Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mars 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vaffeljern frå Nordfjord



Vaffelkake er ein gamal kakesort med ei lang historie både i Nordfjord og i Noreg. Ho var særleg brukt som festmat i eldre tid.

Eit vaffeljern av den eldste typen med berre ei rektangulær steikeform. Jernet er veldig tungt med langt skaft. Lengda er 48 cm. Breidda på forma er 17 cm. Med skafta kan jernet opnast og lukkast.  Mønsteret er djupt og stormønstra. Røra som vart brukt i slike jern må ha vore tjukkare og stivare enn røra vi i 2009 brukar i elektriske jern, for at ho ikkje skulle renne ut. Vaffelen vart steikt over open varme i grua. Det er ingen opplysingar knytt til dette jernet. Den rektangulære forma er bolta fast i skaftet. NFM.0000-06848.

Eit vaffeljern av den eldste typen med berre ei rektangulær steikeform. Jernet er veldig tungt med langt skaft. Lengda er 48 cm. Breidda på forma er 17 cm. Med skafta kan jernet opnast og lukkast. Mønsteret er djupt og stormønstra. Røra som vart brukt i slike jern må ha vore tjukkare og stivare enn røra vi i 2009 brukar i elektriske jern, for at ho ikkje skulle renne ut. Vaffelen vart steikt over open varme i grua. Det er ingen opplysingar knytt til dette jernet. Den rektangulære forma er bolta fast i skaftet. NFM.0000-06848.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2009

Fotograf: Ulf Palm/Nordfjord Folkemuseum

Dei eldste vaffeljerna

Det eldste vaffeljernet i Noreg finst så vidt vi veit på Norsk Folkemuseum, og er frå 1685. Denne typen jern lagde einskilde rektangulære eller einskilde hjarteforma vaffelkaker. På Nordfjord Folkemuseum har vi mange rektangulære vaffeljernformer, sjå til dømes bilete 1 og 2. Desse har lange skaft og er særs tunge. Røra vart helt i jernet, jernet vart lukka og halde over open eld eller glør under steikinga.

Vokskake-mønster

Ordet «vaffel» kjem frå det nedertyske ordet «wafel» som tyder vokskake og som viser til eit bestemt rutemønster med fordjupingar i flata. Ordet vert også til dømes brukt om spesielle vevmønster eller saum (vaffelsaum).

Kvifor hjarte?

Forma på vaffelkaka vart tidleg eitt eller fleire hjarte. Hjartet er eit av dei eldste symbola vi har. Hjartet har vore eit symbol for kjærleik i alle fall frå middelalderen og truleg også lenger tilbake i tid. Vi veit at vaflar av finare slag vart brukt som mat i bryllaup. Kanskje er det difor hjartet vart forma på vaffelkaka?

Ein annan type vaffelrøre før?

Den rektangulære forma med storruta, djupt mønster, produserte truleg tjukkare og stivare vaffelkaker enn vi lagar i 2009. På eit vaffeljern støypt på jernverk, truleg frå slutten av 1800-talet, er oppskrifta støypt inn på loket. Denne oppskrifta har mykje dei same ingrediensane som oppskrifter frå 2009, med unnatak av gjær:

2 s Meel
6 - 8 Æg
1 1/2 Pot Melk
2 Thesker Gjær
3/4 s Sukker

Frå tungt kroppsarbeid til «vaffelmaskin»

Dei første vaflane vart steikte i jern med lange skaft over open eld. Slike kakejern vog mange kilo og vaffelsteiking må ha vore hardt kroppsarbeid på den tida. Eit stort framsteg såleis, må den nye typen vaffeljern ha vore, dei såkalla «vaffelmaskinane» på bilete 3 og 4. Dei var tilpassa dei nye jernkomfyrane som vart meir og meir vanlege på slutten av 1800-talet. No hadde vaflane fått den forma vi kjenner i dag; sirkelen med fem hjarte. Truleg var namnet «vaffelmaskin» eit uttrykk for at vaffelsteikinga no vart mykje meir effektiv!
 

kjelder:

Sæther, Nina Granlund 2001 Hjertet i folkekunsten. En hyllest til håndens arbeid, N.W.DAMM&SØN, Slovenia.
Dybdahl, Audun 1992: Matstell i eldre tidSteinkjer Museum, Steinkjer Trykkeri AS.
Kongsvik, Åse og Støfringsdal, Kari, 1999: Fjordamat. Kokeboka for Sogn og Fjordane, Selja forlag, Førde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR