Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mai 2009

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Folkestad bedehus



"eit av dei finaste (...) bedehusa i vide krinsar." Det skreiv Brynjulv Lunde i ein avisartikkel om Folkestad bedehus då huset runda 50 år i 1963. I 1939 vart bedehuset vigsla til kapell, men namnet bedehus vart brukt heilt til huset vart påbygt i 1983 då vart "bedehus" endra til "bedehuskapell". Denne artikkelen er ein utfyllande artikkel til artikkelen om Folkestad bedehuskapell.

Folkestad bedehuskapell år 2008. Bygningshistoria er tredelt: midtpartiet stod ferdig i 1913, koret i 1940, og tilbygget i nord (venstre) i 1983

Folkestad bedehuskapell år 2008. Bygningshistoria er tredelt: midtpartiet stod ferdig i 1913, koret i 1940, og tilbygget i nord (venstre) i 1983

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Brynjulv Lunde skreiv historisk attersyn i 1963 

Folkestad bedehus vart teke i bruk i 1912 men vart ikkje vigsla før året etter, den 25. mai 1913. Til 50 årsjubileet i 1963 skreiv Brynjulv Lunde ein lenger artikkel i Firda om soga til huset. Lunde har med meir om den eldste soga om bedehuset i artikkelen sin enn i artikkelen i Kulturhistorisk Leksikon om Folkestad bedehuskapell, som er ei redigert utgåve av artikkelen i boka På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane (2000).

Misjonstiltak eller breitt bygdetiltak? 

Artiklane er ikkje heilt samanfallande om korleis det bar til at bedehuset på Våge vart reist. I følgje Lunde var det misjonsfolket som gjorde opptaket og dreiv fram byggjearbeidet. Artikkelen i På kyrkjeferd .. held fram at ynskje om eige "gudshus" sprang ut av at folk kvidde seg for sjøstrekninga over til Vilnes (Folkestad-Våge-Korssund-Lutelandet, Lammetu) høyrde til Askvoll prestegjeld, Vilnes sokn). Grendene fekk eigen kyrkjegard like etter 1900, og "undervegs i arbeidet [med kyrkjegarden] byrja planane om eit eige gudshus å ta form.", står å lesa i På kyrkjeferd.

Misjonsfolket arbeidde i lag 

Folkestad indremisjon vart skipa i 1897, eitt år før Det Vestlandske Indrmisjonsforbund. Møtet vart halde i løa til David M. Folkestad. Årsmøta samla mykje folk og det var eit heilt arbeid å rydda løer og setja i stand til "møtesal". Difor gjekk det ikkje lang tid før indremisjonsfolka tok til å emna på planar om å byggja bedehus.

Men kristenfolket som sokna til Det Norske Misjonsselskap (NMS) hadde også trong for bedehus. (Gamlemisjonen var i mange år eit folkeleg namn på Det Norske Misjonsselskap, misjonsorganisasjonen frå 1842 som hadde som hovudmål å senda ut misjonærar til andre verdsdelar for å driva misjon for kristendommen.) Gamlemisjonsfolka slutta seg til tanken om å byggja bedehus og støtta opp om pengeinnsamlingsarbeidet indremisjonsfolket sette i gang.

Det første møtet 

I 1911 vart alle som var interesserte i å byggja bedehus kalla saman til førebuande møte hjå Kolbein Skaar. Nokre menn hadde alt gått i gang med arbeidet: Gerhard Folkestad, Adolf Folkestad, Bernt A. Folkestad, Sjur Hovland, Jakob Einen og Johan R. Skaar. Dei hadde kjøpt inn materialar og hadde fått lovnad på gratis tomt hjå Alexander Folkestad.

Våge i staden for Folkestad

På møtet hjå Kolbein Skaar kom det opp framlegg om å byggja huset i Våge i staden for på Folkestad, vel 1 km lenger nord i bygda. Grunngjevinga var at dei no heldt på med å laga til hjelpekyrkjegard der. Huset ville koma til nytte ved gravferder. Johan S. Skaar, frå Korssund, hadde fått lovnad på gratis grunn hjå Joar Holstad.

Eit anna godt kort for den nye staden Våge, var at mannen som hadde påteke seg å byggja huset, Gerhard Folkestad, sa frå om at dersom huset ikkje vart bygt i Våge, ville ikkje han å noko med byggjinga å gjera. Fleire på møtet forandra meining, og det vart vedteke å byggja i Våge. I artikkelen sin skreiv Brynjulv Lunde (1963) at "vi som bur her i dag er glade for at planane vart forandra". Huset vart på denne måten liggjande om lag midt i bygda.

Byggjearbeidet 

På møtet i 1911 vedtok dei å gå i gang med byggjearbeidet. Grunnen vart utgraven på dugnad. Ivar Haugen og fleire mura kjellaren. Gerhard Folkestad var arkitekt, byggjeleiar og bygningsmann. Han hadde god hjelp av Adolf H. Folkestad og Kristen O. Hovland. For arbeidet hadde dei til saman 330 kroner. Elles nemner Lunde at det var Gerhard Folkestad som bygde bedehuset i Skifjord (1914) og i Dale i Luster (1903).

Sleppte ikkje til ungdomslaget 

Samla kostnad då huset vart teke i bruk i 1912 og vigsla i 1913, var mellom 3 og 4000 kroner, men då var ikkje matsalen i kjellaren ferdig. Det frilynde ungdomslaget tilbaud seg å setja kjellaren i stand mot at dei fekk nytta han. Men Kolbein Skaar var imot dette, fortel Brynjulv Lunde. På eiga rekning leigde han ein mann med seg og fekk med seg andre på dugnad og sette i stand kjellaren.

Vigsling 

Folkestad bedehus vart teke i bruk i 1912, men først vigsla året etter, 25. mai 1913. Andreas Lavik, den første sekretæren i Vestlandske Indremisjon, var ein av hovudtalarane. Johan Midttun var tilstades på vegner av Misjonsselskapet. Forkynnaren Matias Orheim frå Stårheim var óg med.

Lover og styring 

Lover for Folkestad bedehus blei vedtekne på eit møte dagen før vigslinga. Vedtektene vart førde i penn av Andreas Lavik og paragraf 1 hadde denne ordlyden: "Huset eies av de ved innvielsen eksisterende indremisjons- og hedningemisjonsforeninger [Gamlemisjonen] innen krinsen. I paragraf 6 stod det at Det Vestlandske Indremisjonsforbund og Det Norske Misjonsselskap hadde avgjerdsrett i eventuelle tvistemål det lokale styret ikkje greidde å løysa. Brynjulv Lunde peikar på at det var var Indremisjonen og Misjonsselskapet som vart ståande som eigarar, men det var bygdefolket som hadde kosta huset.

Kyrkjelege handlingar - kapell 

Folkestad bedehus vart snart teke i bruk til kyrkjelege handlingar. Såleis vart det ordna med altarring som kunne setjast inn i huset når det var nødvendig. Det vart vanleg at konfirmantane gjekk til altars i bedehuset.

Huset vart også teke i bruk ved gravferder. På slutten av 1930-talet vart huset bygt på med kor i sør. Bygdefolket tok kostnaden saman med Askvoll kommune. Ingeniør Sigurd Haugen i Stongfjorden laga teikning, og byggmeister denne gongen var som i 1912, Gerhard Folkestad. Huset vart vigsla til kapell i 1939 av biskop Andreas Fleischer.

Ombygging kring 1980 

I 1978 stod ombygging av Folkestad bedehus på saklista til kommunestyret i Askvoll (området vart lagt til Fjaler frå 1. januar 1990). Kommunestyret vedtok å kosta den planlagde ombygginga med tårn, sakristi og utviding av kjellaren for å få eit betre sanitæranlegg. Ikkje alle var samde i den påtenkte ombygginga.

Bernhard Folkestad (Kristeleg folkeparti) meinte at eit bedehus korkje skal ha tårn eller sakristi. - Huset blei bygt som bedehus og det må det få lov til vera, heldt han fram. Det var å øydeleggja for "Gudsrikes arbeid" å endra på huset, refererte avisa Firda. I ordskiftet heldt Folkestad vidare fram at namnet kapell i tillegg til bedehus var eit haleheng som prestane ville ha. Bygningen var innvigd til kyrkjeleg bruk (1939), og huset var fullt tenleg etter hans meining.

Bernhard Folkestad vann ikkje fram. Det ombygde bedehuset stod ferdig i 1983, og det offisielle namnet vart no Folkestad bedehuskapell.
 

kjelder:

Firda, 03.09.1963
Firda, 06.07.1978