Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Privat gravstad på Gravholmen i Holmøyane



Den private gravstaden Landholmen eller Gravholmen i Holmøyane er ein av tre private gravstader i Sogn og Fjordane. Ola Marius H. Holmøy fekk kongeleg løyve i 1906 og gravstaden vart vigsla fire år seinare.

Gravstaden på Landholmen ligg vakkert til, omkransa av fuuskog. Det er fred over staden.

Gravstaden på Landholmen ligg vakkert til, omkransa av fuuskog. Det er fred over staden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2003

Fotograf: Hermund Kleppa

Vakker stad
Landholmen er landfast og ein sti går frå Storevik utover til gravstaden. "Mellom gran og furutre, lyng og ville blomar ligg gravene. Dei er pent stelte, og nesten alle gravstøttene er like. Familien ved gamle Holmøy arbeidsskule har ein vakker stad å gravleggje sine kjære." Slik skildra Kristi Marie Skrede gravstaden i 1989.

Kongeleg resolusjon
I statsråd 27. mars 1906 vart det gjeve kongeleg resolusjon på løyve for Ole H. Holmøy til å anleggja privat gravstad. Løyvedokumentet har denne ordlyden:

"Vi HAAKON Norges Konge
Gjør vitterligt:

At Vi, i Overensstemmelse med den af Os i Vort Statsraad fattede beslutning, har bevilget og tilladt, at Gaardbruger og Arbeidsskolebestyrer Ole Marius Hansson Holmøy maa paa sin Eiendom Holmøy i Hornindalens Præstegjæld under Nordfjord provsti i Bergens Stift lade indrette et privat Gravsted for sig og sin familie paa betingelse af, at det dertil bestemte Sted forsvarlig indhegnes; at de til dets benyttelse nødvendige sanitære Foranstaltninger udføres efter vedkommende Helseraads Anvisning; at det af den nuværende og fremtidige Eiere af Holmøy anstændig vedligeholdes, i hvilken Anledning bevillingen bliver at thinglæse; at ved Begravelserne de sædvanlige kirkelige Ceremonier og det øvrige lovbestemte iagttages, og at der intet afgaar i vedkommende Kirkes og den betjentes lovlige rettigheder. Hvorefter vedkommende sig har at rette.

Givet på Kristiania Slot den 27de Februar 1906.
Under Vor Haand og Rigets Segl
[Tre underskrifter:] Haakon Chr Michelsen Hesselberg

Teken i bruk 1910
Den fyrste som fekk siste kvilestaden sin på Gravholmen var kårmann Hans J. Holmøy. Han var fødd i 1832 og døydde 8. november 1910 og vart gravlagt 18.11. "Begr. paa Holmøy" står det notert i merknadsrubrikken i kyrkjeboka.

Fyrst gravkammer
Ola Holmøy fortalde i 1989 at dei i førstninga murte opp eit gravkammer under jorda. Dette kammeret vart så overdekt med skiferheller eller støypte plater, og til sist murte dei til ramme for gravstøtte og plass til blomar.

Seinare vart gravstaden avgrensa med betongvegger og gravene stelt til med støtter og karmar kring.

kjelder:

Kirsti Marie Skrede: Gravholmen ved Hornindalsvatnet. I Fjordabladet. 31.09.1989.
Norsk Lovtidende. 1906.
Opplysningar frå: Ola H. Holmøy, Eid.

PERMANENT IDENTIFIKATOR