Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Haugsstøylen



Haugsstøylen ligg i skogsmark i ei høgd av ca. 400 m o.h., og høyrer til gard nr. 67, Hauge ytre, og gard nr. 68, Hauge indre. Stølen er svært godt regulert med alle fjøs øvst mot beitemarka. Eit stykke lenger nede ligg dei fleste sela på rekke og nedst høyladene. Her er seks fjøs, nokre til nedfalls, og ei tuft, åtte sel og ni høylader.

Haugsstøylen med stølsjentene i stasklede, frå venstre Maria Hauge, Karolina Hauge, Johannne Austrheim, Anna Hauge, Petra Hauge, Larsina Eide, Bertine Hauge, Valborg Hauge og Jenny Hauge. Børtre og lagga trebøtter. Her er grasmark og faste trehesjer. Lite skog.

Haugsstøylen med stølsjentene i stasklede, frå venstre Maria Hauge, Karolina Hauge, Johannne Austrheim, Anna Hauge, Petra Hauge, Larsina Eide, Bertine Hauge, Valborg Hauge og Jenny Hauge. Børtre og lagga trebøtter. Her er grasmark og faste trehesjer. Lite skog.

Eigar: Karnilstuet.

Datering: 1920.

Fotograf: Ukjend.

Tilkomst

Stølen ligg i skoglia godt synleg frå Sandane. Tidlegare var lia meir utnytta til beite og slått. Tilkomst via skogstraktorveg som går noko innanfor og endar ovanfor stølen.

Bruk av stølen

Historisk er Haugsstøylen interessant. På Kulturnett Sogn og Fjordane, finn vi ein stølsoversikt frå 1935. Der finn vi Haugsstøylen i Mjelleimsmarka (1,5 km aust for Mjelleimsstøylen). Det er nemnt at dei av og til kom og henta smør og ost. Stølen vart nedlagd for 100 - 150 år sidan (rekna frå 1935), etter at dei gjekk under med ein krøterfarm på Hyefjorden. Dette vil seie at dei hadde støl der fram til kring 1800.

Haugsstølen er oppført til å ligge på ca. 420 m o.h. Dermed må nemnde Mjelleimsstøyl vere vårstølen som til vanleg er kalla Skitnestøylen. Jakob Gjengedal kjenner godt til øvre og nedre Haugsstøylen. Den ligg på Gjengedalsida av elva og ikkje på Mjelleim. Alle bruka på Gjengedal hadde der høylader tidlegare, så her var god grasmark. På eit førebels berggrunnskart går det eit smalt belte av kalkskifer frå Dalevatnet og fram til Haugsstøylen og slåtteområda. Dette er nok hovudgrunnen til det grøderike jordsmonnet. Det er interessant at elva her heiter Sletteelva. I talemålet her er slette det same som slåttemark.

Haugegardane har truleg også hatt dyr heime, kanskje vår og haust og kanskje på Gamlestøylen. Så har dei midsommars frakta mjølkedyra med båt og med jaging den lange vegen frå Hauge til Gjengedal og tilbake att om hausten. Stølsbeitet må ha vore overmåte viktig for gardsdrifta.

Noverande Haugsstøyl er då truleg kring 200 år gammal. Alle har sikkert ført opp husa sine samstundes etter ein felles plan. Det kan vere forklaringa på den gode reguleringa av stølen. Dei reiste opp på stølen kring jonsok og heim att kring 1. september. Stølsdrifta tok slutt kring 1950. Stølsvollen på Haugsstøylen er oppdyrka og vert enno gjødsla og hausta.

Gamlestøylen er også oppført på stølsoversikta frå 1935. Der står berre at den var nedlagd for lenge sidan, at den låg kring 0,5 km ovanfor Haugsstøylen og at stølen vart flytta til noverande stad. Der er nokre steinrader på 475 m o.h. som kan ha vore Gamlestøylen. Segna seier at stølen måtte flyttast lenger ned av di dei underjordiske var så plagsomme mot stølstausene.

Nokre fakta

Hauge ytre, gard nr. 67, Vereide sokn, hadde ni bruk i 1890. Hauge indre, gard nr. 68, hadde same året fem bruk. Folketalet på Hauge i 1865 var 49 på ytre og 27 på indre. I 1900 var tala 41 og 29.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 417. Sandane 1992.
Kåre Hauge, Gloppen
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR