Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Setrar i Hornindal



Til mange av gardane i Hornindal høyrer det store utmarksområde. Desse dalføra vart tidleg utnytta til sommarbeite, utmarksslått og seterdrift. Dette var ein viktig del av levegrunnlaget for bøndene. Setrane som ligg her i dag er viktige og vakre minne om den aktiviteten som har vore i utmarka, heilt fram i mot vår tid.

Slik ligg sela som perler på ei snor på Bruasætra, med den gamle kvia omkring. I bakgrunnen i aust skimtar vi Hjortedalssætra.

Slik ligg sela som perler på ei snor på Bruasætra, med den gamle kvia omkring. I bakgrunnen i aust skimtar vi Hjortedalssætra.

Eigar: Hornindal kommune.

Datering: 2000.

Fotograf: Siri Gausemel.

Til seters

Hornindalssætra, Strynesætra, Hjortedalsætra, Storesætra og Bruasætra er alle døme på større setrar som vart brukte tradisjonelt relativt lenge.
Heilt fram i mot 1950-60 var seterdrift eit vanleg fenomen. Ettersom dyra var ute på beite sommarstid måtte mjølkinga gå føre seg andre stader enn på garden, nærare dyra sin tilhaldsstad. Dyr og budeier flytte gjerne til seters på ein avtalt dag om våren, og dette var starten på ein hektisk sesong. Eldre folk fortel: - Det var oftast smågutane som fekk jobben å jage kyrne nord i seterdalen, men det var no ein lett jobb for kyrne visste kvar dei skulle, så dei var ikkje tunge på foten.
Mykje utstyr skulle vere med lasset, - teppe, sengeklede, halm til å fylle sengene, koppar og kar. Ein kan lett tenkje seg at det var mykje liv og røre på setra denne dagen, med hestevrinsk og raut langs alle vegar.

Ein jobb for "tausene"

Det var ungjentene som ofte fekk ansvaret for seterdrifta. Dei måtte kome seg til seters kvar ettermiddag, for å gjere kveldsstellet, - sanke, mjølke, rydde og stelle med mjølka. Om natta sov dei der, så mjølka dei att om morgonen, og hadde dyra klar til gjetargutane kom og skulle jage dei på beite. Det vart tid til ei frukost-stund før dei tok på heimveg, ofte med mjølka på ryggen, for å delta i det daglege gardsarbeidet. Noko av mjølka vart sett til surning, så ein fekk surmjølk og rømme, der det var veg vart denne ofte henta med hest og vogn, nokre gonger i veka.
Når det leid på haust skulle seterkviene gjerne slåast. Då vart det endå meir arbeid oppe i dalen.
- Det kom hestar og vogner som skulle køyre høyet ned i bygda. Karane slo med ljå og kvinnfolka raka, fortel folk som hugsar seterlivet.

Setrane våre i dag

Fleire av setrane i kommunen er haldne i svært god stand. Seterdrifta på Strynesætra vart avvikla og erstatta med fellesdrift på Sandgrova i 1956. Dette var den fyrste fellessetra i Sogn og Fjordane, og her heldt dei fram med sommarmjølkinga heilt fram til 1997.
Kyr og sauer beiter framleis i seterdalane, men på kvier og i sel er det no stort sett fritidsaktivitetar. som går føre seg. Folk er glade i setrane og den stemninga som framleis ligg der. Dei større setrane i Hornindal, som er nemnde ovanfor, er alle tilknytt farbar bilveg. Dette er med på å gjere seterdalane til attraktive og lett tilgjengelege rekreasjonsområde.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Høines; Oline Fannemel: Seterliv på Bruasetra. I Hornindal historielag: Årsskrift. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR