Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamle Tennevegen i Arnafjorden



Ein eldgamal buføre- og kløvjeveg, som er intakt, finst i Arnafjorden. Ingen veit kor gamal vegen er, men vegen er i god stand og eignar seg godt til turar.

Kart som viser kvar vegen går. Tennevegen går gjennom tunet i Kråna på Nese, og er om lag 2 km lang. I dag er vegen noko avkorta i begge endar. Høgste punktet på vegen er ved inste Okslereset, 92 m o.h.

Kart som viser kvar vegen går. Tennevegen går gjennom tunet i Kråna på Nese, og er om lag 2 km lang. I dag er vegen noko avkorta i begge endar. Høgste punktet på vegen er ved inste Okslereset, 92 m o.h.

Gamal buføre- og kløvjeveg

Heilt fram til fylkesvegen kom i 1965, var gamle Tennevegen i Arnafjorden brukt som buføre- og kløvjeveg mellom bruka på Nese og heimestølen Tenne. Vegen er ca. 2 km. Frå Tenne går det stølsveg vidare til fjellstølane.


Så vidt me veit, er det ingen som kjenner til kor gamal denne vegen er. Men det vert fortalt av dei eldste i bygda i dag, at deira besteforeldre ikkje kunne hugsa vegen annleis, og at den trengde lite vøling.

Med hest og slede

Vegen har aldri vore nytta som køyreveg om sommaren, men folk hugsar at det vart køyrt heim ved med hest og slede på godt vinterføre. Lauvkjervar frå dei to lauvløene, som stod attmed vegen i Morki, vart borne heim på ryggen. Det same med almebork og almeskat frå Storalmbakkane.

Vegen halden ved like

Siste åra har vegen vorte rydda for busk og kratt, og det har vorte teke oppatt fleire veiter og elles vølt her og der.
Våren kjem tidleg på Tennevegen. Ein kan oppleva naturen med ein spasertur forbi heimste Okslere'set, Ja-benken, inste Okslere'set, Per-groi og Skillings-groi.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munnleg informasjon frå Jon Nese, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR