotograf: Bergljot Engeset.

Kandal først

Det ser ut som Kandal ytre var dei som hadde støl her først. Gamle Nesstøylen låg på Langeranten kring ein km lenger sør (stølstufter). Dette går òg fram av ei stølsliste frå 1930 som ligg på Kulturnett Sogn og Fjordane. Der er òg nemnt at denne stølen er nedlagd for uminnelege tider sidan. Skarstein skal ha hatt sin støl på andre sida av elva i høve til noverande. Alle er no samla på Ytre Kandal-/Nesstøylen. Beitet vart delt i 1905. Truleg vart stølen utskifta med teig til kvart bruk samstundes der dei og har kvar sine sel og fjøs.

Tilkomst

I eldre tider måtte dei frakte alt på ryggen eller i beste fall med hest. Men alt før 1900 fekk dei til meieri på stølen. Etter kvart fekk dei til så pass veg at dei kom fram med hest og kjerre. Det var vanskeleg i dette bratte fjellet med den store elva frådande ved sida av. I seinare tid er det arbeidd opp 3 km bratt bilveg til stølen, bomveg.

Bruk av stølen

Det var ei noko rar utvikling med mykje storfe og ikkje geit på 1800-talet, når vi veit at i dag vert all mjølk produsert på geit. I tillegg har dei sau.
Frå Breimsvatnet og opp til stølen er det elva som deler mellom Nes i nord og Kandal ytre i sør. I 1905 vart beiteområda i stølsområdet utdelt slik at dette passa saman. Kandal ytre fekk Sørsendalen og Øykjeheia. Nes nordover mot Dalevatnet og Ryssdal. Skarstein har beiterett for kyr på Nesbeita og for småfe og hest på Kandal ytre sitt beiteområde.

Innmarka er lita på gardane i Kandal. Dei heller store stølskviene her gav difor eit verdifullt tilskot til vinterfôret. I seinare tid har dei tre brukarane på Kandal ytre i tillegg dyrka opp kring 20 dekar lettdriven jord på sørsida av stølen. Graset vert i dag ensilert.
Alt før århundreskiftet var det så stor mjølkeproduksjon at dei fekk seg meieri både på stølen og nede på Kandal. Dei dreiv ikkje berre med ysting av geitost, men hadde og skule for vordande meiersker. Det som var viktig var å få til eit kvalitetsprodukt. Difor fekk dei dugande lærarar frå Gudbrandsdalen. Der hadde dei fått til den no velkjende Gudbrandsdalsosten med å tilsetje fløyte under ysteprosessen.

Meieriet på stølen låg først på "Bakken". Kring 1907 vart det flytta ned til elva der det vart drive med vasskraft. Dette meieriet har motiverte grunneigarar i dag restaurert og har tenkt å bruke det i samanheng med reiselivsnæring. Dei fleste brukarane har geitene nærare heimeområda i dag og mjølkar i gardfjøsane om sommaren. Då er det enklare både med mjølking og leveranse. Men eitt bruk på Nes og eitt på Skarstein held til på stølen med geitene enno.

Nokre fakta

Skarstein, gard nr. 123, Breim sokn, hadde to bruk i 1890. Kandal ytre, gard nr. 124, hadde tre bruk dette året. Nes, gard nr. 125, hadde to bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR