Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 13. mars 2005

Sist oppdatert 19. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Den nye kongen og kongefamilien



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Denne artikkelen handlar om den nye kongen og kongefamilien.

Kong Haakon VII går i land i Norge 25. november 1905. Dronning Maud fylgjer like etter og vi skimtar kronprins Olav på armen til einkvan heilt til høgre. Krigsskipet Heimdal la til kai med kongefylgjet ved Vippetangen bryggje ved Akershus festning. Kristiania by hadde sett opp ein mottakshall der ordføraren, vegdirektør Skougaard, ynskte kongen velkomen til hovudstaden.

Kong Haakon VII går i land i Norge 25. november 1905. Dronning Maud fylgjer like etter og vi skimtar kronprins Olav på armen til einkvan heilt til høgre. Krigsskipet Heimdal la til kai med kongefylgjet ved Vippetangen bryggje ved Akershus festning. Kristiania by hadde sett opp ein mottakshall der ordføraren, vegdirektør Skougaard, ynskte kongen velkomen til hovudstaden.

Eigar: I Unionens opløsning i 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Rude.

Bakgrunn

7. juni 1905: "Norges trone ledig." var ei av overskriftene i Florø-avisa Nordre Bergenhus Amtstidende same dagen som 7. juni-vedtaket i Stortinget. Den norsk-svenske unionskongen Oscar 2. var ikkje lenger Norges konge. Stortinget hadde gjeve regjeringa mynde til mellombels å utøva den makta som etter Grunnlova låg til Kongen.

To spørsmål dukka straks opp. Det fyrste: Kven skulle verta ny konge i landet? Det andre: Var det sjølvsagt at landet skulle halda fram som kongedømme? Burde ein ikkje heller innføra republikk som statsform?

Meiningsskilnaden kom klårt til syne då Stortinget 7. juni også vedtok å senda ei "adresse" (brev) til den "avsette" kong Oscar med tilbod om at ein svensk prins kunne verta den nye kongen. I brevet understreka Stortinget at arbeidet og kampen for fullt norsk sjølvstende ikkje var "begrunnet" i uvilje mot kongehuset eller det svenske folket.

Arbeidarpartiet sine fem representantar røysta mot å senda ei slikt tilbod. Dei mest overtydde republikanarane sa straks tydeleg frå om at dei ikkje såg på spørsmålet om framtidig statsform som avklart. Dei sende ut eit flygeblad der det var formulert ein kraftig "Protest mod ethvert Skridt fra Regjerings og Stortings Side, som gaar ud paa at tilsidesætte Folkets Vilje eller binde dets Selvbestemmelseseret i valget af ny Regjeringsform!"

Ei tid seinare vart det frå styresmaktene også teke meir uoffisiell kontakt med det danske kongehuset. Den 33 år gamle prins Carl var ein aktuell tronkandidat. Han var gift og prinseparet hadde ein to år gamal son.

Etter Karlstadsemja i september - det endelege skilsmålet mellom Norge og Sverige som unionspartar - takka det svenske kongehuset formelt nei til tilbodet om å stilla ein svensk prins som kongekandidat. Den danske prins Carl var no det einaste alternativet. Stortinget vedtok 31.10 med 87 mot 29 røyster å be regjeringa ta opp forhandlingar med prins Carl om han var villeg til å la seg velja til Norges konge.

Resultatet vart at prins Carl sa seg villeg til å la seg velja til norsk konge, men berre på vilkår av at folket gav si tilslutning gjennom folkerøysting. Ved folkerøystinga 12. og 13. november svara ca 80% ja til kongeval. I røynda var denne folkerøystinga eit val om statsform, kongedømme eller republikk

Stortinget kåra konge 18. november

Den 18. november gjorde Stortinget samrøystes fylgjande vedtak:

Norges storting kaarer til Norges konge: Hans kongelige høihet prins Carl af Danmark.

I same møtet valde Stortinget ein deputasjon til å reisa til Danmark for å bera fram bodskapen til Kongen av Danmark og for å ta imot kongens samtykke til at prins Carl mottok valet.

Melding om kåringa nådde likevel fram til Danmark lenge før deputasjonen. Det vart straks sendt telegram til prins Carl, og svaret kom same dagen. Det vart sett nytt stortingsmøte kl. 20.45. Svar-telegrammet frå prins Carl til stortingspresidenten hadde denne ordlyden:

Med Hans majestæt kongens, min høie bedstefaders, tilladelse agter jeg at modtage valget til Norges konge, idet jeg antager navnet Haakon den syvende og tillægger min søn navnet Olav.
Guds rige velsignelse nedbeder min hustru og jeg over det norske folk. Dets ære og lykke vil vi vie hele vort fremtidige liv. Carl.

Deputasjonen på Amalienborg slott

Den 20. november tok kong Christian IX imot den norske deputasjonen i tronsalen på Amalienborg slott. Formannen, stortingspresident Christian Berner, bar i ein kort tale fram spørsmålet om kong Christian gav sitt samtykke til at prins Carl let seg velja til konge i Norge, Kong Christian svara med eit fast ja, og sa mellom anna desse orda:

Du min kjære sønnesønn, har tjænt dit fædreland og din konge med troskab, og derfor er jeg vis paa, at du vil gaa ind til dit nye, ansvarsfulde hverv med god vilje til å fylde din plads. Din far og mor, din hele slægt, det danske folk og jeg, din gamle konge og bedstefader, alle føler vi varmt for dig i denne høitidelige stund. Gaa med Gud, mit kjære barnebarn, du fra det land og den slægt, der har fostret Eder, og op til det land og det folk, som har kaldt Eder, og tag Eders gamle konges velsignelse for Eders, Eders slægt og Eders gjerning med Eder nu og bestandig. Hermed Gud befalet.

"Alt for Norge"

Same dag var deputasjonen i audiens hjå Kong Haakon og Dronning Maud. I den fyrste offisielle talen sin som norsk konge sa kongen noko om kvifor det hadde vore avgjerande for han med folkerøysting:

Jeg vilde have sikkerhed for, at det var et folk og ikke et parti, som ønsket mig til konge, da min opgave fremfor alt bør være at samle, ikke splitte. Mit liv vil jeg hellige Norges vel, og det er min hustrus og mit inderlige ønske, at det folk der har valgt os, vil enigt samarbeide og stræbe frem imod dette store maal, og med fuld fortrøstning kan jeg da som mit valgsprog tage: Alt for Norge.

Til Norge

I sekstida om kvelden den 24. november kom den nye kongefamilien til Horten om bord på den danske kongeyachten "Dannebrog" som var eskortert av eit par danske, eit tysk og eit engelsk krigsskip. Neste morgon, laurdag 25. november, segla flåten, som no hadde fått tilslutning av fleire norske orlogsskip, inn Oslofjorden. Utanfor Oscarsborg gjekk kongefamilien over i det norske krigsskipet "Heimdal" som venta der med den norske regjeringa om bord. Då kongen med kronprins Olav på armen saman med dronninga kom om bord i "Heimdal", heldt statsminister Michelsen ein kort velkomsttale:

Herre konge! Paa Den norske regjerings vegne og i det norske folks navn bringer jeg vort unge kongepar den første hilsen på "Heimdals" dæk under det frie Norges trefarvede flag.
I snart 600 aar har det norske folk ikke havt sin egen konge. Aldrig har han helt været vor egen. Altid har vi maattet dele ham med andre. Aldrig har han havt sit hjem iblandt os. Men der hvor hjemmet er, der bliver ogsaa fædrelandet. (..) Det norske folk elsker sin frihed og uafhænhengighed, sit selvvundne selvstyre over alt andet. Sammen med folket selv at verne og hegne herom vil være kongens ære og største glæde. Derfor vil i dag det norske folk i jublende glæde hilse eder velkommen i det hjerteligste ønske:
Leve Norges konge og dronning!

Kongen takka for den hjartelege helsinga og sa:

Kaldet ved dette folks tillid til at være Norges konge, vil jeg sætte al min vilje og alle mine evner ind paa arbeidet for at befordre Norges velfærd og lykke. Men forudsetningen for, at dette mit arbeide skal lykkes, er, at jeg tør regne paa det norske folks tillid og støtte. (..) Lad os alle samle os i et L e v e N o r g e!

Kongeinntoget i hovudstaden

"Heimdal" la til ved bryggja på Vippetangen ved Akershus festning. Tusenvis av glade og forventningsfulle menneske var møtt fram, trass surt og kaldt novemberver. Etter at kongefamilien hadde gått i land på norsk jord, heldt ordføraren i Kristiania, vegdirektør Skougaard velkomsttale. Seinare heldt stortingspresident Berner velkomsttale på slottet.

Kongeleg eid og fyrste statsråd

Måndag 27. november avla kongen denne eiden i Stortinget: "Jeg lover og sværger at ville regjere kongeriget Norge i overensstemmelse med dets konstitution og love, saasandt hjelpe mig Gud og hans hellige ord!

Same dag vart det fyrste statsrådet med kong Haakon VII halde på Kristiania slott. Berre ei sak var føre: Utnemning av regjering. Regjeringa Michelsen si mellombelse regjeringstid etter fullmakt frå Stortinget av 7. juni var no komen til ende. Kongen utnemnde heile regjeringa til å halda fram.

Helsingstelegram frå heile landet

I dagane frå kongevalet til inntoget i Kristiania strøymde det inn helsingstelegram til kongeparet frå heile landet. Kongeparet svara med takketelegram. Den store hendinga vart også markert på andre måtar, ved flagging, saluttering og folkefestar. Nedanfor fylgjer fem døme frå Sogn og Fjordane.

Republikanarane tapte valet om republikk ved folkerøystinga i november. Men når slaget var tapt på demokratisk måte, valde dei fleste å helsa den nye kongen velkomen framfor å surmula. Fjordenes Blad på Nordfjordeid som hadde agitert sterkt for republikk, uttrykte seg svært kongevennleg i ein leiar 22.11. Bladet skreiv:

Kongefamilie vil lørdag holde sit indtog i Norges hovudstad. Hele det norske folk vil hilse den med et opriktig: V e l k o m m e n! Uanseet politisk opfatning af spørgsmaalet kongedømme eller republikk, bøier vi os i et levende ønske om at det trufne valg maa bli til fædrelandets hæder og gavn!
Leve det frie, selvstændige Norges konge og dronning! Leve kong Haakon VII og dronning Maud!

Amtmann Utheim, ein overtydd republikanar som i skrift og tale hadde agitert for republikk, sende fylgjande telegram på inntogsdagen:

Paa egne og Folkets vegne i Sogn og Fjordene sender jeg Deres Majestæt min ærbødigste Hilsen med Ønske om, at Gud vil signe denne Dag og Lykke til for Kongehus, for Folk og Fædreland.

I Balestrand heldt dei folkefest på Hotel Balestrand og sende telegram til kongen:

Indbyggerne i Balestrand samlet til Fest bringer herved i Tak til Gud og dybfølt Glæde Norges Konge og Dronning sin varme og hjerteligste Hyldest med Ønske om en lang og lykkelig Regjering.

Det var fyrt av kongesalutt og om kvelden eit "smukt" fyrverkeri.

I Askvoll feira dei kongeinntoget med flagging og salutt. Også amtsskipa "Alden" og "Stavenes" som begge hadde ruter framom midt på dagen, hadde flagga på full mast og salutterte. Dagen etter kunne det høyrast salutt frå fleire stader i høve dronninga sin fødselsdag.

Ein stad i Indre Nordfjord var ein gamal mann på mellom 60 og 70 år tidleg oppe på inntogsdagen og fekk hjelp med seg til å få i stand tre "saftige mineskot" for å heidra den nye kongen. Det var hans von og tru at det no ville komme ei ny tid med hell og lukke for det norske folket.

Kongevennleg keisar Vilhelm

Den nye kongefamilien fekk fleire helsingar frå utlandet. Den tyske keisaren, Vilhelm II, Norgesvenn og flittig gjest i dei norske fjordane gjennom mange år, synte den nye kongen heider og ære ved fleire høve. Fyrst sende han bror sin, prins Henrich. med eit av dei beste skipa i den tyske orlogsflåten til å eksortera kongen frå Danmark til Norge. Etterpå ynskte han Norge lukke til ved opninga av den tyske riksdagen.

Jeg lykønsker den norske regjering og det norske folk med valget af det ophøiede kongepar, med hvem jeg er forbundet i venskabeligt sindelag.

Dessutan sende keisaren eit privat helsingstelegram til kong Haakon i København og seinare eit offisielt på inntogsdagen, 25. november. (I 1913 inviterte han kongen til avdukinga av gigantstatua av Fritjov den Frøkne på Vangsnes.)

Kongeleg flyttegods med jernbanen

Avisa Sogningen melde 15.12. at flyttegodset til kongefamilien var kome til Kristiania. Tre av dei fjorten jernbanevognene var lasta med ymse slag køyrety. Notisen hadde med at svenskane hadde sendt rekning til kong Haakon på kr. 2160 for transporten gjennom Sverige.

Avisa Sogningen melde óg at det var ventande ein del hestar til kongehuset, - "angivelig 6". Og i ei notis litt seinare at kong Edward i England hadde sendt kong Haakon to hestar og seks "udmærkede" premiekyr. Dronninga var tilgodesett med "nogle prægtige Hunde."

Biografiske opplysningar

Kong Haakon 7. vart fødd 3. august 1872 og fekk namna Carl Georg Waldemar Axel. Han var den nesteldste sonen til den danske kronprins Fredrik og kronprinsesse Lovise, dotter til den svensk-norske kongen Carl XV (i Norge den IV). Kong Haakon vart utdanna som sjøoffiser og sommaren 1905 utnemnt til kaptein i den danske marinen.

Dronning Maud (Mathilde) vart fødd 26. november 1869. Ho var dotter til kong Edward og dronning Alexandra av Storbritannia og Irland. Bryllaupet deira vart halde i Buckingham Palace 22. juli 1896.

Kronprins Olav vart fødd 2. juli 1903 og fekk namna Alexander Edward Christian Fredrik. Då prins Carl vart vald til konge i Norge tok han namnet Haakon 7, og prins Alexander fekk som kronprins av Norge namnet Olav.

Den sjuande Haakon i kongerekkja

Prins Carl tok kongsnamnet Haakon 7. Dei seks kongane før han i den norske kongerekkja var:
1. Haakon Adalsteinfostre, den gode, 935-961
2. Haakon Sigurdsson Herdebrei, 1157-1162.
3. Haakon Sverreson, 1202-1204.
4. Haakon Haakonsson, den gamle, 1217-1263.
5. Haakon Magnusson, 1299-1319.
6. Haakon Magnusson, den unge, 1355-1380.

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens oplsøing i 1905. Kristiania 1906.


Avisa Sogningen. 08.12.1905.


Fjordenes Blad. 22.11., 02.12.1905.


Nordre Bergenhus Amtstidende. 07.06.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR