Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 22. august 2018

Kategori

Kommune

Sæle kyrkje



Sæle kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på garden Sæle i Balestrand kommune. Kyrkja, som har 170 sitjeplassar, vart vigsla 28. april 1903 av biskop Johan Willoch Erichsen. Arkitekt Hans Jakob Sparre laga teikningane. Sæle kyrkje overtok som soknekyrkje i Kvamsøy sokn frå Kvamsøy kyrkje. Kvamsøy sokn høyrde den gongen til Vik prestegjeld, men vart overført til Balestrand i 1964.

Trass i at motstanden mot å byggja ny kyrkje var stor i dei indre delane av Kvamsøy sokn, vart ny soknekyrkje bygd på Sæle i 1903. Noko dei som budde i dei ytre delane av soknet hadde kjempa for.

Trass i at motstanden mot å byggja ny kyrkje var stor i dei indre delane av Kvamsøy sokn, vart ny soknekyrkje bygd på Sæle i 1903. Noko dei som budde i dei ytre delane av soknet hadde kjempa for.

Eigar: Sognafoto.

Datering: 2002.

Fotograf: Grunde Engan.

Ny kyrkjestad

Skulle dei byggje ny kyrkje, eller halde på den gamle? Striden er kjend frå mange stader, og ein slik strid var opptakten til bygginga av den stilfulle kyrkja på Sæle. Dei som budde i ytste delen av soknet arbeidde for ei ny kyrkje plassert på Lindane eller Sæle, medan resten av kyrkjelyden ville behalde Kvamsøy-kyrkja. Den ærverdige steinkyrkja hadde gjort nytten gjennom århundra, og var meir enn god nok, meinte dei som sette seg imot. Dessutan var det altfor dyrt å byggje ny kyrkje. Den gongen som no strekte soknet seg like frå Kollangsneset og grensa mot Høyanger i Lånefjorden til Stokkabø, ikkje så langt frå Holmen i Balestrand. Soknet høyrde då til Vik prestegjeld, men då vegen kom langs fjorden her i 1963, vart Kvamsøy overført til Balestrand.

Bygd samstundes med Gaupne kyrkje

Trass i motstanden mot ny kyrkje i dei indre delane av soknet arbeidde ivrige sjeler i den andre delen jamt og trutt for kyrkjesaka. I 1890 signerte 61 husfedre på ein søknad om ny kyrkje lenger vest. I fyrste omgang fekk dei nei både hjå soknestyret og i Kyrkjedepartementet, men då dei tre-fire år seinare gjekk i gang med pengeinnsamling vart det fortgang i planlegginga. I 1896 fekk forkjemparane endeleg grønt lys frå departementet. No kunne dei velje byggjekomite og gå i gang med førebuinga til nytt kyrkjebygg.

Byggmeister Anders Korsvold fekk tilslaget på sjølve bygginga. Det kan synast som om kyrkja ikkje var heilt ferdig då ho vart vigsla, ettersom eldre folk har fortalt at same byggmeisteren som hadde arbeid gåande på Sæle, bygde Gaupne kyrkje i Luster samstundes. Likskapen mellom desse to kyrkjene er slåande. Sæle kyrkje er middels stor, skipet er 12,5 x 11,4 m, koret 4,7 x 6 m og våpenhuset 3,1 x 5,9 m.
Grunnmuren vart reist av stein frå Lindane, og for å få han fram, måtte det fyrst byggjast veg ut til steinbrotet. Materialane til kyrkja er av gran, som kom ferdig skoren frå Austlandet til Sæle på ei stor skute. Han vart lagd i sjøen i to-tre døgn, slik at ikkje makk eller mòl skulle setje seg i treverket. Prisen for bygget med omnar, pipe og brannmur kom på 15 350 kroner. Då var mellom anna ikkje grunnmur og teikningar medrekna.

Kyrkjebygningen

Frå fyrst av vart kyrkja måla matt lysegul utvendig, med mørk brune hjørnebord og listverk. Kyrkjegranskar Bendixen har skildra både utsjånaden og interiøret inngåande. Han skreiv mellom anna at tårnet var stilt på tvers oppå kyrkja med gjennomskoren forbygning, og med utskorne drakehovud lik dei på Borgund stavkyrkje. Arkitekten hadde henta inspirasjonen frå den gamle stavkyrkja til utforminga av bygningen. Dei klassiske trekka frå dei eldste kyrkjene våre går også att i sjølve grunnforma i bygget, med heva midtskip og sideskip. Dessutan er tårnspiret tydeleg forma med takryttaren som førebilete. Inne på kvar side av midtskipet er der søyler som framleis har spor på kapitéla frå den tida dei var måla. Nede på kvar av sideveggene er der tre felt med små boga vindauge, tre vindauge med blyinnfatning i kvart felt. Oppe på veggene i midtskipet er der store vindauge utforma på same måten. Alle rutene er i duse fargar. Ein pen detalj sett frå utsida, er dei små søylene med kapitél mellom kvart vindauge.

Kyrkja i dag er lite endra utvendig. Det siste byggjearbeidet som er gjort, er bygging av toalett ved sida av våpenhuset i 1998. Sjølve kyrkjerommet fekk eit lunare preg etter at dei grøne veggene vart luta i samband med den siste oppussinga rundt 1970. Då vart også benkene måla om i fargane dei har i dag. Ansvarleg for avlutinga og målararbeidet var Jon Atterås. På denne tida vart også den gamle vedomnen i skipet fjerna. Han var i bruk fram til kyrkja fekk elektrisk varme i 1954. Galleriet i Sæle kyrkje har ei noko uvanleg utforming, det er ein god del smalare enn skipet og delvis "innskore" i tårnet. Der står det moderne orgelet, som kom på plass i 1994. Elles har kyrkja berre eitt sakristi ved sida av koret, prestesakristiet på nordsida. Dåpssakristiet er innreia ved sida av våpenhuset, også det på nordsida.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1935, er måla av Anton Gundrosen. Teksten under tavla er "Fader, i dine hender gjev eg mi ånd". Då kyrkja var ny, stod det ein enkel kross på alteret. Der det i dag står to lysestakar i sølvplett frå 1903 og ein sjuarma lysestake frå 1964. To smijerns golvlysestakar er frå 1977. Nattverdsutstyret er ein disk, ei brødøskje og ei vinkanne i sølv frå kring 1900. I tillegg kjem ein kalk, med innskrifta "Wangs Kirche i Urland". Kalken frå Vangen kyrkje er utlånt til Sæle kyrkje frå 1930 av.

Preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1903. Dåpsfatet i sølvplett er òg frå 1903. Det har innskrifta "Lader de smaa barn komme til mig". Messehakelen frå 1760-1790 i svart fløyel er opphavleg frå Kvamsøy kyrkje.
Orgelet frå 1982 har to manualar og 30 stemmer, Allen Digital Computer Organ. Kyrkjeklokka er frå 1902, og er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.