Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. desember 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kvammen kapell



Kvammen kapell er ei arbeidskyrkje i betong og raud teglstein som står i bygda Kvammen, på sørsida av Førdefjorden i Askvoll kommune. Kyrkja, som har 300 sitjeplassar, vart vigsla 27. november 1977 av biskop Thor With. Kyrkja er teikna av arkitekt Alf Apelseth frå Ørsta. Kvammen kapelldistrikt er ein del av Askvoll sokn i Askvoll prestegjeld.

Arbeidskyrkja på Kvammen har form som ein skeiv pyramide, ei heller utradisjonell form. Kvammen høyrde til Vevring kommune fram til kommunerguleringane på 1960-talet.

Arbeidskyrkja på Kvammen har form som ein skeiv pyramide, ei heller utradisjonell form. Kvammen høyrde til Vevring kommune fram til kommunerguleringane på 1960-talet.

Eigar: Askvoll kyrkjekontor.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Særmerkt tak

Då Kvammen kapell stod ferdig var der folk i bygda som meinte at det fekk vere grenser for kunstnerisk utforming, og at kyrkja mest av alt minte om eit havarert fly. I dag vil dei fleste meine at Kvammen har ei fin og brukarvenleg kyrkje.

Kvammen kapell, som ligg i den austre delen av Askvoll, er ei av dei meir moderne kyrkjene i fylket vårt. Det mest iaugefallende med Kvammen kapell er taket. Det har form som ein skeiv pyramide og endar i ein spiss over alteret. Denne løysinga erstattar tårn og spir. Langs det skrånande mønet er det glas. Løysinga bryt med det elles firkanta preget på huset og gir dessutan godt lys i sjølve kyrkjerommet. Alterpartiet ligg i det austre hjørnet, og stolradene er tilsvarande plassert diagonalt.

Interiøret

Sjølve innreiinga er enkel med alterinventar i furu, stolar i rustfarga stoff og vegger i raud teglstein. Stiftar i veggen gjer teneste som nummertavle for salmane som skal syngast. Dei mange lyskuplane som heng ned frå taket gir godt lys i rommet, og det same gjer dei avlange vindauga oppe på veggene.

Arbeidskyrkja har sidesalar som kan nyttast til møterom og matsal, og ved særskilde høve som ein utvida del av kyrkjerommet. Når dørene vert opna, er der plass til over 300 menneske, medan kyrkjerommet åleine rommar om lag 120. I tillegg til dei nemnde romma, er her sakristi, kjøken, toalett og garderobe. Den praktiske brukskyrkja har alle romma på eitt golv. Det 12 meter høge klokketårnet er frittståande, knytt til kyrkja med ein mur i teglstein.

Kyrkje på Kvammen?

Det tok si tid frå diskusjonen om kyrkje i Kvammen starta og til huset endeleg kom opp. Alt i 1843 var det på tale å velje ein kyrkjestad på Kvammen framfor Vevring. Nordaustre del av dagens Askvoll kommune høyrde den gongen til Vevring kommune, men valet fall til slutt på Vevring. På 1930-talet vart ei nemnd sett i arbeid med tanke på å få reist eit kyrkjeleg samlingshus eller bedehus på sørsida av Vevring. Nemnda kom så langt at dei fekk lovnad på tomt, men krigen sette ein stoppar for planlegginga. Tidleg på 1960-talet måtte saka gjennom fyrst i Vevring kommune, og dinest i Askvoll kommune, etter at kommunegrensene vart endra og sørsida av gamle Vevring vart lagt til Askvoll kommune.

Tre alternativ

I 1964 vart så skulekjellaren i Kvammen vigsla til interimkyrkje i påvente av at bygda skulle få sitt eige gudshus. Årsaka til at saka drygde enno nokre år, var for ein stor del den vanskelege økonomien og parallelle planar om ein ny skule i Gjelsvik.

Kyrkjesaka kom for alvor på gli då Askvoll formannskap i 1970 vedtok at ein skulle finne ein eigna stad for bygningen og kontakte ein arkitekt som ville ta på seg å teikne ei moderne kyrkje. Valet fall på Alf Apelseth, arkitekten som også teikna Nordsida kyrkje i Stryn kommune. Men kvar skulle kyrkja stå? Folket i krinsane hadde ulike meiningar om den saka, det stod om tre alternativ. Det eine i nærleiken av gravplassen i Gjelsvik, det andre på høgda mellom Kvammen og Gjelsvik og det tredje på garden Ålen i Kvammen. Etter ein del diskusjon og fleire soknemøte, enda til sist stadvalet på Kvammen, slik soknerådet og arkitetekten gjekk inn for.

Kunst og inventar

Altertavla er ein enkel kross i raud teglstein. På alteret står to lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv, truleg frå 1964, og ein vinmugge i sølv.

Det meste av inventaret er frå 1977. Oddmund Ask har laga både preikestolen og døypefonten. Fonten er laga av 120 små trebitar som er limte saman. Dåpsfatet i sølv er frå 1964, og er ei gåve frå Nybrot bondekvinnelag. Dåpsmugga er også i sølv.

Ein sjuarma lysestake. Ein biletvev frå 1990 med motivet "Brudgommen kommer, gå Ham i møte" (Matt. 25,1-13), laga av Aud Sørheim Myklebust.

Kyrkjeklokka er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS, og er ei gåve frå Nybrot bondekvinnelag. Orgelet er opphaveleg laga i 1954 av Vestre Orgelfabrikk, eit såkalla Vestreharmonium.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR