Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Seimsstøylen



Seimsstøylen ligg på fjellet ved nordenden av Rådavatnet (Stølsvatnet) i ei høgd på ca. 780 m o.h. Det er usemje om namnet på stølen. På kart over Nordre Bergenshus Amt frå 1870 står Sejme Sr. Her vert derfor brukt Seimsstøylen. Det er brukarane på Bø, gard nr.113, Råd, gard nr.114 og Seime, gard nr.115, som har denne stølen. No er her 5 sel, der av to steinfjøs, omgjorde til å bu i. Vidare ein steinfjøs til med tak. Dei to nemnde steinfjøsa er omgjorde til sel på ein miljømessig heldig måte. Skissa frå 1900 viser langt fleire hus.

Utsikt over Seimestølen.

Utsikt over Seimestølen.

Eigar: Torgny Ueland.

Datering: 1997.

Fotograf: Torgny Ueland.

Tilkomst

Det er sagt at stølsråsa skulle vere kring 10 km, bratt og tung. Det gjekk nok om lag to timar kvar veg og med tunge bører. Årdalgrenda hadde tidlegare berre båtsamband. På nemnde amtskart er rås/sti avmerka frå denne grenda, går via Årdalsstøylen og til Seimsstøylen der den deler seg i to (til Seime og Råd/Bø). Dette viser at dei frå eldre tider måtte over stølsområda når dei skulle ferdast over land. Til Seimestølen reiser dei fleste no med bil til Årdalsstøylen og tek råsa derfrå.

Bruk av stølen

Nils Seime og Kjell Råd har skrive mykje om stølen. Det står og ein god del i bygdeboka. Det meste om stoffet nedanfor er teke herifrå.

Stølsbeita i fjella mellom Seimsstøylen og Årdalsstøylen må alt i gamal tid ha vore ein grunnleggjande ressurs for gardsdrifta. Det viser dei mange stridigheiter og rettssaker om dette bakover i tidene. Etter Ålandsboka var det i 1645 ei semje mellom Råd og Bø der Bø gjekk med på å byte heimehamna etter skyld imot at Råd "undte og bevilget" Bø fjellhamn med seg på fjellet. Om lag på same tid var det strid mellom Seime og Bø/Råd om fjellhamn. Bakgrunnen for striden må vere at bøarane og rådarane hadde trekt nedover frå dei opphavelege stølane sine av di beita var skrinnare der. Gamle Rådastøylen har fleire nemnt. Og merkeleg nok, ein Bøastøyl oppe ved Bøavatnet i høgde ca. 1100 m o.h. Ein skulle ikkje tru det gjekk an å ha støl så høgt oppe.

Men på Kulturnett Sogn og Fjordane (Internett) er det ei stølsliste frå 1930-åra. Der står oppført "Bøastølen oppmed Bøavatnet". Vidare at dei slutta å bruke den for 60-70 år sidan - altså ca 1860. På same lista er nemnt "gamle Rådastølen" kring 600 m vest for noverande støl. Ingen kunne seia når den var i bruk. I 1762 var det ei sak mellom Borni Olsdatter Årdal og Seime, Råd og Bø om at "deres smaler opæde hendes Slottemark i Urslotterne". Det skulle vel tyde på at alle tre gardane hadde støl på noverande stad.
Nils Seime viser på kartet sitt frå 1900 alle tre gardane med sine stølshus, 12 fjøsar og noko mindre tal sel. Dei fytte opp i fyrstninga av juli og var der til barsok (24 august). Dei bar mjølka med seg heim i seinare tider. Tidlegare vart mjølka sett til syrning i askar og rjomen frakta heim i rjomeambaren. I 1930 åra nærma det seg slutten på tradisjonell stølsdrift og vel 1940 vart det slutt.

Nokre fakta

Bø, gard nr. 113, Breim sokn, hadde 8 bruk i 1890. Råd, gard nr. 114, hadde same året 5 bruk. Seime, gard nr 115, hadde 3 bruk i 1890.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR