Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Veg langs Lustrafjorden - frå Skjolden til Gaupne



Indre del av "gamle" Luster kommune hadde i hovudsak båtsamband med omverda fram til 1917, då vegen mellom Nes og Røneid gjorde det mogeleg å ha landeverts samband med nabokommunane Hafslo og Jostedalen. Det var isvanskar på fjorden som gjorde det naudsynt å få til eit skikkeleg vegsamband.

Det var vanskeleg å byggja bruer over Jostedøla som heldt mot flaum og isgang. I 1880 løyvde fylket pengar til bru over Jostedøla i Gaupne. Brua kom tidleg på 1890-talet. Det vart og bygd ein liten vegstubb på 267 m på begge sider for å knytta brua til vegane på begge sider av elva. Med brua fekk gardane på Røneid fram til Alsmo, som høyrde til Gaupne sokn, veg til kyrkja i Gaupne. Før brua kom var det ferje over elva, som kosta 10 øre. Brua vart øydelagt av isgang i 1905. Ei provisorisk bru er tydelegvis bygd medan bygginga av den nye brua er i gang.

Det var vanskeleg å byggja bruer over Jostedøla som heldt mot flaum og isgang. I 1880 løyvde fylket pengar til bru over Jostedøla i Gaupne. Brua kom tidleg på 1890-talet. Det vart og bygd ein liten vegstubb på 267 m på begge sider for å knytta brua til vegane på begge sider av elva. Med brua fekk gardane på Røneid fram til Alsmo, som høyrde til Gaupne sokn, veg til kyrkja i Gaupne. Før brua kom var det ferje over elva, som kosta 10 øre. Brua vart øydelagt av isgang i 1905. Ei provisorisk bru er tydelegvis bygd medan bygginga av den nye brua er i gang.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 1906

Fotograf: Ukjend

"Næsten ufremkommelig"

Midt på 1800-talet hadde kommunen tre offentlege vegar: Røneid-Jostedal, Eide-Sognefjellet og Kvåle-Nes. Men ingen av vegane var kjerrevegar. Om vegane langs Lustrafjorden heitte det på første del av 1800-talet, at dei var skrøpelege og farlege å fara i mørket. Langs Flathammaren kunne ein ikkje fara ved flo sjø. Det var ikkje ein gong bru over Fortunselva. Kommunen fann at bru var kommunen uvedkommande.

Luster sitt interne vegnett

I høve til nabokommunane Hafslo og Jostedalen, som hadde brukbare kjerrevegar frå 1850-talet, vart Luster sitt vegnett for hest og vogn først utvikla frå 1890-åra. Ein veg mellom Eide og Fortun vart rett nok bygd i perioden mellom 1863 og 1866, men elles tok det tid før vegbygginga kom i gang. I 1892 vart det løyvd statsmidlar til kjerreveg mellom Eide og Skjolden, fordelt på fem år. Veg mellom Skjolden og Kvåle kom i 1899. Då stod og vegen Fortun-Bjørk-Optun ferdig.

Fjordisen skapte problem

Omsynet til meinis (nemning på is som var til meinis, som skapte vanskar, var til hinder for trafikken) spelte ei viss rolle for vegutbygging langs Lustrafjorden. I Sogn var det særleg Årdalsfjorden og Lustrafjorden som var plaga av ishindringar på fjorden. Vinteren 1888-89 vart dambåtferdsla hindra 178 dagar. 4-5000 tønner poteter rotna avdi ein ikkje kunne senda dei.

I ni vintrar, frå 1879-80 til 1888-89 var det berre to år det ikkje var ishindringar. I dei andre sju åra stogga trafikken gjennomsnittleg i 110 dagar. Fylkesformannskapet var difor av den oppfatninga at Skjolden-Kvåle måtte byggjast før Hillestad-Lambhaug i dåverande Hafslo kommune. Saka vart utsett då vegdirektøren ville sjå meir på planane. Han ville sjå om det førebels ikkje kunne byggjast ein "enkel vintervei" på dei strekningane som var mest utsette for meinis.

Fortgang i vegløyvingane

I 1893 fekk parsellen si første løyving. Så vart det stogg. Først var det diskusjon om linevalet. Kommunen ville ha vegen lagt om Ottum som ligg høgare opp i lia. Det enda med at veglina vart lagt langs fjorden. Dernest vart distriktstilskotet eit problem. Luster hadde søkt, rett nok for seint, om å få nedsatt tilskotet til ¼. I 1897 gjekk likevel Stortinget med på ¼ distriktstilskot til Havellen-Kvåle. Heile veganlegget frå Skjolden til Kvåle var ferdig i 1915 etter ein del tilleggsløyvingar til etterarbeid og sikringsarbeid.

Luster får veg til nabokommunane

I 1901-02 var det igjen store isvanskar i Lustrafjorden. Hausten 1902 vart dampskipsferdsla stogga av is alt i november, men det vart hogd ei råk i isen slik at båtane kunne komma fram. Fylkestinget ville ikkje løyva pengar til vidareføring av veg til Røneid. Dei ville først gjera ferdig vegarbeidet mellom Sogndal og Marifjøra. Vegdirektøren derimot ville dela løyvingane mellom Luster og Sogndal-Marifjøra. Første løyvinga til Nes-Røneid (Gaupne) vart gitt i 1906/07, sjølv om Sogndal-Marifjøra enno ikkje var ferdig. Bygdevegen Nes-Kvåle vart ombygd i åra 1917-1925 etter at vegen Nes-Gaupne var ferdig.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Laberg, Jon: Hafslo - Bygd og Ætter. Bergen 1926.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.

PERMANENT IDENTIFIKATOR