Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. april 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Henrik Wergeland og stadnamnet Verkland



Farsslekta til Henrik Wergeland kom frå garden Verkland i Gulen. Dette er gard nummer 124 i Gulen kommune. Skrivemåten på slektsnamnet og på gardsnamnet har vore forskjellig gjennom tidene.

Verkland ligg ved sør for Brekke i Gulen ved vegen til Ynnesdal og grensa til Hordaland.

Verkland ligg ved sør for Brekke i Gulen ved vegen til Ynnesdal og grensa til Hordaland.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Etternamnet Wergeland

I 1993 var det 439 personar i landet som brukte etternamnet Wergeland. Av desse budde 125 i Hordaland fylke og 63 i Akershus. Statistisk sentralbyrå fortel at det i 2008 er 526 personar med Wergeland som slektsnamn (oppslag i www.ssb.no/navn). Norsk etternamnleksikon opplyser at slektsnamnet stammar frå Verkland i Gulen, Brekke sokn.

Det finst og eit etternamn Verkland eller Werkland, men dette stammar ikkje frå Gulen. Det kjem frå garden Verkland i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. I 1993 var det 43 personar som brukte Verkland og 77 personar som brukte Werkland som etternamn. Norsk etternamnleksikon tyder dette gardsnamnet på same måten som gardsnamnet frå Gulen.

Gardsnamnet Verkland

Garden Verkland i Gulen ligg ved vegen mellom Brekke (Haugland) og Yndesdalen til Birkeland, Løveid og Mollandseid i Masfjorden kommune i Hordaland. I Norsk stadnamnleksikon står det at verk kjem av gamalnorsk og tyder verk eller arbeid. I denne boka blir namnet tyda til land det er lagt mykje arbeid på.

W i norske stadnamn

W er ein bokstav vi ikkje brukar i ord med norsk opphav. Difor finn vi heller ingen oppslag i Norsk stadnamnleksikon på denne bokstaven. Oppslaget på Verkland viser til garden i Gulen og garden i Sør-Trøndelag. Det er lik tydinga av namnet i Norsk stadnamnleksikon og i Norsk etternamnleksikon.

Oluf Rygh i Norske Gaardnavne

Oluf Rygh skriv dette om gardsnamnet Verkland
"54. Værkland. Udt. Væ`rkland. - Verckeland 1603. Wirckeland 1611. Wircheland 1667. Wirchland 1723.

*Verkland eller mulig *Virkiland. 1ste Led maa være verk n. eller det ligebetydende virkin. (jfr. Gulen GN. 52). Navnets Mening er formodentlig "Land, hvorpaa der er lagt meget arbeide". Er en god Fjeldgaard. Det ligger nær at sammenligne med det oftere, især i Bratsberg og Nedenes Amter forekommende Navn Landsværk, som af O. R. Antages at betyde "Arbeide, lagt paa Land, jord" (Bd. IV,, 1 S. 82), medens Hj. Falk hellere vil tyde det som "oparbeidet jord", i Modsætning til et andet Gaardnavn, Landsefni, "Emne til Land, Gaard" (Bd. V S. 393). Af denne Gaard har Familien Wergeland Navn. Navnet Værkland findes ogsaa i Malvik, hvor det synes sikkert at være et opr. *Verkland (Bd. XIV S. 359)

Gardsnamn på -land

Det er om lag 2000 norske gardsnamn som endar på -land. Leddet tyder landområde eller jordstykke. Dei fleste -landnamna finn vi på det sørlege Austlandet og Vestlandet, færrast i Trøndelag og i den indre, nordlege delen av Austlandet. I Sogn og Fjordane finn vi ganske mange - så som Verkland (Gulen), Løland (Hyllestad), England (Sogndal), Totland (Vågsøy), Langeland og Laukeland (Gaular), Frøysland (Førde) og fleire. Dei eldste av desse gardane er frå om lag år 200 til dei yngste om lag 1000 - slutten av vikingtida.

Patronymikon og gardsnamn

Tidlegare brukte folk fars namn med tillegg av -son eller -dotter som etternamn. Dette kallast patronymikon. Denne namneskikken vert framleis brukt på Island. Når vi i eldre kjelder som kyrkjebøker finn eit gardsnamn i tillegg til førenamn og patronymikon, er dette å rekna som adressa til personen, staden personen budde. Denne adressa har så seinare vorte til etternamnet, og har då gjerne teke med seg rettskrivinga til den presten som førte kyrkjeboka. I tavla over slekta Wergeland finn vi Jon Olsen Wircheland, det vil seie at Jon budde på Wircheland, som var ein skrivemåte på 16-1700-talet, og at han var sonen til Ole.

kjelder:

Norsk etternamnleksikon. Norske slektsnamn - utbreiing, tyding og opphav. Samlaget, 2001.
Norsk stadnamnleksikon. Samlaget 1997.
Rygh, Oluf: Norske Gaardnavne i Nordre Bergenhus Amt: Oplysninger samlede til Brug ved Matrikelens Revision. Fabritius 1919.
Rygh, Oluf: Forord og Indledning : Norske Gaardnavne (..). Fabritius, 1898.
Ølmheim, Per Arvid: Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur. Stadnamnprosjektet i Sogn og Fjordane. Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling. Fylkesarkivet/Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2008. Rapport nr. 4 frå Prosjektet Nettbasert kultur- og kunnskapsformidling i Sogn og Fjordane.
Norsk biografisk leksikon. Aschehoug, 1977.
SSR - Sentralt stedsnavnregister - Statens kartverk sin stadnamndatabase. Oppslag i april 2008.
Spørjetenesta om stadnamn, Universitetet i Oslo. www.ssb.no/navn. - oppslag i februar 2008.

PERMANENT IDENTIFIKATOR