Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. februar 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Spor etter bedehuset Fredheim i Stryn



Den 28. desember 1952 døydde Marianna Bøe, fødd 1880. Ho budde i bedehuset Fredheim som stod i dagens Stryn sentrum. Huset blei rive nokre år seinare. Det var ikkje tilfeldig at Marianna Bøe nettopp hadde husvære i dette huset dei siste åra av livet sitt. Ho hadde tilknytning til Fredheim, som misjonær i Afrika.

<p>&laquo;Parti fr&aring; Tonning like f&oslash;r siste krig&raquo;. Biletet st&aring;r i boka Stryn Sparebank 100 &aring;r (1978). Det er dette omr&aring;det som seinare voks fram til dagens Stryn sentrum. Fredheim bedehus var eit av husa her.</p>

«Parti frå Tonning like før siste krig». Biletet står i boka Stryn Sparebank 100 år (1978). Det er dette området som seinare voks fram til dagens Stryn sentrum. Fredheim bedehus var eit av husa her.

Eigar: Boka Stryn Sparebank 100 år (1978).

Datering: 1935-1950

Fotograf: Ukjend

To bedehus i Stryn sentrum?

Marianna Bøe budde i «bedehuset Fredheim». Kva slags bedehus var dette? Var det eit av dei vanlege bedehusa, knytt til dei evangelisk-lutherske organisasjonane? I så fall på same staden som indremisjonen sitt bedehus Betania, bygd i 1907? «Fredheim» vart rive rundt 1960, og det kan sjå ut som huset si soge er gått i gløymeboka.  Dette vesle stykket er berre nokre spor: eit postkort, eit brev, nokre opplysningar i ei livsminnebok og innføringar i ei folketeljing.

Postkort med julehelsing

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har eit lite privatarkiv etter Anna Navelsaker (1882-1953) frå Hornindal. Ho reiste ei tid som bibelkvinne i Frimisjonen. Seinare utdanna ho seg til sjukesyster og arbeidde for Den norske nasjonalforeningen mot tuberkulose. I mange år var ho i Kiruna i arbeid for sjuke og fattige. Dei siste leveåra budde ho på Nordfjordeid. Ho døydde 4. mai 1953.

Mesteparten i arkivet er postkort som Anna Navelsaker fekk frå slektningar og vener. I 1998 brukte Fylkesarkivet eit av postkorta i bladet Kjelda. Kortet er frå Marianne Bøe, poststempla Stryn i 1904, og adressert til Kvæfjord i Troms. Motivet er frå garden Kjøs i Hornindal. På baksida står:

”Sender dig i dag en Julehilsen til dig og søster Larsen med ønske om at Jesusbarnet – Frelseren – maa bli stor for eder, ja alle vore vores hjerter fuld af hans Herlighed (Es. 6.3) thi det er den sande Juleglæde. For dig Anna er vel dette en kjent tragt [stad], saa du faar tage søster Larsen med og komme paa Julebesøg om ikke mer saa dog i tanken. Ja vi vil ønske eder en Glædelig Jul og et Godt og Velsignet Nytaar med Es. 9. 6-8 og Cefanias 3. 9-20. Eders søster i Jesu, Marianne Bøe. De hilses ifra mamma. Du hilses kjært ifra Thora.”

Fleire år seinare kom det brev frå Irene Bøe Pisani, busett på Kjøs. Ho kunne fortelja noko om avsendaren, Marianna Bøe:

« (…) Marianna Bøe, (…) fødd 22. april 1880 på Pålbruket i Ytre-Bø i Stryn [foreldre: Ole Arnesen og Rakel Larsdotter]. Ho var misjonær for Frimisjonen i Cavendish, Natal i Sør Afrika i 33 år og kom heimatt til Norge i 1947. Ei tid budde ho her hos oss i Kjøs, men flytte så til Stryn og fekk seg husvære i bedehuset Fredheim. Der døydde ho 28. desember 1952 og vart gravlagd ved Nedstryn kyrkje. At ho sende kort frå Kjøs [med motiv frå Kjøs], heng nok saman med at systera hennar, Kristianna, var gift med Rasmus på hovudbruket [på Kjøs].

Fredheim – bygd av «ein flokk aktive kristne menneske»

Det neste Fredheim-sporet finst i ei bok. I 2003 gav lærar Anna Skrivervik i Stryn, fødd 1926, ut sjølvbiografien Tilbakeblikk. Det står litt om bedehuset Fredheim. Fredheim vart bygt så tidleg som i 1896, av «utbrytarar», folk som hadde gått ut or Statskyrkja. Anne Skrivervik fortel:

«Utbrytarar frå kyrkja fekk vi og, enda prestane i Styrn synest å ha teke godt vare på kyrkjelydane. I 1896 vart bedehuset Fredheim bygd. Det låg i området der Karstadverkstaden kom seinare. Denne forsamlinga stod først heilt utan organisasjonsmessig tilknytning. Men utan eit visst regelverk, har det lett for å gli ut. Her slutta dei seg omsider til Frimisjonen eller Misjonsforbundet. Dette var ein flokk aktive kristne menneske. Dei fekk i gang søndagsskule, sende Marianne Bøe som misjonær til Afrika, og gav ut eit blad som heitte Fredsbudet. Men etter ei tid dabba verksemda av. I 1960-åra vart Fredheim rive i samband med omregulering av området.»

«Utbrytarar»

Kven var dei, desse «aktive kristne menneske» i Stryn, som på slutten av 1800-talet gjekk til det på den tida uvanlege steget å melda seg ut or Statskyrkja, som bygde sitt eige bedehus, som hadde trykkeri og gav ut eige blad, som tok til med søndagsskule og heldt misjonær i Afrika? Det må ha vore sterkt overtydde, engasjerte og ressurssterke folk. Anna Skrivervik har namn på ein «utbrytar»; Mathias Garlid. «Det var han som stod bak Stryns Bogtrykkeri, som starta i 1903. Dei gav først ut eit blad som heitte «Sions Gledesbud», seinare «Fredsbudet». Folketeljing 1900, tilgjengeleg i Digitalarkivet, inneheld meir:

Søk på Mathias Garlid: fødd 1872, busett på garden Garlid, tømmermann. Han står oppført utmeld or statskyrkja og har ikkje oppgjeve anna trussamfunn.

Søk på Marianne Bøe: Ho bur på garden Bø, gardsnummer 61, bruksnummer 4, og er ein av 13 registrerte personar. Ho er utmeld or statskyrkja. Det same er seks andre. Dessutan bur det to kvinner mellombels i husstanden. Begge høyrer til «Frimissionen». 1) Anna Teigland, fødd 1854 i Arna (Hordaland). Ho er «omreisende taler» og «bibelkvinde» 2) Anna Aas, fødd 1861 i Vardø, «omreisende taler» og «sygepleierske».

Det kan trygt seiast, at på teljingsdagen 3. desember 1900, stod Frimisjonen sterkt på Pålbruket på garden Ytre-Bø i Stryn. Frimisjons-folket hadde jamvel sitt eige bedehus, eit av dei første i fylket.

kjelder:

Skrivervik, Anna: Tilbakeblikk. Eige forlag. 2003.

PERMANENT IDENTIFIKATOR