Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bjordal kyrkje



Bjordal kyrkje er ei langkyrkje i tre som ligg i bygda Bjordal på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Kyrkja, som har 167 sitjeplassar, vart vigsla 1. november 1906. Arkitekt var Victor Nordan (1862-1933). Bjordal kyrkje hadde status som kapell fram til 1. januar 1997. Då vart kyrkjesokna i Lavik prestegjeld omorganisert, og Bjordal og Ortnevik sokn skipa.

Bjordal kyrkje er ei lita og enkel kvitmåla kyrkje. Ho rommar om lag halvparten så mange menneske som nabokyrkja i Ortnevik. Kyrkja ligg uvanleg flott til på eit høgdedrag med utsyn både mot fjorden og dalen.

Bjordal kyrkje er ei lita og enkel kvitmåla kyrkje. Ho rommar om lag halvparten så mange menneske som nabokyrkja i Ortnevik. Kyrkja ligg uvanleg flott til på eit høgdedrag med utsyn både mot fjorden og dalen.

Eigar: Lavik kyrkjekontor.

Datering: 1999.

Fotograf: Egil Danielsen.

Lita kyrkje

Bjordal kyrkje er lita og enkel. Ho har plass til om lag halvparten så mange menneske som nabokyrkja i Ortnevik, trass i at innbyggjartalet i Bjordal er det doble. Kyrkjeskipet er 10,5 x 8 m, koret 4 x 3,8 m og våpenhuset 1,6 x 2,6 m. Men forholda var annleis då kyrkja vart reist. Dei som la planane, rekna vel ikkje med nokon stor vekst verken med omsyn til folketal eller industri. Men om kyrkja ikkje er prangande, ligg ho til gjengjeld uvanleg flott til - på eit høgdedrag med utsyn både mot fjorden og dalen.

Alle kyrkjer har noko særeige ved seg, og i Bjordal er det ein detaljrikdom i kyrkjeinteriøret som knappast finst nokon annan stad. Kyrkja har vindauge i det innvendige taket, både i skipet og i koret. Desse vart monterte i samband med at kyrkja fekk elektriske lys i 1953. Enkle pærer er monterte oppe under mønet, og heng ned over glasa slik at dei som sit i benkene får godt med lys. Difor er det stort sett ikkje trong for anna lys enn kuplane under galleriet og lysekruna med stearinlys midt i kyrkjeskipet.

Interiøret

Då ho stod ny var kyrkja gulmåla innvendig. Over kordøra stod det ein kvit kross, og bakom var det måla på veggen eit landskapsmåleri som synte soloppgang og eit fjellandskap. Alt vart fjerna då kyrkja vart måla om i 1965. Og i staden for den varme gulfargen vart veggene måla grå. Brystninga både i skip og kor fekk ein lys beige farge.

Tidlegare stod det to gamle vedomnar framme i kvart hjørne i kyrkjeskipet, men i 1958 fekk kyrkja elektriske omnar. Den symbolske åttekantforma går att både i preikestolen og i døypefonten. Desse, som det øvrige interiøret, har eit enkelt utført målararbeid. Dei friske detaljane i kyrkjerommet finst òg i dei to rektangelforma vindauga på kvar side i skipet. Her er dei øvste rutene fargelagde i både raudt, gult og grønt. Kyrkja innvendig har elles kvitmåla flatt tak på midten, som skrånar ut mot veggene.

Sett utanfrå har kyrkja det vanlege våpenhuset i tårnfoten, og over eit tårn med spir som kviler delvis inn på takmønet. Ved inngangen har kyrkja eit tilbygg som i dag vert nytta til kjøken. Då det vart sett opp i 1965, gjorde det teneste som toalett. Frå 1983 vart toalettet flytta til eit eige hus som dessutan inneheld bårerom og reiskapsrom. Elles har kyrkja dei vanlege sakristia framme på kvar side av koret.

Lang kamp

I 1869, opplevde dei eit stort nederlag i bygda då det vart reist ei ny og endå større kyrkje på Kyrkjebø enn det som hadde stått der tidlegare. Folket ved Fuglesetfjorden sat att med lite og inkje. Dei nådde ikkje fram med sitt inderlege ønskje om eiga kyrkje. Dei mangla nok dyktige folk som kunne greie å fremje saka med tyngde. Den fyrste søknaden vart sendt så tidleg som i 1856. Kommunestyret uttalte seg alltid like positivt, men ingenting skjedde.

Det tok mange år frå ønskjet om eiga kyrkje i Bjordal vart fremja og til gudshuset omsider reiste seg. I slutten av august månad i 1896 vart det kalla saman til eit folkemøte som skulle ta føre seg spørsmålet om kyrkje. Møtet vart halde hjå Ola Bjordal og mest kvar einaste husfar frå Vamråk til Åkre møtte opp. Dei eldre kunne fortelja om korleis det i 1860-åra vart arbeidd med saka, og det store vonbrotet og harmen det vekte at arbeidet deira var til fånyttes. Alle tala for at kyrkjespørsmålet no måtte takast opp att. Ingen tala mot, og alle var samde om at kyrkjestaden måtte vere Bjordal.

Etter møtet vart det sendt søknad med mange vedlegg til Kyrkjedepartementet. Det skulle gå tre år før kyrkjeforkjemparane fekk tilbakemelding frå departementet, og då etter at dei hadde purra. Departementet rådde til at det vart reist eit kapell, ikkje kyrkje. Grunngjevinga var at tida enno ikkje var mogen for ei deling av prestegjeldet. Byggjenemnda måtte gi seg på den saka, for alternativet var at dei ikkje fekk byggje gudshus i det heile. Men undervegs vart planane om kapell likevel omgjort til kyrkje.
Då kyrkja vart vigsla i november månad i 1906 var gleda. No slapp dei endeleg den tunge kyrkjeferda over Sognefjorden til Kyrkjebø.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1935 er eit glasmåleri, laga av Egill Rognaldsen. Motivet er Jesus på krossen. Glasmåleriet var opphavleg laga til ei anna kyrkje, men der fekk kyrkjelyden likevel ikkje råd til å kjøpe det. I Bjordal fekk dei så tilbod om å kjøpe det og takka ja.

På alteret står to lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret i sølv er ein kalk, ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne. Døypefont er teikna av arkitekt Jacob Wilhem Nordan, far til arkitekten til Bjordal kyrkje. Dåpsfatet og dåpsmugga er i sølv. Ei lysekrone i messing er kosta av utflytte bygdefolk i Bergen. Preikestolen er laga av Jo Hove, og er, til liks med det meste av inventaret, frå 1906.

To biletvevteppe frå 1993; "Tru, von, kjærleik", og Evangelist-symbola, er laga av Maren Erland. Det fyrste biletet syner kyrkjeskipet under Guds hand; nede til venstre krossen (tru), i midten ankeret (von) og til høgre hjarta (kjærleik); medan det andre syner dei fire symbola for evangelistane: menneske, løve, okse og ørn.

Orgelet er laga i 1898 av Olsen og Jørgensen, og har sju stemmer. Det kom til Bjordal i 1955 frå Møre. Kyrkjeklokka er frå 1906 og er laga av Olsen Nauen klokkestøperi.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Bjordal kyrkje 1906-1931. Høyanger bokhandels trykkeri. Høyanger, 1931.

PERMANENT IDENTIFIKATOR