Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. april 2008

Sist oppdatert 19. mars 2019

Kategori

Hestadgrend bedehus og Hestadgrend indremisjon



"Hestadgrend Indremisjon og Hestadgrend bedehus heng nøye saman". Det skreiv Arne Kirkeli i 2008 i ei utgreiing om bedehuset i Hestadgrend. Han la ved utskrift av eit historisk attersyn Albert Kirkeli laga då indremisjonsforeininga i 1981 runda 80 år.

Hestadgrend bedehus, vigsla 4. august 1974.

Hestadgrend bedehus, vigsla 4. august 1974.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Tillegg til artikkelen om bedehuset

Albert Kirkeli var i mange år med i indremisjonsforeininga. I attersynet han skreiv til 80-årsjubileet i 1981 fortel han om mange sider ved verksemda i foreininga: - om kvinner og menn, vekkjingar, møte, stemne og andre samkomer - og, litt om arbeidet med å byggja bedehus. Stykket er her attgjeve med nokre små avkortingar merka med (..), mindre språklege justeringar og nokre innskotne forklaringar. Det er eit interessant tillegg til artikkelen om Hestadgrend bedehus.

Året 1910 i Hestadgrend skulekrins

(...) Dei levde sitt rolege, men ofte slitsame liv, anten dei no var husmenn eller sjølveigande bønder. Vår, sumar og haust var serskilt harde arbeidsbolkar. Det var som diktaren skreiv det: "Dei bygdarfolk dei hava / så streval ein sumarbolk." Helga var etterlengta, men då var det mest som dei gjekk mann av hus når det var preik i kyrkja. Elles når det ikkje var gudsteneste, har det frå eldre tid vore brukt at husfaren las få ei husandaktsbok i heimen. Det hadde verdi dette at dei slik fekk vyrdnad for Guds ord, som dei fekk høyre i kyrkje, heim og skule, og grobotn kunne det verte for tru og gudsliv. Og dei som reiste ut hadde denne arven med seg, og tok borna med til kyrkje og samlingar påd en nye staden.

Byrja i 1911

I det nemnde året 1910, var det at her kom ein utsending til grenda frå Det Vestlandske Indremisjonsforbund, (...) Johan Midtun. Han heldt møter i skulehuset, og ungdomar søkte Gud så det vart vekkelse og åndelegt liv. Men så er det 1911 som skal vere vårt utgangspunkt med denne 70-års høgtida. No er her ikkje noko bokført [frå 1910], men ein finn likevel i ein eldre protokol namn på dei som har vore rekna som innskrivne medlemmer i tida 1911-1922. Vidare har me fått fortalt at han som var den leiande i dei fyrste åra, var ein som heitte Ole G. Kirkeli. Det har kome fyre meg å fortelje litt om denne personen, som underskrivne så vidt kan hugse.

Ole G. Kirkeli

I dagleg tale gjekk han helst for namnet Snikkaren, for dette faget var hans profesjon. Han var bortanfrå Skilbrei, frå ein plass som heitte Teigen, og dette namnet bar han til dels med seg. Elles er det mange hus i grenda han har bygt eller tømra opp. Det minne eg har er at han var noko kortvoks, og (...) ein smågut la merke til så mangt, mellom anna at han hadde pipe, og når dertil kom at han hadde ei såkalla merskumspipe [langpipe], då er det sjølvsagt noko heilt spesielt å sjå for ein 7-8 åring.

Han må ha vore noko av eit arbeidsjarn. Rydda og dyrka seg ei kvie [ein jordflekk, eit lite inngjerdt jordstykke] der det var både furerøter og stein, og han sette seg opp ei lita bondesag i ei elvagrov. Med sine sterke armar og spade, gjekk han så i gang med å lage seg ei demme som han brukte som reservoar, når det var lite tilsig i elva. Skal me då - for å bruka eit uttrykk for notida [kring 1980] seie at det vart vassdragsregulering, om enn i nokså miniatyrmessig målestokk.

Men han vart ikkje så svært gamal denne Ole Kirkeli, og han døydde i 1914, så då vart hans formannstid 1911-14.

Dei første basarane

Det er fortalt at den fyrste basaren var i 1911. Då er det nok sikkert at der var gitt både av markens grøde og dei meir husdyrmessige produkt. Men då elles utan samalikning med det som er fortalt om hine to menn i den gamle pakt [Kain og Abel]. Me hugsa her desse basarvarene som kunne vere slikt som ullapakkar, kjøtlår, poteter og frukt. Ja endåtil levande lam eller fure på rot o.s.v.

Bibelkvinner og songar

(...) året 1920. Då kom her to bibelkvinner til grenda og heldt møter. Det var Regina Hauge og Johanna Vie. Eldre og yngre fylte skulehuset, og her vart både fornyelse og vekkelse til åndelegt liv. Gjenter kom på møtene med gitar og sangen lydde:

Vil du komme til Zion Guds stad
Til Zions Guds herlige skjønne

Av andre slike songar var "togreisen":

Billett jeg har til herlighetens rike
og snart så får jeg ut av toget stige
Jeg har kun tur, thi retur gives ei
Nei Gud skje takk, tilbake går jeg ei

Bibelkvinnene hadde sine songar, og ein av dei som var mykje brukt var denne, frå Sangboken:

Hvor finner vel hjertet sin saligste ro
Hos Jesus, bare hos Jesus

Og fleire kan nemnast:Jeg går til himlen, der er mit hjem / Der er ei sorg eller smerte / Der er det nye Jerusalem, / og der er mit hjerte.

Marta Horsevik - ei trugen misjonskvinne - hadde så ofte denne sangen i tankane:Akk lammts blod, det dyrebare blod / som gav mig fred, da jeg ved korset stod.
Meir tilårskomne folk kom også med på den vegen [vart omvende, vart personlege kristne], og nokre av dei unge reiste seinare til bibelskulen i Bergen. Men det er alltid slik at i vekkingstider må ein også minnast orheimsongen:Når livet prøvast skal gjenom eld / Guds eige byggverk den prøva held.[Matias Orheim (1884-1958), forkynnar og songdiktar].

Emissær Tyborgnes

(...) 1922. Då kom her ein emissær Tyborgnes til grenda. Han vart gift med Anna - dotter til før nemnde Ole Kirkeli. Han har då vorte formann, men berre for eitt år, for då reiste han att herifrå. Det er då, i 1922, at denne Tuyborgnes har teke til å føre møtebok, og vidare fått rekonstruert det styre som då var delvis gått ut (...).

Namn og lover

Dette er (..) prov for at her har vore fortsett med foreiningsverksemd også etter Ole Kirkelis død. Det er vidare fyrst då at foreininga har fått namn, og det var Hestadgrend Indremisjonsforening. Då vart også vedteke lover for foreininga. Dette var dei vanlege formulerte lover [standardlover for indremisjonsforeiningar], og så har foreininga også då vorte innmeld i Dalsfjorden Fellesforeining.

Mikaline Årli og Kristine Kirkeli Hestad

Frå 1923 og fram til 1943 er det lærar Hage som har ført møteboka. Etter at Tyborgnes reiste i 1923, er det Mikaline Årli som har vorte formann. Ho levde mykje i bøn for grenda, og ho hyste dei tilreisande talarane, sjølv om husværet var lite. Om den heimen kan seiast - som det står skrive - at der rådde gudsfrygt med nøgsemd, som er ei stor vinning (1. Tim. 6.6). Det er deretter - frå 1929 - Kristine Kirkeli Hestad som har vore formann.

Klaus Egge og Isehaug

I 1932 virka her mellom fleire Klaus Egge frå Indremisjonen og Isehaug frå Misjonsselskapet. Isehaug var av den gamle typen som vekkelsestalar, og han hadde sin gitar med sine spesielle songar, slike som "brudesangen":Kom lat oss stemme i en brudesang.Ein del vart gripne av alvoret med å leva utan Gud, og det vart også då ein vekkelsens ånd.

Tanke om bedehus

Egge lanserte då [i 1932] tanken om bedehus, og det vart vald byggenemnd (...): Mikal Kjelstad - formann, Albert Kirkeli - kasserar, og vidare Kristine Kirkeli Hestad, Thea Strand og Jakob O. Øvrestrand. (...).

Stemne i Kirkelisundet

Det har mest vore årvisst med stemne i Kirkelisundet kvar sommar. Og laurdagen føreåt var det spanande med vêret. Dei måtte helst vere ute, for skulehuset rømde ikkje så mange. Laurdag ettermiddag såg ein så Ola E. Hersevik m.fl. i gang med hammar, sag og øks for å sette opp preikestol av bordfjøler. Sidan pynta [dei] med bjørkelauv. Benker og plank vart borne til rette, så i alle fall dei eldre fekk sitjeplassar.

Talar frå Ålesund

Ein av dei som i fleire år var talar på desse stemnene var Mads Skudal frå ei frikyrkjemenigheit i Ålesund. Han var hendig og billeg å få tak i når han var heime i Skudal på sin sumarferie.

Mykje folk

Dei samla mykje folk desse stemnene. Frå Viksdalen kom motorbåten, fullasta med folk. Og millom dei Mikal Kvamen som var ein av dei trufaste å møte her nede. Og han på motorbåten tykte at dei var så mange frå hans hus at han måtte får billettmoderasjon.

På ein av desse turane var det at det vinka frå eit ope stoveglas. På motorbåten var det mange som fekk fram lommedukar og vinka attende. Det skulle vere ei helsing, og eit uttrykk for at dei kom henne i hug i sine tankar og bøner, ho som låg sjuk der, og seinare måtte døy i sine unge år. Dette var også ei misjonsgjerning.

Ananias og Ole J. Skudal

Frå Sandasokna [hovudkyrkjesoknet, Sande sokn] kom også folk, og Ananias Skudal var den årvisse. Han var kjend for sin inderligheit i sine taler. Dei sa berre "han Anias", for det var ikkje fleire med det namn på lang lei.

Vidare var det Ole J. Skudal der nede frå. Når han tok ordet, var det ofte han brukte som sin appell og sitt vitnemål eit ord frå Esaias 54.6 som han siterte etter ein riksmålsbibel:Søk Herren medens han finnes. Kall på ham den stund han er nær.Denne hans appell har då aktualitet til kvar tid. Før stemna måtte han ofte få handelsmannen til å hente seg ein rull skråtobakk, for denne var han avhengig av. Det kan vel også høyre med, dei små detaljar, om desse enkle vandringsmenn, som det heiter i ein song.

Innsamling til bedehus

Om dette med bedehus som var kome på trappene [i 1932], så hadde me i fleire år 17. mai-[tilstelling] og julefest i indremisjonens regi, og overskotet gjekk til bedehusinnsamlinga. Det var ikkje så mykje det aula fram [blei av] med denne innsamlinga. Eigentleg låg det ein viss tanke bakom at det hasta ikkje så mykje med dette all den stund me hadde skulehuset (...).

Pinsestemne i Dalsfjorden

Det har vore brukt å velje utsendingar til pinsestemne og årsmøte i Dalsfjord og Bremanger Indremisjon [fellesforeining, krinsforeining], og folk såg fram til desse stemnene som ei serskild høgtid. Dei var vekselsvis inne i bygda Viksdalen eller Bygstad. Elles ute med Dalsfjorden i Dale, Holmedal eller Askvoll. Før vegen var komen langs fjorden [1958/59], gjekk me i Bygstad om bord i Halsnes sin motorbåt som tøffa ut fjorden, og tok folk med frå dei ymse stoppestadene.

Det var som ein åndens pinsesus over desse stemnene i det vårlege Norge med fjord og fjell. Der var då ofte nokon som tok opp ein song på desse turane. Så når stemna var slutt, og me kom om bord att, då stemde dei på bryggja i med ein song, og på båten song dei med:Navnet Jesus blekner aldri. / Tæres ei av tidens tand.Det gav som ein helgadåm over kvardag og arbeid. (...)

Bedehuset røyndom

Og det var i april 1970 at spaden vart sett i jorda for bedehuset. Det kjem fram i tanken det som hin bonden sa i 1814 då han skyssa eidsvollsmannen: "Hugs at Gud er attåt". Me må vel seie at der var ein Gud som styrde og ville det so, og at Han var "attåt" for å bruka ordet som den skysskaren. Bedehuset vart innvigt 4. august 1974 ved generalsekretær Birger Ådland og sokneprest Helgheim m.fl.

Stor frivilleg innsats

Ved alle desse tilstelningar som har vore fram gjennom åra, slik som festar, basarar, og stemne m.m. så vart det spurnad etter arbeidsfolk. Det kunne ofte vere vanskeleg, men alltid ei løysing. Her kan nemnast mangt: oppfyring, golvvask, kaffi-, rømmegraut-, og mylsekoking, servering, rydding og oppvask.

Og så må ikkje gløymast dei husmødrer som har teke imot tilreisande talarar. Og heile grenda har vore med og gitt ved basarar og kollektar til dei ymse indre- og ytremisjonar, så her har kom inn høvesvis mykje pengar frå ei så lita grend.

Sluttord

Me kan her tenkje at dette gjeld ikkje berre dei som har reist som forkynnarar, men med desse orda vil me også minnast dei i vår eiga grend, som no er borte, og som har bore arbeidet oppe i bøn og offer.

kjelder:

Opplysningar frå: Arne Kirkeli, Gaular, 2008.