Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. mars 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gaupne bedehus



Gaupne bedehus vart vigsla i 1929. I 1952 miste bedehuset den viktigaste skriftlege kjelda til soga om bedehuset. Heile bedehusarkivet gjekk med i ein brann. Då bedehuset feira 50-årsjubileum i 1979, laga Gudrun Vigdal eit historisk oversyn - så godt det let seg gjera. Ho snakka med eldre folk. Til 70-årsjubileet oppdaterte ho oversynet. Mesteparten av denne artikkelen byggjer på Gudrun Vigdal sitt bedehushistoriske arbeid, og eit stykke om bedehuset av Leiv Bollingberg.

Gaupne bedehus 2007.

Gaupne bedehus 2007.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

2007
Gaupne bedehus ligg i Gaupne sentrum, tett attmed den gamle vegen gjennom bygda til Jostedal. Det er kvitmåla med GAUPNE BEDEHUS i store bokstavar på endeveggen mot vegen. Inngangen er i eit påbygg på øvre langsida. Huset er innreidd med inngang, toalett, kjøken og to samlingsrom, Storsalen og Småsalen. Den tidlegare Småsalen er no innreidd med sofagruppe og småbord og stolar. Elles er der kurongspel og kombinert radio og musikkspelar.

Eit stort halvsirkelforma bilete av den opstadne Jesus Kristus pryder veggen framme i Storsalen. På eine langsida heng tre bilete med bibelske motiv i klostersaum og på veggen bak i salen heng fire oljemåleri.

Vedtekter
I desember 1924 vart det gjeve gåvebrev på tomt til bedehus under gardane Svangstu og Prestegard. Huset vart vigsla vinteren 1929, men skøyte vart fyrst skriven i 1974. Det er kyrkjelyden som eig bedehuset. Føremålet kjem fram i paragraf 1 i vedtektene:

"Bedehuset skal brukast til forkynning av Guds ord, den evangelisk Lutherske læra. Når styret gir løyve, kann huset og nyttast til andre gagnlege føremål, når det ikkje strir mot bedehuset sine lover. Denne paragraf kan ikkje endrast".

I paragraf 3 står det om styreval:
"Eit styre på 5 røysteføre bekjennande kristne kvinnor eller menn med 3 varamenn vert å velgja på eit årsmøte for 3 år om gongen. Rett å vera med å røysta har alle røysteføre bekjennande kristne kvinnor eller menn i Gaupne krins. Styret vel formann, varaformann, kassastyrar, revisor og leiar av søndagsmøti i bedehuset."

Aktiviteten
I eit hefte om den yngste kyrkja i Gaupne fortel Leiv Bollingberg noko om aktiviteten på bedehuset:
"I åra som har gått har bedehuset i rikt monn vorte nytta både til forkynning av Guds ord og til andre gagnlege føremål. (..) Dei som har vakse opp og levd i bygda i desse åra, har mange rike minne frå 17. maifestar, møte, misjonsfestar, juletrefestar, søndagsskulestunder, konfirmant-førebuingstimar, basarar og ikkje minst frå filmstunder der me kunne sjå redningsskøytene i full aksjon på eit kvitt laken hengt opp mellom dei to vindaugo som var der målarstykket til Maria Vigeland heng i dag."

Måleri av Maria Vigeland

Bedehuset i Gaupne er rikt utstyrt med bilete. Det store måleriet på veggen framme er laga av Maria Vigeland, brordotter til Gustav Vigeland. Det kom på plass til 50 årsjubileet i 1979. Kunstverket vart opphavleg laga for Lilleborg menighetshus i Oslo. Då kyrkjelyden fekk ny kyrkje, vart måleriet teke ned, rulla saman og oppbevart på eit loft. Soknerådet bestemte at dersom det var eit bedehus eller kyrkjelydshus ein eller annan stad i landet som hadde bruk for eit slikt bilete, skulle dei få det.

Soknepresten i Lilleborg, Erling Ruud, som hadde band til Gaupne, gjorde bedehusfolket kjende med måleriet. Dei takka ja. Måleriet vart først sendt til Gaupne for vurdering, deretter gjekk vegen tilbake til Oslo der Maria Vigeland tok det inn på atelieret sitt. Kunstnaren friska opp fargane somme stader og la på gull på glorien.

Ein detalj i måleriet syner ein småfugl ved reiret sitt. Det dryp raude dropar ned på ungane. Innslaget er inspirert av Selma Lagerløf sin legende Rødstrupen.

Maria Vigeland var sjølv tilstades på bedehusfesten i 1979 då biletet hennar var kome opp på ny plass.

Tre broderte bilete
På langveggen frå inngangsdøra heng tre bilete i klostersaum med motiv frå Jesu fødsel. Det eine - lengst framme i salen - har motiv Engelen kjem med bod til Maria, det andre Maria møter Elisabeth og det tredje Jesu fødsel. Bileta er laga etter eit biletteppe frå 15-1600-talet som tidlegare var i den gamle kyrkja på Hafslo, men no er på Bergen Museum. Det er Nordens eldste teppe vove i lin og brodert i ull. Fagkunnige folk er ikkje samde om nøyaktig kor gamalt det er.

Bileta var ei gåve frå Anna O. Vigdal (1900-1990) som sjølv laga dei i ein alder av over 80 år.

Fem måla bilete
På veggen bak i Storsalen heng fem innramma, oljemåla bilete. Motiva minner om ikon-bilete, - portrett av Jesus, Maria og helgenar. Dei er laga av Karl Seim frå Kinn. Ragnhild Nyland, fødd Molland, kjøpte dei til mor si og gav dei seinare til bedehuset.

Andre bilete
I tillegg til desse sju bileta er det hengt opp tre bilete i glas og rame, alle med bibelske motiv: - Kvinnene ved grava, Jesus med eit barn og Jesus talar til folket ved Genesaretsjøen. Dessutan er det i Småsalen hengt opp fire bilete i stort format laga av born.

Vølingar
Våren 1951 stod følgjande notis i Sogningen/Sogns Avis:
"Gaupne bedehus har fått 10.000 kroner i gåve frå Stina Tandle. Pengane kjem vel med, huset er under vøling for tida." Notisen illustrerer to særkjenne ved bedehuset, det eine at det opp gjennom åra har vore fleire utbetringstiltak, det andre at ein stor del av finansieringa har kome ved gåver og dugnadsinnsats. Dei største, og mest synlege utbetringsarbeida skjedde i 1973-1975 og 1978, då dei høvesvis pussa opp Storsalen og sette opp tilbygg med nytt kjøkken.

Talarstolen
Talarstolen i eit bedehus er det mest sentrale inventarstykket. Gudrun Vigdal avsluttar oversynet sitt med nokre opplysningar om talarstolen og nokre tankar då ho fortalde om bedehussoga på jubileumsfesten:

"Det var vorte fortalt meg at like etter huset var bygt, mangla dei plass til den praktiske framhaldsskulen, sløydskulen, ein vinter. Då var dei i bedehuset. Og læraren, Asheim, laga då denne stolen. Om det var bestillingsverk eller gåve, veit eg ikkje. Men han er vellaga og fin.

""Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting!" [skrive på talarstolen] Lat det vera den lovnaden me byggjer på i dag, og som me vidare byggjer livet og framtida på. Lovnaden heldt for dei som har bygt og stelt her før, og vil halda for oss også! Og for komande ætter og tider."

kjelder:

Sognevarden. 15.12.1975.
Sogningen/Sogns Avis. 20.03.1951.
Historisk oversyn av Gudrun Vigdal.
Munnlege opplysningar frå Gudrun Vigdal.
Hefte om den yngste kyrkja i Gaupne av Leiv Bollingberg. Manus.
Munnlege opplysningar frå Leiv Bollingberg.

PERMANENT IDENTIFIKATOR