Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Blåbærstølen i Horpedalen



Blåbærstølen var vårstøl til garden Horpedal. Stølen ligg ein dryg kilometer frå gardstunet inne i Horpedalsdalen. Dei slutta å støla på Blåbærstølen tidleg i 1950-åra. I 2006 står det tre sel på stølen og to løer. Dessutan finst grunnmurar etter to bygningar og fleire steingardar. Sauer og kviger beitar på stølsområdet.

Blåbærstølen sett frå ein stad oppe i lia på nordsida av Horpedalsdalen. Elva til venstre kjem ned frå Vetlebotn og Storebotn øvst i Steindalen. Den gamle stølsvegen til fjellstølen Steindalen går opp på høgre sida av skogateigen og fylgjer elva oppover.

Blåbærstølen sett frå ein stad oppe i lia på nordsida av Horpedalsdalen. Elva til venstre kjem ned frå Vetlebotn og Storebotn øvst i Steindalen. Den gamle stølsvegen til fjellstølen Steindalen går opp på høgre sida av skogateigen og fylgjer elva oppover.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Blåbærstølen 2006 - landskapet
Horpedalen er ein typisk hengjande dal som frå gardstunet på rundt 150 moh strekkjer seg vel to km austover. Dalen er u-forma med ein nokså brei dalbotn heile vegen. På begge sider av traktorvegen til stølen ligg dyrka jordstykke. Natur- og kulturlandskapet på stølsområdet er lite endra sidan stølsdrifta tok slutt i 1950-åra. Traktorvegen ligg stykkevis grøn og veltilpassa i landskapet. Ei stor og sikkert nokså gamal bjørk står i nærleiken av sela. Bjørka gjev inntrykk av å vera tuntre.

Blåbørstølen 2006 - bygningane
Det står fem hus på Blåbærstølen, to løer og tre sel. Alle er i rimeleg god stand. To av sela står uendra frå stølstida, inndelte i to rom med skot i eine enden og opphaldsrom i andre. Det tredje er istandsett og forsynt med nytt tak og ny bordkledning. Den eine løa er etter måten stor til å vera på ein støl. Den andre er halvtekt og står eit stykke unna "husklyngja". Begge løene vart brukte i mange år til stølshøy..

Om stølsdrifta i sogeblad
Sigrid O. Bøyum, fødd 1923, voks opp i Horpedalen. Ho var budeie på Blåbærstølen og på fjellstølen Steindalen. I Fjærland Sogelag sitt skrift ..dar breadn kalva har ho fortalt om stølsdrifta, slik ho hugsar frå barneåra og seinare som budeie. Med nokre små endringar er heile forteljinga attgjeven nedanfor.

Mjølka til meieri
"Bufordagen var ein dag me såg fram til, liksom noko spennande. Dyri skulle få koma ut etter fleire månader på bås i fjøsen. Karane hadde tidlegare ordna med det som skulle vera på heimastølen, altså Blåbærstølen. I selskotet var ved lagt til rette til fyring om kveldane. Og så var det mjøkespann, 4-5 kodlar som tok 30 liter kvar. Dei skulle avkjølast. Me hadde demt opp ein dam som var oppkomevatn, for der var kaldast. Mjølki vart køyrd til meieriet tre gonger i veka."

Bjøllekua fremst i flokken
"Bufordagen måtte me møta, me som var i huset, for kyrne bykste og dansa og var heilt i frå seg. Det var godt for dei å kjenna seg frie. Når dei hadde roa seg noko, gjekk budeia føre og lokka på dei. Fremst i flokken på om lag 25 dyr gjekk bjøllekyri, roleg og verdig. Flokken hadde respekt for henne og følgde etter."

"Set på gjøkavalsen!"
Selet var vaska på førehand og pynta med gardiner og duk på bordet. Det skulle kjennast reint og friskt der inne. Eitt av sela på Blåbærstølen var av nyare dato og var bygd av tre. Om kveldane brukte me å fyra i omnen, når me sat saman. Det var Birte Berge, Synneva Haugen og Hans Horpedal (som då mjølka kyrne sine, sidan Johanna hadde teke seg anna arbeid.) Ein grammofon let på seg borte i ein krok. Hans likte godt musikk - og inn kom han i full fart: "Set på gjøkavalsen!" (Så langt Sigrid Bøyum).

Bjørn på Blåbærstølen 2006
Sommaren 2006 var ein slagbjørn på ferde i Sogn og Fjordane. Bjørnen herja stygt fleire stader, særleg i Jostedal. Fylkesmannen gav fellingsløyve. Det blei jakta intenst, men utan resultat. Bamsen var etter alt å døme også i Horpedalen. Torsdag 27. juli fann Olav Horpedal ei søye drepen på Blåbærstølen. Brystfeittet og juret var borte. Rovviltfagkunnig hjå Fylkesmannen var temmleg sikker på at sauen var drepen av bjørn.

Ei eldre bjørnehistorie
I 1880-åra kom oldefar til Olav Horpedal ut for bjørn på Daurmålseggi, fjelldraget mellom Horpedalen og Supphelledalen. Han gjekk seg på ei binne med to ungar. Ho kom imot han, og han måtte byksa opp på ein stein. Men binna gav seg ikkje. Ho reiste seg på to og kava på for å ta han. Til alt hell hadde mannen hund med seg. Då hunden gjekk innpå ungane, fòr binna etter hunden og mannen greidde å koma seg unna.

kjelder:

Bøyum, Sigrid O.: Stølsdrift - Horpedal. I Dar breadn kalva.. Årshefte, Fjærland Sogelag 2000.
Opplysningar frå: Horpedal, Fjærland, Sogndal

PERMANENT IDENTIFIKATOR