Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kategori

Kommune

Steinselet på Tadlagjerdet



Tadlagjerdet er vår- og hauststøl for gardane på Øygardssida i Dalsdalen og for nokre av bruka nede i bygdi. Det har i alt vore 10-11 sel i denne stølsgrendi, no er det att 7. Eitt av dei er særmerkt ved at det er bygd av berre stein.

Steinselet Kristenselet på Tadalgjerde i Dalsdaslen. Det ligg tett attmed vegen.

Steinselet Kristenselet på Tadalgjerde i Dalsdaslen. Det ligg tett attmed vegen.

Eigar: Trygve Skjolden.

Datering: 2000.

Fotograf: Trygve Skjolden.

Vegger og tak

Alle veggene er mura med dobbelmur, 70 til 80 cm tjukke. Midt inne i muren er steinane lagde i jord eller leire, ein fekk då eit isolerande lag som stengde for kulde og vind. Dette gjorde murhusa kjølige i sumarvarmen og berre i kjølige haustnetter. På taket er det gråsteinsheller som òg er kløyvde i helleberget. Grunnen som selet står på er turr og fast, for murane er framleis like beine. Det er fjøs under heile huset.

Skotet

Inngangsdøri er i gavlveggen mot vest. Der kjem ein fyrst inn i det rommet som vert kalla skotet, der stellet med mjølka vart gjort. Etter at mjølka var sila, vart ho sett på hyller i låge lagga trebidne, kalla mjølkekoppar. Dette var for at mjølka skulle verta fort kald og fløyten flaut opp. Etter at separatoren kom i bruk vart det ein ny måte å skilja fløyten frå mjølka på. Fløyten vart tømt opp i eit lagga trekjerald, ein rømmekoll, og sto der og vart syrna til den dagen dei kinna.
Av skummamjølki ysta ein mager kvitost, og koka mysa inn til mager brimost -"rendebrimost."

Eldstad og lys

Eldstaden i skotet er ein peis med pipe opp gjennom taket, alt mura av gråstein med leire til tening. Golvet er av steinheller. Ljoset kjem inn gjennom ein open glugge over døri, det er ikkje vindauga i veggene.

Budeia sitt rom

I soverommet som er litt større enn skotet, er det tregolv, og veggene har i seinare tid vortne kledde med eit slags sponplater. Her hadde budeia sengeplassen og matstellet sitt. Inventaret her var seng, bord, ein benk og krakkar, kistebenk og hyller.

Byggmeisteren

Byggmeisteren og eigaren av det særeigne steinselet på Tadlagjerdet var Kristen Olson Ødegård (1828-1899). Han kom frå plassen Skori under Hærum (Hæri), og fekk hand om den to husmannsplassar på Øygarden under Dalsøren (Dalsøyri). Kristen var gift med Kari Andersdotter (1831-1917). Dei hadde fire born.

Kva tid Kristen tok til å mura seg sel på Tadlagjerdet, er det ingen som no kan seia heilt sikkert, men truleg var det mellom 1860 og 1870. Steinen er nok henta frå Helleberget som ligg berre 1 km lenger inne i dalen og er felleseige for dei som har rettar i Dalsdalen. Kristen Ødegård bygde og steinselet Øyraselet på Sauskreda.

kjelder:

Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Band 2, Dale sokn 1. 1986.

Sjå også artikkel om: