Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vambesetstøylen



Vambeset, gard nr. 63, hadde to stølar. Øvste stølen var sommarstøl og ligg i skoggrensa opp mot fjellet ca. 540 m o.h. Nedste stølen var vårstøl og ligg oppå Brennhamaren i lia mellom tunet og øvste stølen ca. 410 m o.h. Skog omkring.

Nysel (bak) og uthus.

Nysel (bak) og uthus.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Øvste og nedste stølen

På øvste stølen hadde bnr. 1 og bnr. 2 kvart sitt like stølshus oppført i grindaverk med fjøs nede og sel i andre høgda. Desse to stølshusa vart nedbrotne av snø kring 1990. No er det berre eit sel som står att på stølen. Det vart bygt i 1965 og har gang, stove med synlege sperre, kjøkken, soverom, hems over kjøkken og soverom. Under kjøkkenet er kjellar med tilkomst luke i kjøkkengolvet. Eit uthus er og under bygging. Nedste stølen hadde ei stor kvie på kring 7 dekar, om lag likt på kvar av dei to bruka. Kvart bruk hadde fjøs med plass til 8-10 dyr.

Tilkomst

Stølsvegen til øvste stølen slynga seg nokonlunde i bein retning frå tunet og opp til stølen. Veg til vårstølen hadde dei også over Alme si utmark på vestsida av Almselva frå Skåradammen og opp til Brennhamaren. Alme og Vambeset gjette i lag mot rovdyr. Dei hadde kvar sine teiner opp til Skåradammen, der dei møttest med krøttera og dreiv vidare opp på fjellet. Gjetinga tok slutt like før 1900-talet. I dag går det ein ca. 3 km skogstraktorveg framom nedste stølen og opp mot øvste stølen.

Bruk av stølen

Vanleg vart det flytta til støls kring jonsok. Dersom beita var gode, flytta dei heim att i slutten av september. Då måtte ein ofte ta heim kalvekyr tidlegare. Stølsjentene gjekk heimanfrå i 17-tida og kom heim att neste dag i 9-tida. All mjølk vart boren heim, unnateke den stølsjenta brukte og vart oppsett til rjomeask for gjester. Særleg til helgane kom det mykje folk til støls. Alle bruka slutta med mjølkekyr i tida 1960-1972. Då vart det og slutt med stølsdrifta.

Det var særs ettertrakta av jentene å få gå til støls anten dei høyrde til på garden eller det var tenestejenter. Ein skulle ikkje tru det var så populært å ligge på kyrafjøset, men det var det likaste dei visste. Mange har gjeve uttrykk for det også seinare. Dessutan var det særs bra at dei hadde oppsyn med dyra.

Olav Lundestad fortel meir om dei to stølane. Alderen på dei to stølane er vanskeleg å fastsetje. Nedste stølen er truleg eldst, og aldersskilnaden kan vere stor. På sommarstølen var fjøsdøra i gavlen på oppsida. Denne vart òg nytta til selet med trapp opp frå fjøsen. I fjøsen var jordgolv. Eit viktig vårarbeid var at to mann og ein hest for til støls, så snart tilhøva var høveleg, for å spade 15 cm tjukke torv. Desse vart lagde som brustein på fjøsgolvet bortsett frå ei ca. 0,5 m renne i midten for gjødsla. Til hausten var både gjødsla og mesteparten av torva komen ut gjennom gjødselutkastet, som var i nedre endegavlen. Det var ikkje båsar i fjøset.

Selet låg over fjøset med golvet lagt på grindebetane. Høgd i selet frå golv til raft var ein meter, og bratt raust med synlege sperrer. Rommet var delt i to med innsel nedst med glas i søre/nedre enden. Til venstre for døra til innselet stod omnen. Vidare eit bord med skuff, to benkar, tre stolar og ei hylle som gjekk frå golv til tak på høgre sida av døra. På venstre sida av glaset stod senga og ei parafinlampe. I selet stod elles kaffiboksen og kverna øvst på hylla, kaffikjelen hang på ein spikar over omnen. I hylla var det koppar, tefat, tallerkenar, mjølkeaskar, skåler, kakeboksar, sukkerskåler og borddukar. Knivar, gaflar og skeier var i bordskuffa. Alt anna ein måtte ha på stølen var i utselet.

På vårstølen var veggene på fjøsen til bruk nr. 1 bygt opp med ca. ein meter steinmur og tømmer vidare opp til to meter. Taket tekt med never og torv. På denne stølen var det ikkje liggeplass for dei som stelte dyra, men det hende at dei overnatta oppå betane på fjøset dersom det var særs stygt vêr. På den store stølskvia køyrde dei òg ned gjødsla frå øvste stølen. Dette gav bra med høy som helst vart turka ved kverving og køyrt heim turt. Det vart då brukt sloe på høysledane.
Etter det som eldre på garden fortalde, vart det slutt å late inn buskapen her før 1910. I 1936 vart treverket på fjøsen til bnr.1 rive. Fjøsen til bnr. 2 vart bygd noko før 1900-talet på ei tomt der ein eldre fjøs hadde vore før. Denne fjøsen står enno på kvia.

Nokre fakta

Vambeset, gard nr. 63, hadde to bruk i 1890. Folketalet på garden var 16 både i 1875 og 1900.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 363. Sandane 1992.
Olav Lundestad, Gloppen.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR