Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. februar 2009

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Rebekka-krukke i Bulandet bedehuskapell



Boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane" omtalar kunst og inventar i Bulandet bedehuskapell, men eitt interessant inventarstykke er ikkje med: Ei særs velhalden rebekka-krukke.

Bulandet bedehuskapell, bygd som bedehus i 1905, vigsla til kyrkjeleg bruk i 1909.

Bulandet bedehuskapell, bygd som bedehus i 1905, vigsla til kyrkjeleg bruk i 1909.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Ordet rebekka-krukke finst ikkje i gjengse ordbøker og oppslagsverk. Like fullt finst det krukker eller mugger med kvinnenamnet Rebekka som første ledd. I 1891 løyvde til dømes kommunestyret i Sogndal pengar til innkjøp av to ”Rebækkakrukker” og det finst rebekka-krukker i fleire kyrkjer rundt om i Sogn og Fjordane. Ei rebekka-krukke er ei mugge laga av porselen til kyrkjebruk. Dei var produserte og marknadsførte for altervin, men me kjenner og til at dei har vore brukte til dåpsvatn.

I Bulandet bedehuskapell

Sommaren 2007 stod rebekka-krukka på Bulandet til pryd på orgelet. Ho er i svært god stand. Kanten oppe er måla med gullfarge, sameleis kanten rundt fotstykket. Krossmerket framme er opphøga med kross i gull på kvit bakgrunn. Krukka har lòk og uskadd hank. Det er ikkje teikn til produksjonsmerke under.

Historikken er ikkje klårlagd. Ingolf Fedøy, fødd 1920, hugsar (2009) at mugga vart nytta til dåpsvatn, og han meiner at ho var plassert på altaret. Eit bilete av altaret i bedehuskapellet i boka Askvoll bygdebok (1963), viser Rebekka-krukka.

Bedehuskapellet på Bulandet vart bygt som bedehus i 1905. Det er rimeleg å anta at rebekka-krukka vart innkjøpt etter at bedehuset vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1909, men om det vart gjort med det same eller ei tid etter, veit me førebels ikkje noko sikkert om.

Dokumenterte innkjøp i møtebøker

Fylkesarkivet har registrert gamle formannskapsprotokollar (formannskaps- og kommunestyremøte) i nokre kommunar. Frisøk i denne databasen på %Rebekka%, gjev fem treff fordelt på fire kommunar.

1) Gloppen 1869: Innkjøp til kyrkjene på Vereide og Gimmestad, tre "saakaldte Rebekkakrukker til Brug ved Altergangen", og i 1878 vedtak om "at anskaffe 2
Rebekkakrukker" til kyrkjene i Hyen og Gimmestad.
2) Hornindal 1870: Innkjøp av Rebekkakrukker til bruk for kyrkjevin.
3) Askvoll 1882: Innkjøp av rebekkakrukker.
4) Sogndal 1891: Innkjøp av "2 Rebekkakrukker".

Laga i Egersund

Rebekka-krukker var eit produkt ved Egersund Fayancefabrik, grunnlagd 1847. I reiseskildringa En Stavangers Cicerone, av C.S. Lous frå 1868, står: "Herfra [Egersund Fayancefabrik] komme de bekjendte Rebekkakrukker, "som altid skaffer friskt Vand.""

I fabrikken sin priskurant frå 1909 står REBEKKAKRUKKER (TIL ALTERBRUG) oppført med tre variantar, - a) "svampet" med kvitt eller svart kross, b) - med forgylt kross, og c) - med svart "Fond" og gullkross. Prisen var høvesvis 30, 35 og 60 kroner pr. 10 stk.

I fabrikken sin varekatalog frå 1931 står det same produktet oppført som ALTERMUGG.

Bruk

Det kan sjå ut til at rebekka-krukkene har vore brukte både til nattverdvin og dåpsvatn. Innkjøpet i Gloppen 1869 og oppføringane i dei to varekatalogane vitnar om alterutstyr. "Friskt Vand" og fyrste delen i namnet - Rebekka - (sjå nedanfor), går derimot meir i retning av dåpshandlinga, ei mugge for dåpsvatn. Me kan heller ikkje sjå bort frå at bruken kan ha endra seg over tid, frå å vera ei mugge til bruk ved nattverdsmåltidet til ei mugge for dåpshandlinga.

Rebekkakrukka på Bulandet er ikkje lenger i bruk verken til dåp eller nattverd. Eit døme på kuriøs gjenbruk har me frå Hadsel kyrkje i Vesterålen. Her vart to Rebekka-krukker i år 2004 brukte som blomstervasar ved gravferder.

Kyrkjeinventar i porselen

Rebekka-krukkene er døme på kyrkjeinventar i eit meir forgjengeleg materiale enn i meir varig og kostbart materiale som sølv og tinn. Mugger i porselen/fajanse var meir utsette for å verta skadde, særleg munnstykket og hanken. Heilt uskadde rebekka-krukker er difor sjeldne. Såleis er begge eksemplara i Egersund Fayance-museum skadde.

Egersund Fayancefabrik var ikkje einerådande på alterutstyr i porselen. Bing & Grøndahl i København laga ikkje berre mugge til altarbruk, men også oblatøskje. Feios kyrkje i Vik kommune har komplett og uskadd sett, det same har Vik kyrkje i Vesterålen.

Med krukke på aksla

Rebekka er ein av dei godt kjende bibelske personane. Ho var dotter til Betuel som budde i Mesopotamia og 1.Mosebok, kapittel 24, fortel om korleis det bar til at Rebekka vart kona til Isak, sonen til patriarken Abraham.

Abraham budde i Palestina. Då han var komen opp i åra, sende han eldste trælen sin med stort fylgje og mange gilde gåver austover til det tidlegare heimlandet sitt Mesopotamia ved Eufrat og Tigris. Ærendet hans var å finna ei kona til Isak. Vel framkomen stogga Betuel ved brunnen utanfor ein by og bad til Gud om hjelp til å finna den rette:

"... No står eg her attmed kjelda medan dei unge jentene i byen kjem ut etter vatn. Seier eg til ei jente: Halla på krukka di, så eg får drikka, og ho svarar: Drikk du, og kamelane dine skal eg og gje vatn – lat det då vera henne du har etla til Isak, tenaren din. På det skal eg skjøna at du har gjort vel mot husbonden min."
 

Betuel vart bønhøyrd. Før han var komen til endes med bøna si, kom Rebekka ut med ei krukke på aksla. "Det var ei ovven jente, ei ungmøy som ingen mann hadde vore nær," står det i Bibelen. Ho let Betuel få drikka frå krukka si, og ho henta vatn til kamelane hans. 
 

kjelder:

Opplysningar frå: Målfrid Hittun Fedøy (Askvoll), Vilhelm Feyling (Egersund) og Lisabet Risa (Hå).