Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Prestegarden i Førde



Prestegarden i Førde har truleg alltid lege på staden der den gamle prestebustaden framleis står, 350 m søraust for kyrkja på kanten av ein terrasse. I dag ligg det gamle prestegardshuset noko einsamt att mellom Førdehuset og ungdomsskulen, medan presten bur på den gamle skrivargarden.

Dette måleriet frå 1841 viser at ein allé førte fram til det staselege prestegardstunet i Førde på presten Søren Friis si tid. Hovudhuset vart rive i 1924. Målaren er ukjend.

Dette måleriet frå 1841 viser at ein allé førte fram til det staselege prestegardstunet i Førde på presten Søren Friis si tid. Hovudhuset vart rive i 1924. Målaren er ukjend.

Eigar: Selja forlag.

Datering: 1841.

Fotograf: Målar: Ukjend.

Prestegard frå 1666

Prestegarden omfatta før 1666 heile "Førde med Skei", som var det meste av jorda på nordsida av Jølstra frå Hornnes i vest til Skyttarkvia i aust. Den første opplysninga om husa på prestegarden er frå tida 1628-36, då presten Jakob Olufson Morsing "opbygde den paa Præstegaarden staaende Vaaning, hvori Præsten residerede".
Etterfølgjaren Peder Jørgensson Finde (prest 1637-91), var ein av dei rikaste og mektigaste menn i Sunnfjord, og kjøpte heile garden, som vart delt i tre i 1666: Førde prestegard, Ytre og Indre Skei. Prestegarden omfatta etter delinga fire jordstykke som ikkje hang saman: Skyttarkvia, Grovene, Bergum og sjølve gardsområdet ved prestegarden.

Prestegardstunet

Vi veit ikkje kva bygningar Peder Finde sette opp, men det verkar sannsynleg at han har bygd standsmessige hus på alle eigedomane, også på prestegarden. I 1672 vart sonen Henrik Finde kapellan under faren, truleg med bustad på Ytre Skei. Prestegarden tok han over då faren døydde.
Dei neste opplysningane om prestegarden har vi frå Gerhard Fischer: "Hovedbygningen er i presten Søren Friis' tid, antagelig omkring 1830, bygget sammen av to ældre bygninger (hvorav den ene skal ha staaet i Nordfjord, den anden i Sogn) og viser i det indre tydelige spor av dette. [....] Ikke mindst fra øst vil man faa et godt indtryk av hvor vakkert denne koselige prestegaard ligger..", skriv Fischer. Prestegardstunet på Friis si tid (prest 1823-56) får vi godt inntrykk av på eit måleri frå 1841 som viser kring 10 bygningar, plasserte mellom høge tre.

Nytt hus i 1924

Då Gerhard Fischer var i Førde i 1912, var dette gamle tunet relativt intakt og hovudbygningen lite endra sidan 1830. Men truleg var bygningane nedslitne, for i 1924 vart det avgjort å rive prestegarden. I januar 1925 vart prestegardshuset seld på auksjon for 2 050 kroner, og seinare på våren rive ned. Materialane vart brukte til å byggje ny gamleheim i Grovene. Det nye prestegardshuset vart bygt i 1924 attmed det gamle og i same stil.


Det vart ikkje skilt ut bruk frå prestegarden før på 1890-talet (Skyttarkvia og Bergum). Utover på 1900-talet vart meir av prestegardsjorda teken til bustader, særleg etter krigen, då Prestebøen vart bygd ut. Gardsdrifta på prestegarden tok slutt på 1960-talet.

Presten flytta

Prestegardshuset frå 1924 vart etterkvart i så dårleg stand at han ikkje lenger høvde som bustad for presten i Førde. Særleg ille var det om vintrane når det var kaldt. Då Anders Myklebust kom til Førde som prest i 1975, tilbaud kommunen han den tidlegare skrivargarden på Volden som prestebustad. Få år seinare vart skrivargarden gjort om til permanent prestebustad i Førde, og bygningane der vart rusta opp. Den gamle prestegarden står framleis att, og blir brukt av Sogn og Fjordane Teater, og som kunstnaratelier.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde - kulturhistorisk vegvisar. Førde 1998.
Fischer, Gerhard: Fra Førde. I Årbok for Fortidsminneforeningen 1913 s. 168-77. Oslo.
Førsund, Finn B.: Førde bygdebok. band 2. Førde 1992.
Steen, Fredrik M.B.: Førde i gamle dager (upubl.)
Opplysningar frå:
Anders Myklebust, Førde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR