Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. juli 2008

Sist oppdatert 13. august 2020

Kategori

Rå-data

Norsk rosemåla kiste i England



Herskapshuset Preston Manor i Brighton høyrer med til musea i byen. Mr. og Mrs. Thomas-Stanford var dei siste som residerte der på 1930-talet. Eitt møbel skiljer seg spesielt ut frå alle dei andre. Ved fotenden av senga på soverommet til Charles Thomas-Stanford står ei rosemåla kiste med norsk namn og årstal. Det melder seg straks eit spørsmål: Kva slags kiste er det og kven var den opphavlege eigaren?

Kista på soverommet til Charles Thomas-Stanford på Preston Manor i Brighton.

Kista på soverommet til Charles Thomas-Stanford på Preston Manor i Brighton.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Stella Beddoe

Brurekiste

Besøkande på Preston Manor kan kjøpa guiden Preston Manor forfatta av David Beevers. Han var tilsynsmann i mange år og kjenner huset og inventaret betre enn nokon annan. Heftet orienterer om historia til godset og huset. Om den norske kista står det: "In front of the bed is a painted bridal chest [brurekiste], Norwegian, 1836. The chest is painted with floral motifs (known as rosemaling) and is inscribed "Ingeleu Pid'Datter 1836", wich translates as Ingeleu daughter of Peter".

Kvar kjem ho frå?

Sidan kista står i godseigaren sitt soverom, er det rimeleg sannsynleg at det var hans kiste og at det var han som skaffa ho tilvegar. Charles Thomas-Stanford (1858-1932) vart medeigar i godset gjennom ekteskapet med Ellen Stanford i 1897. Han var interessert i historie og arkeologi, han var skribent og laksefiskar. Frå 1897 var han nesten årvisst på laksefiske i Sogn og Fjordane, mest i Gaular (Gaula), men også i Sogndal (Årøyelva) Årøy.

Ektefellen delte ikkje mannen sin lidenskap for sportsfiske. Derimot var ho ein dyktig fotograf. I 1903 gav Thomas-Stanford ut boka A River of Norway. Her fortel han både om sportsfiske etter laks som hobby, og om erfaringar frå Gaula og Årøyelva i Sogndal. Det går fram at dei reiste til og frå Sogn og Fjordane om Bergen.

På denne bakgrunnen heng det godt i hop at Charles Thomas-Stanford skaffa seg eit staseleg norsk møbel som souvenir på ein av lakseturane sine i Sogn og Fjordane. Han kan ha kjøpt kista gjennom ein mellommann eller beinveges av eigaren, og så teke ho med til England og Brighton og vist ho fram til interesserte og fortalt og svara på spørsmål.

Kva seier kista sjølv?

Me må nøya oss med å leita etter svar andre stader på spørsmåla om kvar Thomas-Stanford fekk fatt i kista og kven som var den første eigaren? Det står det ingen ting om i i sogeheftet (guiden), og David Beevers veit heller ikkje meir. Han kjenner heller ikkje til arkivmateriale etter Stanford som kan gøyma på svaret.

Kan kista fortelja noko meir, bokstavane og tala, skrifta? Me legg merke til at det ikkje er heilt samsvar mellom attgjevinga i sogeheftet og det som står påmåla:

I heftet: "Ingeleu Pid..Datter 1836"
På kista: "Ingelev Peder [rs delvis "under beslaget"] Datter A 1836"

Me har altså å gjera med Ingelev Pedersdotter og A (anno, år) 1836.

Ein sakkunnig på rosemålte kister

Kan ein ekspert på rosemålte kister hjelpa oss? Me sende brev og fotografi til Nils Ellingsgard i Ål. Han har skrive Norsk rosemåling. Dekorativ måling i folkekunsten, standardverket om norsk rosemåling. Me spurde om han på grunnlag av dei sparsame opplysningane våre og fotografiet kunne seia noko nærare om kista og målinga. Det kunne han ikkje. Målinga er ikkje utført i ein stil som peikar seg klart ut, og kista er heller ikkje ei typisk vestlands-kiste. - Det er fin skrift, god kalligrafi, seier han. Når det gjeld årstalet, fortel han at det var vanleg at årstalet på brurekistene var årstalet dei blei laga, noko som oftast var same årstalet som årstalet for giftarmålet.

Kven var Ingelev?

Me går til Digitalarkivet (www.digitalarkivet.no), til folketeljinga i 1865. Her let det seg gjera å søkja opp alle som i 1865 hadde namnet Ingelev Pedersdotter. Det er og råd å leggja til små variantar i skrivemåten, som t.d. Ingelei, Ingelif o.fl. Går me ut frå at det er ei brurekiste og at årstalet 1836 er knytt til giftarmål, vil me ut frå alder i 1865 kunna utelata eventuelle Ingelev Pedersdotter det ikkje kan vera, og me kan kontrollera giftarmål med digitaliserte kyrkjebøker. Folketeljinga 1865 vil ikkje fanga opp alle Ingelev Pedersdotter som kan ha gifta seg i 1836. Ei eller fleire kan t.d. ha døydd før, eller utvandra.

Flest med namnet Ingelev på Vestlandet

Gransking i folketeljinga 1865 viser at namnet Ingelev, medrekna Ingelev bokstavert litt annleis, var mest vanleg i fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Kinsarvik var den store Ingelev-kommunen i Hordaland. I Sogn og Fjordane førekom namnet mest i Sogn, og med Lærdal som det desidert største Ingelev-prestegjeldet. Møre og Romsdal hadde omtrent like mange som Hordaland og Sogn og Fjordane til saman. Etter desse fylka kom Oppland og Buskerud. Me får altså eit kjernefelt av tre Vestlandsfylke og to tilstøytande Austlandsfylke der Ingelev medrekna variantar dominerer.

Ingen funn som stemmer heilt

Me fann ingen Ingelev Pedersdotter gift i 1836. Den næraste var Ingelev Pedersdotter på Øvrebø (1816-1871) i Gaupne. Av bygdeboka for Gaupne sokn går det fram at ho var frå Stødnum i Lærdal, og var stedotter til til gardbrukardottera Bertha Malena Thomasdotter frå Dalsøyra i Luster. Ho vart gift i 1838 med Henrik Pederson Øvrebø. Ingelev vart enkje i 1870 og utvandra same året til Amerika. Alle seks borna som levde opp, utvandra til Amerika, dei siste tre med mora i 1870.

Kan det vera Ingelev Pedersdotter Øvrebø si kiste? (Det kan førekoma at årstal på brurekiste og giftarmål ikkje klaffar heilt.) Kan forklaringa vera at ho kvitta seg med gard og grunn og inventar då ho reiste til Amerika - og at kista på denne måten kom på framande hender? At Charles Thomas-Stanford fekk høve til å kjøpa ho på ein tur innom i Sogndal? Dette var det næraste me kom. Nokon betre?

kjelder:

Beevers, David: Preston Manor. 1999.
Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. IV Gaupne sokn. 1991.
Stanford, William: A River of Norway. 1903.
Opplysningar frå:
David Beevers, Brighton.
Nils Ellingsgard, Ål.
Riksarkivet: Digitalarkivet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR