Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Gravhaugfeltet Moahaugane



Moahaugane er namnet på eit stort gravhaugfelt på Hove i Vik. Dette er dei mest kjende gravhaugane i bygda.

Frå utgraving i Moahaug 7 i 1913. Det var Bergen Museum som sto bak utgravingane. Moahaugane har 9 gravhaugar og ligg frampå ein terrassekant på Hove i Vik. Gravhaugane er frå 200-400 e. Kr.

Frå utgraving i Moahaug 7 i 1913. Det var Bergen Museum som sto bak utgravingane. Moahaugane har 9 gravhaugar og ligg frampå ein terrassekant på Hove i Vik. Gravhaugane er frå 200-400 e. Kr.

Eigar: Bergen Museum.

Datering: 1913.

Fotograf: H. Shetelig.

Plassering

Gardane i Flatbygdi i Vik ligg på gamle elveterrassar, og det er frampå desse at mange gravhaugar ligg. Moahaugane er ein terrassekant mot nordvest, og derifrå er det godt utsyn over bygda. I dag er området over og under terrassekanten oppdyrka. Sjølve terrassen er tilvaksen med skog og kratt, gravhaugane er difor ikkje lenger så synlege. Det har og vakse opp tre på fleire av gravhaugane.

Sjølve haugane

Rommet mellom haugane er frå 5 til 20 m, tverrmålet på dei fleste er 15-20 m, og dei kan vera 2-3 m høge. Moahaugane er frå yngre romartid, dvs. 200-400 e. Kr.
Vanlegast i denne perioden var å gravleggja i haugar, men ein finn og flatgraver, slik også i Vik. Det var og skikk å gravleggja folk i båtar. Båtgraver har ein og funne i Vik. Men det var berre båtnaglane som var att av båtane. Moahaug nr. 6 er ei båtgrav.
Svært mange gravhaugar i Vik vart gravne i av soldatar frå Viksmoen. Det var gjort i håp om å finna noko verdfullt. Det har og vore henta masse frå gravhaugane til vegfylling. Slik vart mange oldsaker øydelagde.

Mange gravhaugar i Vik

Dei mange gravhaugane i Vik tyder truleg at det var omfattande aktivitet i bygda i store deler av bronsealderen og jernalderen (1800 f. Kr. - 1050 e. Kr.). Det skuldast nok at jordbruket har stått sterkt i Vik.
Fleire gravhaugar har rike funn som viser at vikjene har hatt handel og samkvem med både inn- og utland. Det er spesielt gravfelta på Stadheim og Hove som har gjeve rike funn. På Hopperstad er det gjort funn som tyder på at det kan ha vore reist i viking frå Vik. Det gjeld funn som bronsebollar og bronsefat, utstyr som ein reknar kom til Noreg med vikingferdene. I gravhaugane på Moahuagane har ein funne spyd- og piloddar, leirkrukker, kammar, spelbrikker av bein, beinskeier, glasbekar og anna. Glasfunnet kan tyda på samband med Svartehavsområdet.

Kven, kvifor?

Det var helst velståande menneske som vart gravlagde i haugar. Det kan ein sjå av gravutstyret. Det kunne vera høvdingar eller storbønder. Ofte fekk dei med seg importerte varer eller gjenstandar av edelmetall.
Det var viktig at gravminna kunne sjåast godt. Gravminna ligg då ofte høgt og fritt. Gravhaugane er og minnesmerke over dei døde. Det var lettare å ta vare på den døde sitt minne når ein bygde stort.
Gravhaugane kan og vera uttrykk for maktutfalding, og uttrykkje sosial ulikskap då få hadde høve til å byggja slike byggverk.

Storarbeid

Dei store gravminna viser at det i forhistorisk tid fanst samfunn med evne til å samordna ein større felles arbeidsinnsats. Byggjematerialet, oftast jord eller stein, er bore eller drege på plass. Eit gravminne med diameter på ca. 20 m og høgde 2.5 m inneheld ca. 400 m3 masse. Det gjekk truleg med 200-400 dagsverk til å byggja eit gravminne av denne storleiken. Det kan 20 personar ha greidd på 20 dagar. Strekte arbeidet seg over lengre tid, er det mogeleg at ei slekt kan ha utført bygginga. Er gravminnet bygt på kort tid, er det truleg ei heil bygd eller ei slekt som har vore mobilisert.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fett, Eva og Per: Det førhistoriske Vik. I Bygdabok for Vik. Bind I, side 52-138. Bergen 1951.

PERMANENT IDENTIFIKATOR