Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gruvedrift i Sørdalen



Sørdalen ved Hellevik har kopar i fjellet som til sine tider har vore drivverdig, og frå midten av 1700-talet til byrjinga av 1900-talet var det periodevis gruvedrift her.

Kartet syner området rundt Sørdalsvatnet der det har vore gruvedrift i tre ulike periodar. Først frå 1759 til 1780, så frå 1864 til 1886 og sist frå 1907 til 1909. I tillegg nytta tyskarane noko av malmen under andre verdskrigen.

Kartet syner området rundt Sørdalsvatnet der det har vore gruvedrift i tre ulike periodar. Først frå 1759 til 1780, så frå 1864 til 1886 og sist frå 1907 til 1909. I tillegg nytta tyskarane noko av malmen under andre verdskrigen.

Eigar: Sørdalsprosjektet.

Datering: 1997.

Fotograf: Sørdalsprosjektet.

"Avdeling" under Grimelia

I Grimelia i Askvoll vart det starta koparverk i 1759, og det første selskapet som dreiv der, Grimeliens Kobberværk, hadde rett til å ta ut mineral innanfor eit område med 3 mils radius. Innanfor denne avstanden låg Sørdalen, og her vart det drive ei slags "avdelingsgruve". Men koparverket kom raskt i økonomiske vanskar, og drifta i Sørdalen vart i 1773 overteken av bødtkermeister Reinertsen og bergmann Gasman. Sørdalsvatnet vart oppdemt og ein masomn vart bygt nede ved sjøen. Men det var problem med å skaffe nok kol, og i 1780 måtte drifta stogge.

Drift med utanlandsk kapital

Lønsemda i gruvedrift er heilt avhengig av at prisane på mineral er høge nok, og gruva låg lenge aude. Men i 1864 kom det inn ein ny eigar som såg det mogleg å tene pengar. Det engelske selskapet The Norwegian Titanic Iron Company dreiv gruvedrift også andre stader i Noreg, og tok no til å ta ut malm frå Sørdalen. Malmen vart frakta til England for å bli smelta der, og blanda med raudjernstein frå Bilbao i Spania vart den brukt i panserstål. Uttaket varte fram til 1886.

Konsesjonslovene stogga verksemda

Også i perioden 1907-09 dreiv eit engelsk selskap med uttak av malm i Sørdalen, og sende den over til England. Denne gongen hadde ein planar for større drift, men grunna nye vilkår vart dette aldri noko av. I 1909 vedtok Stortinget nemleg dei omstridde konsesjonslovene, for å temje norske så vel som utanlandske kapitalkrefter. Lovene slo fast at gruveselskap måtte ha konsesjon, betale årleg konsesjonsavgift og finne seg i at staten overtok etter 40-80 år. Etter dette trekte engelskmennene seg ut.
Ein del av dei 2000 tonna som vart tekne ut i den siste perioden, vart liggjande på Verkabryggja ved Sørdalen fram til andre verdskrigen. Då frakta tyskarane resten til Svelgen for å smelte det der.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Furre, Berge: Norsk historie 1905-90. Oslo 1993.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Sørdalsprosjektet. Historia om gruvedrifta i Sørdalen. CD-rom laga av Hellevik skule. 1997.

PERMANENT IDENTIFIKATOR