Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. januar 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Jostedal kyrkje



Jostedal kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i Jostedal i Luster kommune. Kyrkja, som har 120 sitjeplassar, skal vera bygt kring 1660 av Hans Ottesen Ravn. Jostedal kyrkje er soknekyrkje Jostedal sokn i Jostedal prestegjeld.

Den vesle, gamle tømmerkyrkja er innramma av ein mektig natur. Dei to tidlegare kyrkjene stod truleg like i nærleiken.

Den vesle, gamle tømmerkyrkja er innramma av ein mektig natur. Dei to tidlegare kyrkjene stod truleg like i nærleiken.

Eigar: I På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 2. Sogn.

Datering: 2000.

Fotograf: Terje Eggum.

Truleg bygd i 1660

Det er prestesonen Hans Ottesen Ravn som skal ha bygd Jostedal kyrkje. Segna fortel at at tømmeret fyrst var lagt på plass attmed tomta ved Kyrkjesteinen, men vart deretter flytta av usynlege hender til staden der kyrkja no står, litt lenger nord. På den nye kyrkjestaden var det nokså tilgrodd med skog, og segna fortel at då bygningsfolket skulle grave fram ei skikkeleg tomt, kom dei over ei fin kyrkjeklokke. Då skjøna dei at staden var den rette, dei var komne fram att på staden der kyrkja i mellomalderen måtte ha stått.

I ei vise om kyrkja skriv Kristen Ormbergstøl at ho vart bygt i året 1649. Årstalet samsvarer dårleg med eit utdrag av eit notat som mellom anna kyrkjegranskar Bendixen gir att. Her vert det gitt nøyaktige opplysningar om datoar og år. Lagrettemennene erklærte ved ei synfaring på heilagtrekongarsdagen i 1656, at kyrkja, som då var 100 år gammal, var så falleferdig at ho måtte rivast. 2. oktober 1660 foretok dei same mennene ei ny synfaring av den nye bygningen og takserte kostnadene, som vart sett til 195 riksdalar. Kyrkja var 20 alen lang og omtrent 11 omfar høg.

Forlenga tidleg på 1700-talet

Seinare har årstalet 1660 vorte nytta som offisielt byggjeår, men delar av kyrkja synest å ha vore eldre. Delar av den falleferdige kyrkja var truleg brukande som material i det nye. Han som vert rekna som den store velgjeraren til kyrkja, og som kosta det meste av bygginga, er prest og kyrkjeeigar Thøger Jenssøn. Han gifta seg med Anne Christendatter, enkja etter forgjengaren Otto Hanssen Rafn. Frå fyrst av ser det ut som kyrkja har vore ein enkel bygning, der koret var ein del av det som i dag er fremste delen av kyrkjeskipet. Notatet frå 1660 nemner at kyrkja er 20 alen lang, det vil seia vel 12 meter. Det er lengda på skipet åleine i dagens kyrkje. Dei fire tårnstavane står den dag i dag bakerst i kyrkjeskipet, og viser korleis tårnet opphavleg var plassert. Mange meiner at dette er tømmer frå mellomalderkyrkja, dvs. stavkyrkja som tidlegare stod i Jostedalen. I så fall er det tømmer som både har overlevd rivinga av den tidlegare kyrkja, og snøskreda rundt 1680, då mykje av tårnet ramla av.

Det fyrste kortilbygget som vart sett attåt kyrkja, var berre tredjeparten så stort som det er i dag, og sjølve koropninga var ein god del mindre enn no. Dette byggjesteget kan vera frå tidleg på 1700-talet, på den tida Moses Maler skal ha dekorert kyrkja. I det neste byggjesteget vart koret forlenga, og det vart bygt våpenhus. I våpenhuset vart det sett opp to stavar som saman med dei to bakerste stavane inne i skipet utgjorde reisverket for det nye tårnet. Seinare vart det bygt til våpenhus i eit eige tilbygg.

Dekorert av lokal målar

Jostedal kyrkje er ei lita kyrkje med stor sjel. Ordlyden frå ei synfaring i 1722 kan gjerne nyttast om att i dag. Kyrkja vart skildra som svært godt vedlikehalden og vakkert måla innvendig. Heile kyrkjerommet er dekorert av Moses Maler i 1716 eller seinare. Stilen vert gjerne kalla regence, men er kanskje like så mykje barokk. Om lag ein meter over golvet er veggene inndelte i måla bogefelt heilt opp til taket. Annakvart felt er dekorert med kvite rankar på raud botn, og dei andre med raude rankar på kvit botn. Målinga viser her som i mange av dei andre eldre kyrkjene våre at bygdemålarane har hatt ei sjølvstendig stilling innan norsk målarkunst. Kombinasjonar og motivval er ulike frå kyrkje til kyrkje.

Fellestrekka er likevel mange, slik som dekorasjonane i kortaket. Der ein finn stjerner, sol og måne måla på blå botn. Taket er flatt, men med ein liten himling i midten.

Nytt golv i 1960

Dei gamle kyrkjestolane tilhøyrande familien til kyrkjebyggjaren og den tidlegare kyrkjeeigaren, står framleis i kyrkja. Oppe ved inngangen til galleriet er ei gammal, rosemåla dør som ser ut til å ha gjort teneste som ei tidlegare kyrkjedør. Det vesle galleriet er plassert inne i sjølve våpenhuset. Kva nytte det har gjort, veit ein ikkje, men herifrå har ein god oversikt over alle som kjem inn i kyrkja.

Før jubileumsfeiringa i 1960 vart det lagt inn nytt golv. Det gamle golvet låg rett på jorda, og då det vart fjerna, kom det til syne ei stor steinhelle som ein meiner har vore alter i kyrkja frå gammalt av. Steinalteret vart liggande attmed den nye grunnmuren under det nye kyrkjegolvet. Restar frå gamle graver under golvet, vart lagde tilbake. På 1990-talet vart taket i skipet isolert. Det er i dag skrått på midten og flatt ut mot kvar side.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1609 kom til Jostedalen i 1634 og var ei gåve frå futen Giøde Pedersen. Opphavleg hadde han gitt henne til Kaupanger kyrkje, slik innskrifta viser: "Er Denne Tafle Skenckt oc forærit Kaupangers Kircke Till Guds Nafns Æris ihukommelse aff Erlig oc velactet Mand, Gjøde Pedersøn, med sin Hustroe Kierstin Pedersz Datter Anno 1609." Futen gav ei ny tavle til Kaupanger i 1634. Det er ei eigenarta katekismetavle, som truleg er litt ombygd. Teksten på tavla er nattverdorda. Biletet i gavlen er den sigrande Kristus.

På alteret står to lysestakar i messing frå 1636. Nattverdsutstyret er ein kalk og disk frå 1794, ei udatert brødøskje og ei vinmugge frå 1964. Bibelen er frå 1806. Preikestol frå 1626, er eit litt enkelt snikkararbeid, truleg ei gåve frå Giøde Pedersen. Den åttekanta døypefonten frå 1907 er måla treskurd, laga av Sjur Bakken. Dåpsfatet er frå 1960 og dåpsmugga frå 1683. Biletteppet frå 1990-åra, er laga av skuleelevar i Jostedalen.

Prestekonestolen frå 1660-åra har to utskorne benkevangar og dør. Døra har øvst innskrive initialane "ACD", Anne Christensdatter. Ho var gift med dei to prestane Otto Hanssen Ravn og Tøger Jenssøn. I midtfeltet står "SODR", Sophie Ottesdatter Ravn. Ho var dotter til Anne Christensdatter og Otto Hanssen Ravn, og gift med Henrik Nitter, sokneprest etter Tøger Jenssøn.

Lysekrona for 18 stearinlys er udatert. Orgelet frå 1982 har fire stemmer, og er eit Jørgensen-orgel. Den fine orgelkrakken frå 1946-1947 er laga av Albert Hesjevoll. I våpenhuset er oppbevart ein udatert lås, og bjelkar med innskrift frå før 1660 som har vore i ei tidlegare kyrkje. To udaterte steinkrossar med solkorssymbol, kan ha vore gamle gravminne. Kyrkjeklokka frå 1858, er laga av der Bochumer Verein für Gußstahlfabrikation i Tyskland.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR