Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Underbuksehistorie



Kva brukte folk inst mot kroppen her i Nordfjordbygdene på 1800-talet og tidlegare? Kva var skikk og vanleg bruk? På bilete, teikningar og i beskrivingar frå 1800-talet, er det oftast dei ytste kleda vi får vite noko om. Det er også dei synlege kleda det er forska og skrive mest om.

Eksempel på kvinneunderbukse i voven ull frå Gloppen. Lengda er 69 cm frå livet og ned. Denne underbuksa er truleg heimevoven av heimespunne garn. Den er ufarga og har opning i kvar side som med knappar og bomullsband i livet. Liningen er bomullskanta. Nedst på beina er det kanting av silketricot med strikk inni. Stoffet er laust vove og er lett og mjukt. Som dei fleste underbuksene i Nordfjord folkemuseum si samling, er den ikkje veldig gamal, sjølv om typen godt kan vere gamal. Truleg er den frå tidleg på 1900-talet, etter som det er brukt tricotasje, men tricotasjen kan også vere sydd på i seinare tid. Det er brukt symaskin til å sy buksa saman, så den kan ikkje vere eldre enn 1870-talet då symaskina kom hit til bygdene.

Eksempel på kvinneunderbukse i voven ull frå Gloppen. Lengda er 69 cm frå livet og ned. Denne underbuksa er truleg heimevoven av heimespunne garn. Den er ufarga og har opning i kvar side som med knappar og bomullsband i livet. Liningen er bomullskanta. Nedst på beina er det kanting av silketricot med strikk inni. Stoffet er laust vove og er lett og mjukt. Som dei fleste underbuksene i Nordfjord folkemuseum si samling, er den ikkje veldig gamal, sjølv om typen godt kan vere gamal. Truleg er den frå tidleg på 1900-talet, etter som det er brukt tricotasje, men tricotasjen kan også vere sydd på i seinare tid. Det er brukt symaskin til å sy buksa saman, så den kan ikkje vere eldre enn 1870-talet då symaskina kom hit til bygdene.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2006

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Sparsamt med opplysningar

I Nordfjord folkemuseum (NMF) si samling er det ein god del underklede, men kulturhistoria rundt er det verre å få greie på. Naturleg nok, kanskje. Men opplysningar finst. Som til dømes hjå folkelivsgranskaren Eilert Sundt som på midten av 1800-talet reiste rundt på bygdene i Noreg og samla opplysningar om korleis «almuen» levde. I bokaOm renligheds-stellet i Norge er det ein del å lese om saka.

Underbuksa - ei ny oppfinning

Og, held dykk fast, underbukser var rett og slett ikkje vanleg å bruke på bygda før midten av 1800-talet! Dette gjaldt både for kvinner og menn. Sundt rapporterer mellom anna at i ei bygd i fylket vårt var det ei «tauskone» som fyrst byrja med å bruke underbukser ein gong rundt 1830, og at «hun blev riktignok hedende Brok-Kari for det samme, ja, da en mand siden fulgte exemplet, fik han også samme navn». Det var altså så uvanleg å bruke underbukser på denne tida at ein fekk kallenamn for det.

Ei kvinne av i dag ville vel ikkje gått utan truse under skjørtet, sjølv om skjørtet var aldri så sidt. Det ville høgst truleg stridd mot hennar kjensle av kva som sømer seg. Tidleg på 1800-talet var det altså heilt motsett, det var usømeleg for kvinna å gå med underbukser under skjørtet!

Luftige kvinneunderbukser

Oppsiktsvekkjande for oss i dag er også at kvinneunderbuksene kunne vere opne i skrittet! Slike underbukser vart kalla openbukser. Openbuksa hadde to bein som berre var haldne saman i midja og som ikkje var sydd saman i skrittet. Dagens kvinner ville oppfatta ei slik openbukse som i høg grad vågal. Men slik var det altså ikkje for kvinna for 150 år sidan. Kva som kjennest sømeleg har på desse punkta snudd heilt om.

Men kvifor gjekk dei ikkje med underbukser først på 1800-talet? Å sjå litt på nokre praktiske tilhøve i tida kan, om ikkje gje heile forklaringa, så iallefall gjere det meir forståeleg.

Skjørtet som privat avtrede

Do fanst i liten grad som private rom på denne tida. Do var ofte kollektive, eller folk gjorde sitt "fornødne" ute. Når kvinner skulle «lette sine behov», kunne dei enkelt og greitt gå litt unna folk, stå oppreiste med svai i ryggen og lett bøygde kne og halde skjørtet litt ut i frå seg Kvinnene kunne då nokså usett gjere sitt "fornødne". Dette skjedde gjerne på faste plassar. Det seier seg sjølv at det i dette ærendet var praktisk å ikkje ha underbukse eller å ha ei bukse som ikkje var sydd saman i skrittet når alternativet var å dra opp skjørtet, dra ned underbuksa og sette seg på huk. Sett i lys av dette kan ein forstå at det sømelege faktisk var å gå utan underbukse eller å ha opning i ho.

Å spare på tøy og arbeid

Vi kan også få ei forståing av «underbuksevegringa» når vi veit at stoff og tråd til produksjon av klede var mykje høgare verdsett av folk på 1800-talet enn det er for oss i dag. For å få eit ferdig plagg, låg det ein lang arbeidsprosess bak. Klede av ull, hamp og lin gjekk den lange vegen frå råprodukt til ferdige klede gjennom folk sine eigne hender. Det var ikkje overflod av noko. Vanlege folk på bygdene i Norge hadde lite, og det gjaldt å greie seg med det vesle ein hadde. Sett i lys av dette, kan ein tenkje seg at underklede var ein unødig luksus.

Korleis halde varmen

Korleis heldt dei varmen, særleg vinterstid, utan underbukser? Lange overdelar i ull var vanleg om vinteren for både kvinner og menn. Desse var lange, gjerne til litt ned over låra. På det viset vart også underkroppen varm. Menn hadde bukser og kvinner hadde ullskjørt og ullunderskjørt. Begge kjønn hadde ullstrømper.

For kvinnene må det likevel ha vore trekkfullt og kaldt under stakken på kalde vinteren. Sundt bekreftar dette når han skriv at ulike underlivsplagar var eit hyppig problem hjå kvinner. Det kom då også etterkvart oppmodingar frå helsemyndigheitene om å bruke underbukser. For kvinna si helse var fråveret av underbukser av det vonde.

Materialar og teknikk

Når underbukser etterkvart kom i bruk, var dei først handsydde av vove ullstoff. Strikka underklede av ullgarn kom rundt midten av 1800-talet, først strikka undertrøye, så strikka underbukse. Då strikkemaskinen kom i bruk, vart dei strikka underbuksene regelen.

I byrjinga gjekk kvinnene helst bukselause under skjørtet om sommaren, men brukte ullunderbukse om vinteren. Etterkvart som bomull vart vanleg, brukte dei ull og bomull parallellt, avhengig av årstida. I ei minneoppteikning frå Gloppen vert underkleda til ei eldre kvinne fødd 1838 beskriven. Denne kvinna brukte ulltrøye nærast skinnet, hadde smårukka ullunderskjørt i einskjeft og bukse av vadmål om vinteren og heimevove vendaty av bomull om sommaren. Det var solide saker, står det. Fasongen var «halvebrok» av nikkerstypen. Dette utstyret hadde kvinna på sine eldre dagar, på byrjinga av 1900-talet.

«Trods den fordom som var iveien»

At det vart meir utbreidd med underbukser, kan også ha samanhang med at bomull kom meir og meir i bruk frå midten av 1800-talet. Ein kunne kjøpe tråd og veve stoffet sjølv eller kjøpe ferdig stoff. Det siste var nok luksus i byrjinga. Ein kunne også kjøpe bomull og spinne heime.

Eilert Sundt meinte iallefall at det var ei stor føremon at ein fekk bomullslerret : «Ikke alene til skjorter og særker, men også til underbukser - et plag som i det sidste halvhundrede år har holdt på at komme i brug selv blandt almuekvinderne, trods den fordom, som var i veien».

Mest ubrukte underklede

Mykje av underkleda på museet ser ubrukt ut, og kanskje er forklaringa at det har vore så gamaldags i den tida det vart produsert, at det har vorte liggjande? Underklede vart som regel ikkje tekne vare på for ettertida. Stort sett er det staskleda vi har att etter våre forfedre. Underkleda blei «brukte opp». Vi har til dømes ikkje openbukser i samlinga, så om nokon har det på lager, er det berre å kontakte museet (Nordfjord Folkemuseum).

kjelder:

Frykmann, Jonas: Den kultiverade människan. Gleerups, Kristianstad. 1979.
Ryssdal, Marie: Husflid og handarbeid i tida ca.1850-1940. Særtrykk av Soga om Gloppen og Breim. Sandane. 1979.
Sundt Eilert: Om renligheds-stellet i Norge. Gyldendal Norsk forlag, Gjøvik 1975.
Riddervold, Astrid: - Og hva hadde de så under -? Undertøy i Norge 1860-1930. I Dugnad ¾. Novus forlag, Oslo 1987.
Lokalhistorisk innsamlingsarbeid for eldre, Gloppen friundervisning. Er på Folkebiblioteket på Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR