Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 08. april 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fjord1 Sogn Billag - historie i arkiv og bøker



Den 2. februar 2011 runda Fjord1 Sogn Billag 75 år. ” Ein vital 75 åring”, uttalte konsernsjef i Fjord1-konsernet, Leif Øverland. Den ”historiske tyngda og erfaringa til selskapet er bygd på innsatsen til kvar enkelt medarbeidar opp gjennom åra – og er noko vi kan vere verkeleg stolte av”, sa konsernsjefen. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har oppbevart Sogn Billag-historie i det eldste arkivet til billaget.

<p>Fjord1 Sogn Billag-buss p&aring; stoppestad Leikanger (Hanehaug).&nbsp;</p>

Fjord1 Sogn Billag-buss på stoppestad Leikanger (Hanehaug). 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Andre før og ved sida

Då Sogn Billag L/L vart skipa 12. februar 1936, dreiv fleire andre selskap rutetrafikk i Indre Sogn. Gol-Lærdal-Maristubilene LTD (GLM) trafikkerte området Lærdal – Hemsedal/Valdres, Aurland kommunale rutebilar tok seg av Aurland og Årdal Billag AS dreiv i Årdal. I området Sogndal-Hafslo-Jostedal-Luster dreiv Samuel Berge rutetrafikk.

Alle desse var vidareføringar av tidlegare transportørar: 1) Sogn Billag LL frå Samuel Berge og før han, Indre Sogn Automobilselskap, 2) GLM frå fire mindre firma, 3) Aurland kommunale Rutebilar frå Vangens Rutebilar L/L.

Frå 1994 var Sogn Billag det einaste rutebilselskapet i Indre Sogn. Dei tre andre fusjonerte med Sogn Billag i åra 1982-1994.

Arkivprosjekt 1996

Sogn Billag, og alle dei tidlegare transportselskapa, danna arkivmateriale som eit resultat av verksemda si: møtebøker for styra, korrespondanse og saksdokument, rekneskap o.a. Kvart selskap sitt arkiv er den viktigaste kjelda til historia om kvart selskap. Difor er det ei viktig oppgåve å sikra at arkiv vert teke vare på.

Sogn Billag tok tak i det eldste arkivmaterialet sitt i 1995. Selskapet gjekk med i eit prosjekt med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om å samla eldre arkivtilfang, ordna og registera det og syta for trygg oppbevaring. I dag (2011) er det eldre arkivmaterialet til Sogn Billag oppbevart hjå Fylkesarkivet

Arkivkatalog - innleiing

Nærare opplysningar om arkivet Sogn Billag går fram av Arkivkatalog, datert 5. januar 1996. I innleiinga gjev fylkesarkivar Gunnar Urtegaard ros til Sogn Billag:
 

”Det er eit svært verdfullt samfunnshistorisk dokumentasjonsmateriale ein gjennom dette tiltaket har fått samla, systematisert og gjort tilgjengeleg for historisk bruk. Fylkesarkivet ynskjer å gje ros til Sogn Billag LL fordi verksemda har sett den historiske verdien som ligg i dette materialet. Her vil ein i framtida finna sentrale opplysningar om 80 års utvikling i samferdsle og kommunikasjonar i Indre Sogn.”
 

Arkivkatalog – einskildarkiv

Arkivkatalogen omfattar sju einskilde selskap, dessutan Sognefjordruta som var eit samdriftføretak med eige rekneskap og eiga årsmelding. For kvart arkiv (kvar arkivskapar) finn vi ein kort, telegramforma historikk og opplysningar om arkivet og innhaldet i arkivet. Her tek vi med historikken for kvart einskildarkiv, med arkivnummer, og opplysningar om historisk litteratur.

SFF-96019 Sogn Billag LL

”Skipa 12.2.1936 som lutlag [aksjeselskap] på kr. 35.000 og Fylkesbaatane som hovudaksjonær. Fyrste formann direktør Torgersen i Fylkesbaatane. Fyrste forretningsførar, seinare disponent, Bjarne Drægni. Billaget overtok mesteparten av materiellet etter tidlegare Indre Sogn Automobilsleskap. Frå 1982 fusjoneringar med Gol-Lærdal-Maristubilene Ltd., Årdal Billag LL og Aurland Billag AS”
 

SFF-96090 Vangens Rutebilar LL
 

Skipa 10.4.1928. Lutmedel 128 aksjar a 100 kr. Fyrste styre: Per Wangen, Ola A. Wangen, H. Indrelid. Per Wangen fungerte som disponent. Fyrste sjåfør: Erling Ohnstad. Fyrste bil: ein 9 seters Buick. I 1933 vart laget overteke av Aurland kommune for kr. 11.000. Siste lutlagsmøte vart halde 29.12.1933.
 

SFF-96091 Aurland kommunale rutebilar

”Kommunestyret i Aurland valde 26.5.1933 ei nemnd til å sjå nærare på vilkåra for overtaking av det privateigde firmaet Vangens Rutebilar L/L. Vedtak om overtaking 13.7.1933. Fyrste styre: Ragnvald Wangen, M. Dræge, lærar Slinde, Botolf Thunshelle og Torger T. Skjeret. Dreiv både gods- og persontransport. Ragnar Skaim tilsett som disponent og ekspeditør 31.5.1946. Pr. 1989 reint kommunalt og i stor grad drive som ein kommunal etat. Styremedlemmene valde av kommunestyret for 4 år om gongen. Kommunestyret fungerte som generalforsamling. Omorganisert til aksjeselskap frå 1.1. 1990 under namnet Aurland Billag AS.”
 

SFF-96092 Aurland Billag AS

Framhald av Aurland kommunale rutebilar ved omorganisering til aksjeselskap med verknad frå 1.1.1990. Sogn Billag LL og Fylkesbaatane kom inn som aksjeeigarar med 33% kvar. Aurland kommune hadde resten, 34 %. Samanslege med Sogn Billag LL frå 11.08.1994, med rekneskapsmesig verknad frå 01.01.1994. Fusjonsavtale datert 11.08.1994.”
 

SFF-96093 Årdal Billag AS
 

Skipa som Årdal Billag AS 17.6.1947. Var framhald av interessentskapet Årdal Billag, skipa 1933. Fyrste formann kjøpmann Ingv. Offerdal, fyrste forretningsførar Magne Hage. Aksjekapital frå fyrst kr. 50.000 fordelt på 50. Kontor og rutebilstasjon i Øvre Årdal. Samanslege med Sogn Billag frå 1994.
 

SFF-96089 Gol-Lærdal-Maristubilene LTD
 

Skipa 1925. Kortnamn GML. Samanslåing av 4 tidlegare selskap: 1) AS Trygg, frå 1914, Maristuen-Gol, 2) AS Lærdal Bilselskap, 1918, Indre Sogn-Gol, 3) AS Gol Bilselskap, 4) Bilselskapet Fram AS, 1920. L.A. Nesse formann i styret 1924-1928 og 1939-1961, i alt 27 år. Administrasjon og verkstadanlegg på Lærdalsøyri. I 1974 hadde selskapet 9 bussar, 4 lastebilar ,1 personbil og 17 tilsette. Generalforsamlingane alltid haldne på Maristuen Høyfjellshjotell. Samanslege med Sogn Billag frå 1.1.1982. Jubileumshefte 1974, 12 sider.”
 

SFF-96094 Indre Sogn Automobilselskap
 

”Skipa 8.4.1916. Fyrste rutestreknigar Sogndalsfjøra (Hofslund Hotel – Sogndalsddalen, Jostedal og Fortun i Luster. Peder J. Næss fyrste formann. Fyrste bil kjøpt hjå Schmidt i Bergen. Ny 6-seter vedteke innkjøpt hausten 1916. H.R. Døsen med i styret 1919, formann pr. 1923. Kasserar 1926 Lars Danielsen. Vedtak om likvidasjon 19.3.1927. Sal til Samuel Berge.”
 

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR