Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 31. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Vetestova på Veten



Mellom stølen Dimmen i Gloppen og Moldrheimstølen i Stryn ligg det ei vetestove. Staden heiter Veten, eit høgdepunkt på vel 600 moh i terrenget der det er vidt utsyn vestover Nordfjorden og austover. Frå tidleg på 1900-talet var det lenge ei årviss fjellstemne på Veten.

Vetestova på Veten 2007, sett mot nordaust.  Stova var på det næraste nedrotna i 1910 då ungdomslaga på Tisthamar og Nordbygda bygde opp att ei ny. Seinare har det vore utført vedlikehald. Hellene skriv seg frå taket i 1910.

Vetestova på Veten 2007, sett mot nordaust. Stova var på det næraste nedrotna i 1910 då ungdomslaga på Tisthamar og Nordbygda bygde opp att ei ny. Seinare har det vore utført vedlikehald. Hellene skriv seg frå taket i 1910.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Vetestove

Ei vetestove er eit minne om militær beredskap i eldre tider. Varsling av ufred ved å brenne bål (vete) på fjelltoppane var eit signalsystem som vart nytta frå Håkon den godes tid (konge ca 940-960) til fyrst på 1800-talet.

I Heimskringla fortel Snorre at kong Håkon organiserte landet i skipreider, og at kvar skipreide skulle skaffa skip og mannskap til å verja landet i ufredstider. Til å varsla ufred vart det på høvelege stader sett opp vardar eller vetar som vart kveikte og på den måten "sende" lyssignal til neste varde i signalsystemet.

Gulatingslova har også påbod om at det ved vetane skulle byggjast vakthus med tak og fire dører. I Sogn og Fjordane vart dei gjerne kalla vetastover. Varslingssystemet med vetar vart siste gongen nytta i ufredsåra 1807-1814. Mange stadnamn er knytte til det gamle varslingsystemet. Namnet Veten mellom stølen Dimmen og Moldrheimstølen er døme på eit slikt stadnamn.

Vetestova på Veten 2007

Ein godt synleg sti til Veten går frå stølen Dimmen på Gloppen-sida. Ein annan sti går frå Tisthamar, på godt synleg sti opp til Moldreheimsstølen og derifrå på delvis synleg sti i skogvokse, og for ein del myrlendt terreng utover til Veten.

Vetestova ligg orientert aust-vest på ein godt synleg bergknaus i landskapet. Det er ein tømra bygning med torvtak om lag 3 meter lang og 3 meter brei. Det er gluggar i kvar ende. Døra er i austenden. Eit stykke vest for stova er det sett opp ein vete, eit bål av stokkar og anna brenne.

Om staden i 1910

Signaturen "E.M." skreiv i september 1910 eit stykke i Fjordenes Blad med overskrifta "Til minne um federne." Han fortalde at det på ein "rant" (knaus) mellom Vereide og Tisthamar hadde stått ein varde og ei "vaktstova". Gamle folk kunne minnast at stova stod under tak "for 50-60 år sidan". No var berre att nokre gamle rotne stokkar, som viste storleiken på stova. Det var også spor etter stokkane i veten (bålet).

Tiltak for å gjera noko

Mange tykte det var ille at den gamle vetestova skulle koma bort. Våren 1910 tok ungdomslaget på Tisthamar opp tanken om å byggja opp att ei ny stove, men dei måtte ha ungdomslaget på Nordstranda med seg sidan stova stod på Gloppen-sida av kommunegrensa. Nordstranda ungdomslag gjekk straks med på tiltaket. Kvart ungdomslag valde fire medlemmer til ei nemnd som skulle ha ansvaret for tiltaket. På eit møte på Tisthamar i mai vedtok dei å ta fatt på byggjearbeidet same hausten.

Bygd opp att hausten 1910

Byggjearbeidet starta straks innhaustingsarbeidet var unnagjort. Det laga seg meg godt ver og stova kom under tak på ei snau veke. Dei tekte taket med heller og torv for å sikra ekstra godt mot hardt driv, fortel innsendaren "E.M." i stykket sitt. Til slutt fortel "E.M." at det er tanken å skipa til ei stemna sommaren etter [dvs. 1911], "til minne um federene og deira vakthald for fedrelandet."

Årvisse stemne

Det blei ikkje berre med tanken, men etter alt å døma ikkje før sommaren 1912. Det kan sjå ut til at dei gjorde vetestova heilt ferdig i 1911 og så skipa til den første stemna i august 1912. Sogeheftet om Firda Ungdomslag opplyser at stova "vart bygd uppatt" i 1911 og ordlyden i ei annonse 1912 om at stova er "reist upp att", tyder på at stemna i 1912 var den første av det som skulle verta årvisse stemne.

Fjellstemnet på Veten vart halde årvisst heilt fram til om lag 1970 bortsett frå avbrot under krigen 1940-1945. Det vart gjort eit forsøk på å få til stemnet att kring år 2000, men etter to-tre år var det stopp.

Folk fortel at stemna var ei festhelg der både eldre og yngre var med. Frå Tisthamar gjekk dei gjerne opp til stølane om laurdagskvelden og så ut til stemnestaden om søndagen. Det var tale, song og musikk. Og til matøkta vart det kokt kaffi i in stor kjel på ei grue eit stykke unna vetestova. Dei brukte å skiftast om tilskipinga, tisthamringane det eine året, og nordstrendingane det andre.

kjelder:

Firda Ungdomslag i 25 aar. 1922.
Fjordenes Blad. 17.09.1910, 15.08.1912. Munnlege opplysningar frå folk på Tisthamar, 2007.

PERMANENT IDENTIFIKATOR