Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Kjøsnesstova



Jølster har mange gamle stovehus. Eit av dei største er Kjøsnesstova, også kalla Bydalsstova, i dag eitt av mange freda hus i Jølster. I si tid var ho stove på garden Kjøsnes, og nytta til samkome i grenda. Stova vart i 1926 flytta ut av tunet og sidan nytta som hytte.

Kjøsnesstova vart fram til 1925 mykje nytta til ulike samkomer i grenda. Ho var etter den tids standard rekna som nokså romsleg. I 1926 vart stova flytt frå tunet på Kjøsnes etter at ho vart seld til Trygve Bydal.

Kjøsnesstova vart fram til 1925 mykje nytta til ulike samkomer i grenda. Ho var etter den tids standard rekna som nokså romsleg. I 1926 vart stova flytt frå tunet på Kjøsnes etter at ho vart seld til Trygve Bydal.

Eigar: Johannes O. Kjøsnes.

Datering: 1990.

Fotograf: Johannes O. Kjøsnes.

Bygningen

Stova står på gard nr. 30, bruk nr. 1 på Kjøsnes, og er eigd av Johannes O. Kjøsnes. Det er ei røykstove, som med sine kring 63 m² er noko større enn dei vanlege sperrestovene. Huset er kring 9 meter langt, og kring 7 meter breitt. Stova har inngang midt på eine endeveggen, og til høgre ligg kjøkkenet, med trapp opp til lemmen. Til venstre er det ein kove. Inni stova var røykomnen plassert i høgre hjørnet ved sida av kjøkenet. Den gamle røykomnen vart riven i 1904, og erstatta med vedkomfyr. Røykomnen vart sett opp att då stova vart montert på ny i 1926. I endeveggen har det vore to vindauge. Stoverommet, sjølve røykstova, er omtrent kvadratisk.

Om stova sitt opphav

Etter det dei fortel på Kjøsnes, er stova oppført ein gong mellom 1736 og 1765. Materialen skal ha vorte henta i Dvegsdalsdalen. Stova vart sett opp i tunet på Kjøsnes, der to naboar hadde huset i lag. Ei tid vart stova nytta til hestestall av kjøsnesfjordingane, før ho vart stovehus på bruk nr. 1.

Ein eldre tradisjon vil ha det til at stova kan skriva seg frå kring 1500. Etter ein annan tradisjon, nedskriven av Nils Husetuft, vart stova bygd på Via i Førde. Eller så var det slik at tømmeret til stova kom derifrå. Dette skal ha skjedd då Ola Borgerson Via (1614-1693), flytte til Dvergsdalen. Etterkommaren hans, Ingeborg Rasmusdotter Dvergsdal, vart gift til Kjøsnes. Ho vart enkje kring 1765. Husa på Kjøsnes var dårlege, og Ingeborg skal då ha fått flytta stova frå Dvergsdalen til Kjøsnes. Men på Kjøsnes meiner dei å ha høyrt at stova av tømmer frå Via var ei anna, mindre stove, som stod i tunet på Kjøsnes, og vart nytta som matstove. Dette huset vart så, truleg frå 1898, nytta som sommarfjøs, før det i 1979 vart flytta til Sunnfjord Museum.

Frå stove til hytte

Kring 1826 vart Kjøsnesstova teken over av brukaren på bruk nr. 1, Daniel Olson Kjøsnes. Då vart stova teken ned til grunnen, og sett opp att på plassen ho hadde i tunet til ho på ny vart flytta. Det vart sett inn ny bete, der Daniel Olson Kjøsnes skar inn initialane sine og årstalet 1826.
Den i si tid romslege stova vart tidt nytta til samkome av ymse slag i grenda. Siste gongen var julefesten i 1925. Stova var i vanleg bruk til ho i 1926 vart flytta frå tunet, etter at ho året før vart selt til distriktslege Trygve Bydal, Førde. Dette er grunnen til at stova sidan òg har gått under namnet Bydalstova. Bydal og dåverande eigar, Johannes Danielson Kjøsnes, var gode vener.

Stova vart selt til Bydal fordi ho dermed vart ståande på Kjøsnes, ved Jølstravatnet, eit stykke frå tunet, og sørvest for den freda Kjøsneshaugen. Stova vart òg i ettertid nytta av andre som før. Stova kom i 1986 attende til slekta på bruk nr. 1, som vi med visse kan seie ho hadde tilhøyrt i meir enn 100 år før ho vart selt i 1925. Huset vart freda i 1923.

Bilete av Kjøsnesstova.

kjelder:

Johannes O. Kjøsnes: Soga om Kjøsnesstova. Fortald av Ola J. Kjøsnes. Stensil. Kjøsnes 1980.
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga: Bygningsteknisk arkiv.

PERMANENT IDENTIFIKATOR