Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. februar 2001

Sist oppdatert 02. juli 2021

Kategori

Rå-data

Storbrann på Vikøyri i 1838



Det har vore to store brannar på Vikøyri, det var i 1838 og 1922. Brannen 16. juni 1838 var den verste.

Den gamle naustrekkja på Vikøyri før vegen vart bygd framom naustrekkja. Handelsmann P. P. Kvamme sin forretning til høgre. Det store bygget til venstre er gamle Frelsesarmebygget i Vik. Nausta står tett i tett, berre med eit "hammarslag" mellom.

Den gamle naustrekkja på Vikøyri før vegen vart bygd framom naustrekkja. Handelsmann P. P. Kvamme sin forretning til høgre. Det store bygget til venstre er gamle Frelsesarmebygget i Vik. Nausta står tett i tett, berre med eit "hammarslag" mellom.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-93110.0037.

Datering: 1910-20.

Fotograf: Ukjend.

Stort omfang

I brannen i 1838 strauk 294 hus med, og 81 huslydar med til saman 333 personar vart huslause.

Byrja hjå landhandlar

Brannen tok til hjå landhandlar J. B. Valentinsen, truleg i ein bakaromn. Elden spreidde seg med voldsom fart. Då vinden etter kvart dreia aust, strauk omtrent alle hus med frå hovudgata til elva Vikja. Militære mannskap var i Vik på øving, og dei gjorde det dei kunne for å sløkkja. Men med dårleg sløkkjingsutstyr, og den sterke vinden, var det lite dei kunne utretta.

Kommunestyret

Det nyoppretta kommunestyret heldt møte to dagar etter brannen, den 18. juni. Det vart valt menn til å gå rundt til alle oppsitjarar og samla inn mat og anna til dei brannlidne. Alt det som ein fekk inn, vart samla på ein stad og delt ut att til familiane etter trong.
Gardbrukararne i Vik vart pålagde å yta 2 kr. pr. skylddalar. Fattigkassen gav 400 kr til dei som var råka av brannen. Samtlege kommunestyre i fylket og i Bergen vart bedne om hjelp. Gåver og eit statslån på 4000 kr skulle brukast til oppsetjing av nye hus. Statslånet vart fordelt som lån til dei brannlidne mot pant i husa eller annan garanti. Husa skulle og ha brannforsikring.

Nye hus

Dei fleste husa på Vikøyri er bygde etter brannen i 1838. Oppattbygginga skjedde nokså planlaust. Husa vart ståande svært tett, ofte berre med eitt hammarslag mellom. Brannen i 1922 herja på eit mykje mindre område enn brannen i 1838, og det var området rundt hovudgata som då vart hardast ramma.

Bilete som viser kor tett husa sto. Biletet er teken etter brannen i 1922.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sæbø, Arne Inge: 160 år sidan storbrannen på Vikøyri. I Pridlao, nr. 2, 1998. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Vik lokalhistoriske arkiv:
Kommunearkivet, formannsskapsprotokoll 1838.

PERMANENT IDENTIFIKATOR