Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautastein ved gardstunet på Åsebø



På Åsebø står ein bautastein tett attmed gardstunet på ein stad dei kallar "oppå Dala". Etter tradisjonen skal han vera oppsett på gravhaugen til ei forvist kvinne av høg byrd.

Bautasteinen står på ein vid haug eller knaus der det er tilvakse med skog på vestsida, men opnare lende austover.

Bautasteinen står på ein vid haug eller knaus der det er tilvakse med skog på vestsida, men opnare lende austover.

Eigar: Fylkesarkivet i Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bautasteinen

Bautasteinen på Åsebø, gnr. 60, bnr. 1, står på oppsida av vegen, kring 200 meter nordvest frå gardstunet. Dei kallar staden for oppå Dala. Steinen står på ein stor haug der det er tilvakse med store grantre i vestre enden, men opnare lende austover. Han er omlag 1,8 m over jorda, 15 cm tjukk og 30 cm brei nede, men noko smalare oppover. Steinen vart ein gong teken ned, men straks etter reist opp att. Det er ikkje spor av innhogne teikn av noko slag.

Kva ei segn fortel

Ei gamal segn seier at det i gamal tid her på Åsebø budde ei kvinne av høg byrd som var dømd fredlaus i heimlandet sitt og forvist til å bu ein stad ho korkje såg sjø eller vatn. Difor kom ho hit og vart buande på Åsebø. Bautasteinen skal vera reist over henne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergen Museum - Førhistoriske minne på Vestlandet. Fettavsnitt.
Os, Edvard: Eid og Hornindal. 1953.

PERMANENT IDENTIFIKATOR