Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegen mellom Reed og Sandane



Mot slutten av 1800-talet vart vegbygging meir og meir avgjerande. Særleg gjaldt det bygdene som hadde lang veg til fjorden og dampbåten. Dit måtte dei skulle dei få avsetning på jordbruksvarene sine. For Breim var det viktig å få veg til Sandane.

Storemuren kallast eit av dei oppmura partia rundt 700 m frå Vassenden. Her ser vi den 40 m lange muren som er 22 m høg. Muren er mura over "eit gjel" i den bratte fjellsida. Årstalet 1887 er hogge inn. Muren er høg og solid. Den har overlevd tunnelbygginga og vegutbetringane. Storemuren og vegen ligg i dag på utsida av den store Breimsfjelltunnelen på 800 m som vart opna i 1978.

Storemuren kallast eit av dei oppmura partia rundt 700 m frå Vassenden. Her ser vi den 40 m lange muren som er 22 m høg. Muren er mura over "eit gjel" i den bratte fjellsida. Årstalet 1887 er hogge inn. Muren er høg og solid. Den har overlevd tunnelbygginga og vegutbetringane. Storemuren og vegen ligg i dag på utsida av den store Breimsfjelltunnelen på 800 m som vart opna i 1978.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen.

Datering: 1889-1893.

Fotograf: Knud Knudsen.

Isolerte bygdelag

For å komma til sjøen måtte breimingane anten reisa over Breimsvatnet, eller over Utvikfjellet, som mest var uframkommeleg om vinteren. Veg ville vera til store bate breimsbygdene, og Gloppen ville få vegsamband sørover til Sunnfjord og Sogn. Men vegomlegginga ville bli dyr. Berre parsellen Reed-Vassenden ville komma på 1900 spesidalar. Det var difor ein føresetnad å få statstilskot. Saka kom opp igjen i 1862, men då kravde staten 1/4 i distriktstilskot, og det var ikkje fylket villeg til å yta, grunna økonomiske nedgangstider.

Krav om veg mellom Reed og Sandane

Kravet om veg til Sandane kom opp att i 1870. Breimingane ville heller ha veg dit, enn betre veg over Utvikfjellet. Sjølv om vegen over fjellet vart utbetra ville han "paa langt nær (..) blive af den Nytte for Bredem som en Vei langs Vandet til Gloppen", hevda representantar frå Breim. Situasjonen hadde og endra seg då Sandane hadde fått dampbåtstogg i 1869. Staden vart stoppestad for kring 1200 menneske i Gloppen kommune, og for meir enn 2000 i Breim og indre delen av Jølster. Veg til Sandane var difor av stor interesse for svært mange.

Stortingsløyving

I 1877 var det semje i fylkesformannskapet om at Våtedalslina skulle gå inn som naturleg sambandslekk i veglina Sunnfjord-Nordfjord, med vidare forlenging fram til Sandane. I 1880 løyvde Stortinget midlar til anlegget Sandane-Reed med 3/4 av kostnaden, og fylkesformannskapet gjorde vedtak om 1/4 som distriktstilskot. Gloppen kommunestyret hadde tidlegare gitt tilsegn om grunn, gjerdehald og vedlikehald. I 1885 oppmoda kommunestyret fylket om å setja fart i veganlegget, då vegen over Utvik enkelte stader var øydelagt av flaum.

Vegarbeid i farleg fjell

Vegstykket Reed-Sandane var 14 km, og terrenget var bratt og vanskeleg. Ovanfor Vassenden og i Gullkistefjellet måtte lange strekningar sprengjast inn i stupbratte fjellsider. Stykket Reed-Vassenden vart bygd frå 19. januar 1884 til 6. oktober 1888. Den 21. juli 1886 utnemnde vegdirektøren kaptein H. H. Rosenquist til å ".. bestyre veganlegget Reed-sjøen i Gloppen". I tillegg vart vegen knytt saman med dampskipskaia som då var nybygd.

Økonomiske vanskar og politisk usemje

Den gamle bygdevegen mellom Byrkjelo og Reed måtte utbetrast for å kunne takast opp som hovudveg, og grinder måtte erstattast med gjerde. Men Breim var ikkje villeg til å ta kostnadane for grunn og gjerde. Vegdirektøren ville ha anlegget opp på statsvegbudsjettet 1896-97, men fylket ville ikkje løyva tilskot før Breim hadde gjort dei nødvendige økonomiske vedtaka. Anlegget konkurrerte med andre anlegg, mellom anna i Stryn, og det heile enda med at bygdevegen ikkje vart utbetra til hovudveg før i 1906.

Turisme og nye næringar

Den nye vegen gav grobotn for andre næringar. På Sandane vart Sivertsens Hotell bygd alt i 1866, med nybygg i 1890. I 1880 kom Hotell Gloppen. I 1897 byrja Firdaheimen og frå 1905 Bondeheimen. På Sandane dreiv Sivertsens Hotell, Berent Sandane og Anders Ødven skyssing. Seinare kom også Hotell Gloppen og Kornelius Mardal med i denne trafikken. På Breim køyrde ein del av gardbrukarane skyss i høgsesongen, og skaffa seg slik ei god attåtinntekt. 17 øre kilometeren for ein person, og for to var det 25 øre. Taksten for skyssing mellom Sandane og Reed var kr 2,38 for ein person og turen tok 1 1/2 time. Utanlandske sportsfiskarar kom til Sandane og fiska langs Gloppeelva, der dei leigde fiskerettar. Her venta skysskarane i mange timar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919. Bergen 1921.
Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1958.
Sandal, Per:Soga om Gloppen og Breim. Bd II, Sandane 1979.
Statens vegvesen Region Vest.

PERMANENT IDENTIFIKATOR