Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Holvikstøylen



Holvikstøylen ligg i skogsmark oppe på fjellet i ei høgd på ca. 485 m o.h. Stølen var for dei to store hovudbruka på Holvik, gard nr. 74. Men stølen har vore på vandring. Holvikstøylen låg tidlegare i Bjørndalen på andre sida av elva, nærare Austerheimsstøylen. Segna seier at dei flytta av di dei var så sterkt plaga av bjørn. Stølen vart truleg flytta til der den ligg no før 1850. Kring 1920 brann husa på det eine bruket ned og vart då oppattbygde. I dag står der 3 sel i bra stand, eit stort og eit mindre fjøs. Vidare ei heller stor høylade som visstnok var for begge bruka.

Holvikstølen med fjøs, sel og slåttemark.

Holvikstølen med fjøs, sel og slåttemark.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1999.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Stølsråsa gjekk opp frå tunet, bru over den store Holvikelva, i lia over Kleivedammen og svinga seg opp til stølen. No kan ein bruke 3 km skogsbilveg, 1 km skogstraktorveg og 1 km rås opp til stølen. Alternativ rute kan vere landevegen til Engeset og vidare veg på fjellet mot Austerheimsstøylen. Frå denne vegen kan ein nå Holvikstølen med kring 1 km traktorkjøring.

Bruk av stølen

Etter bygdeboka dreiv det eine bruket vanleg stølsdrift medan det andre ikkje dreiv lenger enn til 1895. Husa, og den delen av stølen til bruket som avslutta stølsdrifta, vart deretter leigd av nokre småbrukarar på Sandane. Nokre mindre bruk på Kleivedammen kom etter kvart også med på dette.
Holvikstøylen hadde store stølsslåtter og hadde sett opp ei stor høylade på felles. Det var sagt at slåtten utgjorde eit kyrafor. Høyet vart frakta heim på slede om vinteren. Siste året å gå til støls var 1951.

Nokre fakta

Holvik, gard nr. 74, Vereide sokn, hadde 5 bruk i 1890. Folketalet i 1865 var 65, i 1900 var talet auka til 77.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 4, side 529. Sandane 1992.
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR