Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Telefonlinjene over Vikafjellet



Fyrste telefonlinjekursen over Vikafjellet vart bygt hausten 1892. Telefonsambandet mellom Vik og Voss vart offisielt opna 21. oktober same året. Initiativtakar og primus motor for dette privatanlegget var "telefonens far" i Noreg, bergensingeniøren Jens S. K. Hopstock.

I 1984 sto enno noko av linjekursen att forbi hytta på Hestavollen.

I 1984 sto enno noko av linjekursen att forbi hytta på Hestavollen.

Eigar: Norsk Telemuseum / Gunnstein Fidjestøl.

Datering: 1984.

Fotograf: Gunnstein Fidjestøl.

Vestenfjeldske Telefonkompagni

Det var den dynamiske og energiske bergensingeniøren Jens S. K. Hopstock, "telefonens far" i Noreg, som i 1892 fekk bygt fyrste telefonlinja over Vikafjellet. Hopstock hadde i 1889 skipa Voss Telefonkompagni og seinare Vestenfjeldske Telefonkompagni. Dei to selskapa bygde ut eit vidsveimt privat telefonnett i Hardanger, Voss og Sogn. I Vik vart syskenbarnet til Hopstock, hotelleigaren med same namn, "Edsvoren Telegrafbesørger". Han tok i mot telegram frå heile distriktet og telefonerte dei til stasjonen på Voss for vidaresending pr. telegraf.

Bilete av ei tenestemelding frå 1892, sendt av telegrafidrektør Jonas Collet.

Staten overtek

Vestenfjeldske Telefonkompagni kom i økonomiske vanskar og vart i 1898 overteke av Staten ved Telegrafvæsenet.

Staten såg telefonlinjene over Vikafjellet i ein større samanheng og sette straks i gang ombygging og utviding. Linjekursen vart sidan fleire gonger utvida med fleire trådar. Den vart også flytta på og bygd om, mest på Vossesida av fjellet.

Oppsyn og vedlikehald - linjehytter

Vikafjellet, Gaularfjellet og og Ljøbrekka vart dei tunge og vanskelege fjellovergangane mellom Bergen og Ålesund. Store ressursar vart sett inn for å halde sambanda i orden. I Vik hadde Ivar Tistel oppsynet i mange år, og det vart ofte tunge turar. Bror til Ivar, Ola, har fortalt om mange slike. Om vinteren hadde dei alltid med ei røykjesild som skismurning. Klabba det, så var det fram silda.

Det kunne vere vêrhardt og utriveleg på fjellet. I 1923 vart det difor sett opp ei linjehytte på Grungeggi, so vidt det er på Sognasida. Seinare kom også eit lite krypinn ved Vetle Grungen.

Bilete av linjehytta på Hestavollen i 1954/55.

Mot nye tider

På midten av 1950-talet kom det ny veg over Vikafjellet. Det vart difor vedteke å flytte linjekursen fram til den nye vegen. Til å hyse alle telefonarbeidarane vart det sett opp nye hytter både på Sogne- og Vossesida av fjellet, på Hestavollen og i Vierhola, eit lite stykke sør for fylkesgrensa.

Omlegginga gjekk på i fleire år. Det var fleire arbeidsavdelingar i sving. I 1957 "møttest" laga nord- og sørfrå og knytte saman linjene. På hytta i Vierhola var det innviingsfest, ein fest det enno går gjetord om mellom gamle telefonarbeidarar. Det vart spanderte ei halv flaske øl på kvar, vert det fortalt. Noko slikt hadde ingen av dei vore med på før.

Etter automatiseringa av telenettet i 1970-1980-åra var det ikkje lenger bruk for linjene over fjellet. Rivinga av linjekursen gjekk i rykk og napp over fleire år. I byrjinga av 1990-talet vart dei siste stolpane fjerna.

Bilete frå innviingsfesten.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bosheim, Oddkjell: Erlend - graffar frå Vik. Pridlao nr. 1/1991. Vik.
Bosheim, Oddkjell: Telefonen i Vik 100 år. Pridlaonr. 2/1992. Vik.
Bosheim, Oddkjell: Telefonen i Vik 100 år. Pridlao nr. 3/1992. Vik.
Bosheim, Oddkjell: Telefonen i Vik 101 år. Pridlao nr. 2/1993. Vik.
Stortingsmelding nr 10, 1937. Statens eiendommer - tilleggsfortegnelse 1931-35.
Fleire artiklar i lokalaviser i Hordaland - Sogn og Fjordane.
Norsk Telemuseum:
Fotosamlingar og arkivtilfang.
. Statsarkivet i Bergen:
Arkivtilfang.
Telegrafverket:
Arkivtilfang: budsjett, rundskriv, linjestatistikkar, statistikkar og årsmeldingar.

Munnleg informasjon frå:
Erik Hauge, f. 1939, Førde.
Hilmar Hammarset, f. 1926, Naustdal.
Oddkjell Bosheim, f. 1926, Lærdal.
Ragnar Kjellevold, f. 1943, Bergen.
Torstein Flatlandsmo, f. 1912, Granvin.
Rafto, Thorolf: Telegrafverkets historie. Bergen 1955.
Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858. Førde 1984.

Nettstader:
http://www.norsktele.museum.no/
(Heimesida til Norsk Telemuseum).

PERMANENT IDENTIFIKATOR