Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. mars 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Daae-slekta



Daae-slekta reknar sine anar frå Jonas Edvardsen (Jon Effuertsen) som var byborgar i Trondheim (d. 1683). Han hadde to barn som levde opp. Den eine fekk god utdanning ved Katedralskulen og vart immatrikulert ved universitetet i år 1700 under navnet Anders Jonæsen Daae. Frå han stammar den borgerlege slekta Daae i Noreg.

Birgitte Ludvigsdatter Munthe og Anders Jonæsen Daae, gifte i 1709. Han vart sokneprest i Vik i 1708.

Birgitte Ludvigsdatter Munthe og Anders Jonæsen Daae, gifte i 1709. Han vart sokneprest i Vik i 1708.

Eigar: I Bygdebok for Kyrkjebø, band II.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Målar: Ukjend.

Hr. Anders

Adelsslekta Daae reknast for utdøydd med Gregers Daae som fall i slaget ved Gadebuch i 1712. Hadde den norske slekta "eit utanomekteskapeleg samband" med adelsslekta Daae frå Danmark?
Anders Jonæsen Daae f. 1680 vart sokneprest i Vik prestegjeld i 1708. Grunnen til at han som 28-åring fekk eit så feitt kall, kjem av at han var ein uvanleg flink student, men han har nok også spela korta sine godt. Han var staseleg å sjå til, og det var ved prinsesse Sophie Hedevig si hjelp at han fekk stillinga. Han gifta seg i 1709 med Birgitte Ludvigsdotter Munthe og kom derved i mågskap med dei rike slektene Munthe og Leganger. Hr. Anders var prest i Vik i 54 år og prost i 44 år.


Han voks opp i tronge kår, men vart den rikaste presten i Sogn og hadde ei eige på over 40 000 riksdaler. Han avla 11 barn med si Birgitte. Dei fleste voks opp, og frå denne syskenflokken ættar alle med namnet Daae i Noreg. Eit mål på velstanden er at dottera Karen Sofie Leganger ved skiftet etter mora arva verdiar til over 3000 riksdaler, ein uhorveleg sum. Mellom anna gardane Måren, Husabø og Tryti. Halve Tønjum, halve Huke og halve Tusvig. Dessutan part i fleire kyrkjer. Mora, Birgitte, budde som enke på garden Vange i Vik.
Sonen Jonas Daae vart sokneprest i Vik etter faren, og heile syskenflokken gifta seg inn i rike slekter, og etter ein mannsalder sat der folk av Daae-slekta på dei fleste rike prestekall i Sogn og Fjordane, og dei eigde jord i alle sokn.

Godset Måren

Godset Måren kom i eiga til Daae-slekta i 1740, og sidan har ætta hatt som eit hovedsete der. Eigedommen har vore kongsgods og fullgard frå gammal tid. Godset omfatta det meste av lendet mellom Høyanger og Lånefjorden, frå fjøre til fjell, med sju-åtte bygselbruk, husmenn, stølar, sagbruk, lakseverpe, jekt og ei vøle med skog, både bjørk og furu. Det var vanleg å selje om lag 50 famnar ved for året og ein god del skurlast.

I 1768 skifta enka etter prost Anders Daae buet sitt, og dottera Karen Sofie og mannen Major Wilhelm Fredrik Tuchsen tok over Måren. Sonen hennar, Michael Sundt Tuchen (1742 - 1817), prest ved Hospitalkyrkja i Bergen, arva henne og budde i Måren i mange år. I året 1803, etter eit årstal i panelet å døma, kosta han opp det gromme huset, som enno står, i den tids embetsmannsstil. Frua hans, Anna Harboe Frimann (1743-1831) fekk ingen barn, men dei tok til seg ei pleiedotter, Christiane Sofie Fasting (1795-1887), som vart gift med kaptein Gerhard Heiberg von Daae (1788-1860). Han var offiser ved Bergenhusiske skarpskytterbatalion i kampen ved Rakkestad mot svenskane i august 1814 saman med Tjugumske compani. Dei Carlstadske jægere gjekk til åtak og fekk mange drepne, men også dei Tjugumske måtte tåla store tap av falne og såra denne blodige dagen, og då tamburen slo til oppstilling den 3. august var geledda til sogningane glisne.
Gerhard og Christiane Daae fekk åtte barn. Tre døydde små, medan to vart verande i Måren, og dei andre drog ut. Ho levde i mange år etter han og vart av bygdefolket kalla Mårefrua. Begge var venesele og rauste menneske som både var likte og respekterte i sokna.

Nye generasjonar

Etter at faren var død, styrte sonen Michael Sundt Tuchsen garden i nokre år. Han var korpsbørsemaker og offiser, men vart ikkje gammal, døydde i 1862 berre 39 år ganmmal. Skogen var han glad i og hogg lite, så i hans tid var det grov skog over alt. Mårefrua styrte med det meste i åra etterpå, men i 1875 vart dottersonen, Michael Kristian Nimb (1849 - 1919) eigar. Skogen som to generasjonar hadde spara, vart snøydd av den tredje. Han reinska liane for tømmer og bjørk, så rabbar og hamrar stakk fram i lendet over alt. Frua hans var Birgitte Sofie Amalie Fasting (1839-1912). Dei var barnlause.

No vart det syster av Michael, ei ny Christiane Sofie og dottersonen til gamlekapteinen Gerhard, som tok over. Hans navn var Gerhard Michael Daae (1868-1933). Christiane Sofie døydde i 1914. Ho var 22 år eldre enn mannen, og det var vel eit typisk fornuftsekteskap som så ofte i Daae-slekta. Han var 20, og ho var 42 då dei gifta seg.
Michael var ikkje lenge enkemann. Alt same året gjekk han i brureseng med 20 år gamle Nicoline Persdatter Espeskog. Men tru ikkje at han derved fann ei kone frå "almuen". Nei, oldemor på farssida hennar var Margrethe Tuchsen. Gerhard var ein framsynt mann. Han skjøna at proprietærane si tid i Noreg var på hell og stykka opp godset og selde til bygslemennene alt før jordlova kom. For seg sjølv heldt han att eigedommen ved sjøen med det store huset og ein del skog.
Gerhard og Nicoline fekk to barn som levde opp. Den yngste, Gerhard Melchior, fekk Måren, og slekta har eigedommen framleis.

Måren idag

Det vakre, gamle huset er velhalde. Hagen med dei kjempestore edeltrea og sjeldne busker og blomar står som i Gamle-Kapteinens tid. Over det heile ligg ein dåm av ei faren tid, med krinoliner og mamelukker, løytnantsuniformer og sprø tonar av Mozart på spinettet. Men også tvangsekteskap og eit liv fullt av konvensjonar og reglar på alle kantar. Rundt svaberga vaskar Sognefjorden, i dag som då Karen Sofie Daae for fyrste gong gjekk i land.
Marka og fjorden ved Måren har kjent dryp av tårer og høyrt glad latter frå barn og unge. Sjøen har bore kyrkjebåtane ved glade bryllup og festar, somtid glitrande og blid, andre tider kvitskummande og nådelaus.
Historikaren O. A. Øverland seierat Daae-slekta i alle år var ei underleg blanding av prestar og kaksar, og det sagdest om dei i Sogn: "Ingen Daae er fattig, ingen Daae er mager, ingen Daae kan synge".

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Adolf: Ættebok for Kyrkjebø. Utgjeve av Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Stavanger 1995 (3. opplag).
Førsund, Adolf og Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø, band II. Gardsoga. Utgjeve av Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Bergen 1963.
Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III. Bygdesoge. Utgjeve av Bygdeboknemnda i Kyrkjebø. Bergen 1978.
Daae, Aagot: Familien Daae i Norge. F. Bruns Boghandel. Trondheim 1917.

PERMANENT IDENTIFIKATOR