Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Garden Sande - frå skrivarbustad til gamleheim



Garden Sande ligg kring to kilometer vest for Balestrand sentrum. Frå 1700-talet og like fram til i dag har det budd folk her som hadde utkoma si utanom jordbruket. Her var det kort avstand til sentrum, og garden ligg uvanleg vakkert til ved Sognefjorden.

Akvarell av bustadhuset på Sande kring 1900. Det var i dette huset og i dette vakre miljøet Ashcroft og kona budde.

Akvarell av bustadhuset på Sande kring 1900. Det var i dette huset og i dette vakre miljøet Ashcroft og kona budde.

Eigar: Balestrand II Ættesoge.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: Kunstnar: Ukjend.

Sorenskrivar Bramdrup

I 1660-åra var Sande ein den av grannegarden Skåsheim. Desse gardane var bustad for futen i ytre Sogn. Då futebustaden vart flytt til Flesje i 1690-åra, tok bønder over Skåsheim, men Sande vart bustad for folk med militære yrke. År 1754 fekk sorenskrivar Bramdrup hand om Sande. Bramdrup har sett spor etter seg i stadnamna våre. I dalen Langedalen, som ligg mellom Balestrand og Høyanger, heiter det Skrivarstølen. I 1785 skreiv dåverande fut om Langedalen: "For omtrænt 20 Aar siden skal daværende Sorenskriver som boede på Balestrand have betjent sig av denne Strækning til Sommerstøl. "Sorenskrivar Bramdrup lever óg vidare i eit anna stadnamn. På Skåsheim heiter det ein stad Bramdrupsgota. Her brukte sorenskrivar å leggja spaserturane sine. Bramdrup døydde i 1761, og i auksjonen etter han selde dei mellom anna ei himmelseng med fire stolpar og himmel. Forhenget var i blått med fire gardiner og kappe.

Jacob Meidell flytter til Sande

Jacob Meidell var eldste son til oberst Meidell i Flesje. Han fekk velja gard og valde Sande framføre Flesje. Han bygde nye hus på garden i 1850-åra. Då folk arbeidde med grunnmuren til fjøset sa han: "Her gjør jeg som best jeg kan. Men når min eftermann kommer, så kaster han burt hele skiten." Fjøset Meidell bygde skilde seg frå fjøsa på grannegardane. Han bygde både fjøs og løe i ein bygning, og han var truleg den første i Balestrand som bygde gjødselkjellar. Jacob Meidell sette opp ein moderne driftsbygning minst 30-50 år før slike løysingar vart vanlege elles i bygda.

Han dreiv elles med planmessing utprøving av dyrerasar. Det skjedde i nært samarbeid med styresmaktene. Då heradskomiteen takserte garden i 1865, skreiv dei: "Kreaturene fødes på dette brug meget bedre end almindeligt." Kvart storfe vart taksert til 10 spd. og dette var den høgste taksten i heradet.

Jacob Meidell døyr

I 1884 vart Jacob Meidell sendt til sjukehus i Bergen. Den 21. februar døydde han på sjukehuset berre 59 år gamal. Då han låg på det siste, hadde han tykt så godt om salmen "I Jesu søger jeg min fred." Lærar Anders P. Øvrebø fekk høyra dette av Sara, kona til Meidell. Han øvde så inn salmen med ein skuleklasse, og i gravferda framførde klassen denne salmen. Sande hadde vore einbølt frå gamal tid og fram til no. Då mannen døydde, ville ikkje Sara bu på Sande meir. Sande vart no seldt ut i 7 mindre eigedomar. Sara og borna forlet bygda. Om lag på denne tida flytte og familien Meidell i Flesje til Bergen vinterstid.

Britisk (skotsk) på Sande

Edgard A. Ashcroft var skotte. Kring århundreskiftet hadde han reist som turist på Vestlandet. Ashcroft var kjemikar, oppfinnar og forskar. I 1907 starta han A/S Vadheim Electrochemiske Fabriker. Ashcroft og kona hadde truleg vore på leiting etter ein høveleg stad å bu, og valet fall på Sande. Ashcroft skulle betala 1900 kroner i årleg leige. Vidare skulle han kosta på bygningen for 5000 kroner. På Sande levde dei mykje for seg sjølve, men dei innretta seg britisk så langt det gjekk. Dei leigde seg hushjelp og til tider óg hundepassar og hestepassar.

Fru Ashcroft var svært glad i å ri. Ofte reid ho langs vegane på ein fjording. Høyet på eigedomen nytta dei som hestefôr. Ashcroft hadde mange hundar. Fyrst hadde dei ein stor, svær hund som gjekk i band på ein streng mellom husa. Seinare fekk dei mange andre små lodne hundar. Ved bygdevegen stod det skilt som åtvara mot hundane. Ashcroft og kona vart truleg buande i hovudhuset på Sande fram mot 1917.

Hovudhuset vert gamleheim

Hovudhuset på Sande vart no drege inn i planane for ein gamleheim i bygda. Eigaren, Marie Fjærestad, selde i 1918 for 16 000 kroner. Det var ei privat nemnd som stod bak tiltaket om gamleheim. Bustadhuset vart utvida og ombygt ein del før heimen vart opna i oktober 1920. Heimen vart driven med private midlar, gåver, innsamlingar, basarar o.l. heilt fram til 1970 då Balestrand kommune kom inn med tilskot til drifta. Det var tidlegare 1 til 2 kyr, gris og høns på bruket, og det vart dyrka poteter, grønsaker, frukt og bær til eige bruk. I 1960-åra vart gardsdrifta nedlagd, og i 1968 brann ein bygning som inneheldt fjøs, løe og eldhus ned til grunnen. Ein stor spegelbåt som tidlegare låg i naustet på garden, er no på Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Balestrand Gamleheim vart driven fram til august 1977 då det nye Balestrand Helsetun vart teke i bruk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR