Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bjørnejakt på Bruhjell i 1881



I 1881 vart ein bjørn skamskoten på garden Bruhjell i Balestrand. På ettersommaren var denne bjørnen til mykje plage for folka på garden. Til slutt drog 3 mann frå Balestrand til den kjende bjørneskyttaren Nils Røysum på Leikanger. Han vart med. Likevel fekk denne bjørnejakta ein tragisk slutt.

Me har ikkje bilete av bjørnen som vart skoten i Bruhjellsli i 1881. Det einaste bilete av bjørn me kjenner til frå Balestrand, er av den sokalla Grisabjørnen. Den vart skoten på Troeggi over Troøyri i Fjærlandsfjorden. Denne bjørnen la seg etter grisene som på den tida ofte var med på stølane. Bjørnen vart dregen frå fjellet og ned til Fjærlandsfjorden og derifrå førd med båt til Mundal. Bilete vart teke i hotellhagen. Jegrane var brør. Dei vart kalla Berga-karane og heitte Bendik, Ola, Anders og Lars.

Me har ikkje bilete av bjørnen som vart skoten i Bruhjellsli i 1881. Det einaste bilete av bjørn me kjenner til frå Balestrand, er av den sokalla Grisabjørnen. Den vart skoten på Troeggi over Troøyri i Fjærlandsfjorden. Denne bjørnen la seg etter grisene som på den tida ofte var med på stølane. Bjørnen vart dregen frå fjellet og ned til Fjærlandsfjorden og derifrå førd med båt til Mundal. Bilete vart teke i hotellhagen. Jegrane var brør. Dei vart kalla Berga-karane og heitte Bendik, Ola, Anders og Lars.

Eigar: Fylkesarkivet, SFFf-93263.0001.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: Ukjend.

Styggebjørnen herjar

Bjørnen fekk namnet Styggebjørnen, og på ettersommaren 1881 var den eit trugsmål i Bruhjellsli. Ein dag skulle born frå dei to bruka til Bruhjellsstølen. Dagen før hadde bjørnen teke Aksel Bruhjell frå plassen Bruhjellsøyra og skamfare han. Dr. Meyer i Vik hadde nett vore hjå han og bøtt att såra. Borna tala om dette då dei kom opp til ein stad som heiter Rinden. I det same kom bjørnen setjande mot dei ut or ei lita rust. Gutungane var snare til å koma seg or vegen, men bjørnen sette etter Johanna som kom sist. Gutungane tok då til å skrika, og Johanna sette rett unnabakken. Bjørnen var då so mykje skamskoten at han ikkje kunne springa fort. Johanna kom seg frå bjørnen. Nede på Bruhjell høyrde dei at ungane skreik, og dei skjøna det var bjørnen som var ute. Då kom dei med langorv og øksar til å møta bjørnen med. Men dei såg ikkje bjørnen meir den kvelden.

Bjørnejegeren Nils Røysum vart med

Tysdag 9. august 1881 kom 3 karar roande til Leikanger for å tala med 27 år gamle Nils Jonson Røysum. Dei ville ha Røysum med til Balestrand for å skyta bjørnen som Mons Hagen (Sandshagen) hadde skadeskote. Røysum tok med seg bjørnerifla og den unge bjørnehunden sin. Dei overnatta på Skåsheim til neste dag.
Onsdag den 10. august kl. 5 om morgonen la Nils Røysum, Torleif Dale, Kristen Kvalheim og Hans Gjertson Langeteig i veg opp i lia ovanfor Skåsheim. Dei tok og med seg ein hund dei lånte hjå Hans Skrenes. Fylgjet gjekk utover mot Bruhjell og stansa i lia vel 1 kilometer ovanfor garden. Hunden søkte etter bjørnen, og kl. 8 fann han dyret. Hunden jaga gøyande bjørnen på skrå nedover lia, og jegrane sette etter.

Fleire skot i bjørnen

Jegrane delte seg med om lag 20 skritt mellom seg. Brått kom bjørnen uventa farande ut or eit olderkratt og sette rett mot Kvalheim. Kvalheim skaut og bjørnen endra retning. Torleif Dale, Hans Langeteig og Nils Røysum fekk og skot på bjørnen. Etter dette tumla dyret inn i nokre tette sprakar (einerar).
Røysum og Dale fekk no høve til å la om sine bakladningsrifler. Dei var ikkje før ferdige, før bjørnen kom styrtande ut or sprakekrattet. Dale skaut straks, men det såg ikkje ut til å gjera bjørnen noko særleg. Bjørnen hadde eine bakfoten avskoten, og han drog seg no rett framover mot Røysum og Dale med berre framføtene. I kraftige, rasande tak braut han seg mot dei. Då bjørnen var 2-3 meter frå dei, skaut Røysum i brystet på han. Bjørnen brølte, men drog seg vidare mot dei. Røysum sprang 2-3 meter til side, men Dale vart ståande.

Dale miste livet

Då bjørnen nådde Dale, heva han seg og slo labbane i brystet på han. Dale datt bakover. Terrenget var bratt, og Dale og bjørnen rulla nedover til dei stansa ved ei rot eller tuve. Fyrst låg Dale ovanpå, men kort etter under bjørnen. Dei rulla rundt, og Røysum torde ikkje skyta før dei ein kort augneblink låg i ro. Då gav han bjørnen eit skot like bak bogen. Bjørnen gleid av Dale og ramla utfor eit lite stup. Dale ramla og utfor skråningen og vart liggjande i ro. Hans Langeteig var den fyrste som kom fram til Dale. Dale levde då. Hans høyrde at Dale sa: "å nei, å nei", so døydde han.

Vitneavhøyr og obduksjon

Etter denne hendinga vart det vitneavhøyr og obduksjon. Distriktslegen meinte at Dale vart drepen av ei kule som hadde gått inn i brystet på Dale. For å overtyda folk, fekk legen heile obduksjonsrapporten prenta i avisa. Røysum meinte at dette var umogeleg, og hevda at bjørnen hadde teke livet av Dale. Slik situasjonen var, ville ingen lasta Røysum for noko. Bjørnejakta i Bruhjellslia denne onsdagen i august 1881 var visst nok siste bjørnejakta i Noreg der det gjekk menneskeliv.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk.
Voss, Valentin: Af en bjørnejægers oplevelser. SKALD AS, Leikanger 1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR