Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. november 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

1905 - Stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane. Sjå også eigne artiklar om kvar stortingsmann.

Stortinget 7. juni 1905.

Stortinget 7. juni 1905.

Eigar: I Unionens Opløsning 1905.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Stortinget i perioden 1903-1906

Stortingsrepresentantane i 1905 vart valde i 1903 for treårsperioden 1903-1906. Stortingsvalet var indirekte, dvs. at kvart valsokn (prestegjeld) valde valmenn til ei valforsamling som så valde stortingsrepresentantane ved vanleg fleirtalsval.
Stortinget var i perioden 1903-1906 samansett av 117 representantar, - 63 frå Høgre og Moderate, 49 Venstre og fem frå Arbeidarpartiet.

Valet for Sogn og Fjordane - som hadde fem representantar på Stortinget i 1905 (som i 2005) - vart halde i Førde 9. september med 203 valmenn til stades, - 126 frå Høgre og Moderate og 77 frå Venstre.

Sogn og Fjordane-benken på Stortinget i 1905

Ved Stortingsvalet i 1903 vart desse valde frå Sogn og Fjordane:
1 Bonde Knut A. Taraldset, Innvik. Høgre.
2 Bonde Gjert Martinus M. Holsen, Førde. Høgre.
3 Lensmann Ivar Lykke F. Lind, Florø. Høgre.
4 Handelsmann Otto K. Schreuder, Gulen. Høgre.
5 Bonde Fredrik Fraas (Sjøtun), Hafslo, Høgre.

Vararepresentantar: 1 Klokkar Anfinn L. Refsdal, Vik. Høgre.
2 Lærar og bonde R.P. Hjertenæs, Selje. Høgre.
3 Bonde Ola O. Døskeland, Gaular. Moderate Venstre.
4 Bonde S.L.F. Ormelseng, Sogndal. Høgre.
5 Bonde Knut Wolff, Hyllestad. Høgre.

I Specialkomiteen

Det endelege brotet i forhandlingane mellom Norge og Sverige om eigne konsulatvesen, kom i statsråd på Stockholm Slott 7. februar 1905. Den 18. februar vedtok Stortinget å nedsetja ein breitt samansett komite med 19 medlemmer som skulle å ta stilling til den nye situasjonen.
Holsen - som var lagtingspresident - vart vald som medlem til Specialkomiteen. Knut A. Taraldset vart medlem frå 16. mars i staden for Arctander som vart statsråd i regjeringa Michelsen.

Korleis dei røysta.

Konsulatlova vart samrøystes vedteken i Odelstinget (87 representantar) 18. mai, og samrøystes i Lagtinget (29 representantar) 23. mai.
Stortingsvedtaket 7. juni var også samrøystes.

Derimot var det delte meiningar om innstilling til det endelege unionsoppgjeret mellom Norge og Sverige etter forhandlingane i Karlstad. Mange meinte at forhandlarane hadde vore altfor veike og ettergjevande. Stortinget drøfta Karlstad-semja 7. - 9. oktober. Ved den endelege voteringa røysta 101 for og 16 mot. Alle Sogn og Fjordane-representantane røysta for.

I spørsmålet om kva statsform Norge skulle velja, kongedømme eller republikk, var det óg meiningsskilnad og kvast ordskifte. Stortinget drøfta saka i fleire dagar frå 28. oktober. I den endelege voteringa over om Stortinget skulle be regjeringa ta opp forhandlingar med prins Carl av Danmark om han var villig til å la seg velja som konge i Norge, røysta 87 for og 29 mot. Alle Sogn og Fjordane-representantane røysta for, det vil seia alle var for kongedømme.
(Anfinn Refsdal var under begge røystingane med som varamann for Knut A. Taraldset.)

Stortingsmennene i 1905 - bilete og medalje

Det vart gjort ekstra stas på 7. juni-stortingsmennene. I oktober fekk Folkebladet ordna med at det vart teke portrettbilete av kvar av dei, som så vart montert på kartong med ein vakker kantdekorasjon laga av målaren Wilhelm Peters. Det var eit heller stort bilete, 60 x 84 cm.

I 1906 vart det laga ei offisiell minnemedalje om hendingane den 7. juni 1905 til stortingsmennene og statsrådane. På framsida er ein eikekrans og orda "Norges uafhængighed gjennemført." På baksida inskripsjonen: "Til minde om 7. juni 1905."

kjelder:

Heiberg, J.V.: Unionens opløsning 1905. Kristiania 1906.
Øvre-Eide, R.: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1914.

PERMANENT IDENTIFIKATOR