Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. november 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Nedstryn kyrkje



Nedstryn kyrkje er ei langkyrkje i tre på garden Kyrkjeeide i Stryn kommune. Kyrkja, som har 400 sitjeplassar, vart vigsla 6. november 1859 av prost Wilhelm Frimann Koren. Kaptein Ludolph Rolfsen laga teikningane, basert på arkitekt Linstow sine typeteikningar. Nedstryn kyrkje er soknekyrkje for Nedstryn sokn i Stryn prestegjeld.

Frå markeringa av 17. mai 1945 i Nedstryn kyrkje. Landet er fritt etter fem år med tysk okkupasjon.

Frå markeringa av 17. mai 1945 i Nedstryn kyrkje. Landet er fritt etter fem år med tysk okkupasjon.

Eigar: I Stryn historielag 1992.

Datering: 17.05.1945.

Fotograf: Ukjend.

Kyrkjestaden

Kyrkjestaden ligg eit stykke unna Stryn sentrum og byggjefelta nær fjorden, der det no bur mest folk. Men frå gammalt av var det området rundt kyrkja som var samlingspunktet. Rike oldfunn stadfestar at garden Kyrkjeeide har vore samlingsstad lenge før det vart kyrkjestad. Bumønsteret var nokså spreidd også på den tida dagens kyrkje vart reist, og det var aldri på tale å endre kyrkjestad.

Frå fyrst av var det tanken å reise ei åttekanta kyrkje til erstatning for 1600-talskyrkja, men ingen ville stå ansvarleg for eit slikt byggverk, som var basert på eit utkast frå departementet. Dermed gav kyrkjenemnda ansvaret til ein lokal byggmeister, Gjert Lien frå Eid. Han tok på seg å reise ei langkyrkje, teikna av kaptein Rolfsen frå Mindresunde. Gamlekyrkja vart riven og seld på auksjon. Om sjølve byggjearbeidet vert det fortalt at mange røynde folk deltok, og dei skal ha arbeidd i høgt tempo det knappe året førebuinga og bygginga pågjekk, fram til vigslinga i november 1859. Gardbrukarane på Kyrkjeeide og Ytreeide fekk jobben med å skaffe steinen til kyrkjemuren, og slapp å vere med i det øvrige pliktarbeidet.

Kyrkja

Nedstryn kyrkje er ei langkyrkje, men litt utypisk i forma ettersom tårnet er plassert over fremste delen av våpenhuset. På mange av langkyrkjene frå andre helvta av 1800-talet er tårnet bygt inntil eller inni sjølve ytterveggen i skipet. Innvendig var kyrkja umåla fram til 1903. Då der kom fargar, vart det sagt at desse var nokså grelle. Og då altertavla omsider fekk ramme, var ho i ein heilt annan stil enn resten av kyrkja. Noko det vart reagert på. I 1904 vart det sett inn varmeomnar, og kyrkja fekk nye benker. I 1934 var tida komen for ei skikkeleg oppussing, og kyrkja vart måla om med fargane vi ser i dag.

Kyrkjetavlestrid

Fargekonsulent og kunstmålar Roar Hauglid oppdaga under dette arbeidet den gamle altertavla som var lagd vekk på loftet. Han meinte at denne høvde mykje betre inn i kyrkjerommet enn den som då var i kyrkja. Utspelet førte til oppheta diskusjonar i kyrkjelyden. Det måtte skipast til kyrkjelydsmøte, og saka vart også godt avisstoff. Sokneprest Eilert Eriksen ville at 1600-talstavla skulle få tilbake plassen sin framme i koret, og fekk støtte av Hauglid. Men kyrkjelyden måtte gjennom ein ganske hard strid før det vart vedteke at gamle-tavla skulle fram att i lyset og plasserast på heiderplassen. I fyrste omgang vart det kalla ei prøveordning, men altertavla vart hengande. Altertavla frå 1913 av Ferdinand Kierulf Tranaas, som viser Jesu oppstode vart flytta til nordre korveggen.

Interiøret

Hovudfargane i kyrkja i dag er grå og blå. Den fyrstnemnde finst på veggene og taket både i skipet og koret. Benkene er blå med lyseblå felt og raude rammer rundt. Fargane er i ettertid vurderte av Riksantikvaren som litt dystre, men rådet om å skifte dei ut med lysare, reinare fargar er ikkje teke til følgje. Vindauga har detaljar som gjer Nedstryn kyrkje særs fin. På kvar side fremst i skipet er der to såkalla katedralvindauge i farga glas med blyinnfatning og med glasmåleri i midtfeltet. Dei er laga av Borger Haugli i 1934 og viser evangelistane, læresveinane og framstiller elles dei mest kjende forteljingane i bibelhistoria. Kvar einskild rute er gåver frå folk i bygda, som til gjengjeld har fått namna sine nedst på bileta.

Dominerande i kyrkjerommet er også dei to kraftige søylene ved inngangen til skipet som går frå golv til tak, og søylene i koropninga. Fleire mindre søyler held oppe galleriet, som er bygt fram på sidene og avrunda inn mot veggene. Sjølve kyrkjeskipet har inngangar både frå våpenhuset og på kvar av sideveggene. Våpenhuset er romsleg og har oppgang til galleriet på begge sider. Sakristia er opphavlege og bygde i forlenginga av koret. Kyrkja har hatt elektrisk lys sidan 1920, men ikkje før i 1959 vart dei gamle vedomnane erstatta med elektriske omnar. I 1963 vart det bygt bårerom og toalett i kjellaren.

Kunst og inventar

På alteret står to lysestakar frå 1864 i "Britannia-metall". Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1859 i sølv i Biedermeier-stil, ei brødøskje frå 1966 i sølv, og ei vinkanne frå 1865 i "Britannia-metall". Her ligg også eit eksemplar av Fredrik IIs Bibel frå 1589.

Preikestolen og døypefonten er frå 1859. Dåpsfatet i sølv og dåpsmugga er begge truleg frå 1859. Almissepungen er frå slutten av 1800-talet, men sverdet ikkje datert.
Dei fire måleria frå 1795 har bibelske motiv, m.a. nedtakinga frå krossen og Jesu gravlegging. Portrettet frå 1860 er av Gabriel Andreas Heiberg (1814-1879), sokneprest i Stryn 1853-1865.
Orgelet frå 1959 har 17 stemmer, bygt av J. H. Jørgensen. Her er to kyrkjeklokker frå mellomalderen.

Jordskjelv

Året var 1904 og eit orgel hadde for fyrste gong fått plass i Nedstryn kyrkje, på galleriet. Søndagen det skulle takast i bruk, var kyrkja fullsett både på galleriet og nede i kyrkjebenkene. Om lag midtvegs i preika byrja skremmande ting å skje, det var som om heile bygningen rista og skalv. Dei som sat nede, trudde at galleriet var i ferd med å ramle over dei. Folk ropte over seg. Dei fleste meinte at det verkeleg var golvet som ikkje tolte tyngda av orgelet. Mange fekk panikk og hoppa ned frå galleriet, og dei som sat i benkene sprang for livet. På kort tid var kyrkja tom for folk, men galleriet stod like støtt.

Etter kvart skjøna dei at det var naturkrefter som hadde vore på ferde. Eit jordskjelv hadde fått kyrkja til å skake. Den einaste som tok oppstanden med fatning var sokneprest Johan Bolstad. Han bad alle om å gå inn att slik at dei fekk avslutta gudstenesta. Og det gjorde dei, men støkken sat i. Kort tid etter vart det sett opp ekstra støtter under galleriet, slik at ingen skulle vere i tvil om at golvet stod støtt.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR