Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 19. april 2017

Sist oppdatert 26. april 2020

Kommune

Rå-data

Om Anna Nagelsaker – bibelkvinne og sjukesøster



«..det forekomer mig at en nørs [sjukesøster] gjør saa meget godt i Verden for andre menesker, baade til sjel og legeme som det er raad for nogen at gjøre..» Dette skreiv «mrs Andrew Haugen» i Amerika til systera, Anna (Nagelsaker) i 1925. Anna døydde i 1953 og vart gravlagd på Stokkenes gravstad i Eid. Kven var ho, Anna Nagelsaker? Denne artikkelen fortel litt om «Søster Anna».

Anna Nagelsaker. Foto i privatarkivet etter Anna Nagelsaker som viser kvinner med merket til Nasjonalforeningen mot tuberkulose (seinare for folkehelsa). Kvinnene er om bord i ein båt. Skipsklokke kan tyda på at det er ein båt i rutefart, kan henda leigd for eit særleg høve. Anna Nagelsaker hadde sjukepleieutdanning. Det kan godt henda ho er med på fotografiet, men det manglar opplysningar til biletet.

Anna Nagelsaker. Foto i privatarkivet etter Anna Nagelsaker som viser kvinner med merket til Nasjonalforeningen mot tuberkulose (seinare for folkehelsa). Kvinnene er om bord i ein båt. Skipsklokke kan tyda på at det er ein båt i rutefart, kan henda leigd for eit særleg høve. Anna Nagelsaker hadde sjukepleieutdanning. Det kan godt henda ho er med på fotografiet, men det manglar opplysningar til biletet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjent

Fotograf: Ukjent

Arkivkjelder fortel
Fylkesarkivet har oppbevart ein arkivboks med «diverse papir» etter Anna Nagelsaker (privatarkiv Anna Nagelsaker). I fem dokumentomslag ligg det nokre få brev, ein del postkort ho fekk og tok vare på, eit par dikt skrivne til henne, nokre trykksaker og fleire foto. Ikkje mykje, men det vesle som er, hjelper oss til å laga eit lite stykke om Anna Nagelsaker. Arkivkjelder i Digitalarkivet er og til hjelp, først og fremst folketeljingar og kyrkjebøker.

Hornindal
Anna Ragnhilde Nagelsaker, fødd 29. mars 1882 i Hornindal, var dotter til Nils Hansson Navelsaker, fødd 1847, og Elisabet Olsdotter, fødd 1844 i Innvik. Anna var nummer tre i ein syskenflokk på fem som voks opp. Familien hennar budde i grenda Navelsaker på nordsida av Hornindalsvatnet. Nils Hansson var gardbrukar, dreiar, smed og snikkar.

Nord-Norge
I folketeljinga år 1910 finn me Anna busett langt frå heimen og Sogn og Fjordane. Ho bur i Øksnes kommune i Vesterålen, på garden Skipnes, hjå fiskar og gardbrukar Karl Olaussen. Anna står oppført med yrke «tjenestepike». Men ho er ikkje åleine nordfjording der, det står oppført to andre kvinner frå Nordfjord: Oline Eriksen (42) og Lovise Bø (25), begge frå Stryn og begge med yrkestittel: «Bibelkvinde».

At Anna Nagelsaker i 1910 har opphald og adresse på ein gard i Vesterålen saman med to bibelkvinner frå Stryn, vekkjer undring. Forklaringa er truleg at Anna Nagelsaker har slutta seg til eit dissentarsamfunn som fanst i Stryn rundt århundreskiftet 1800/1900. Anna Skrivervik, fødd 1925, fortel om dissentarane i Stryn i livsminneboka Tilbakeblikk (2003).

«Utbrytarar frå kyrkja fekk vi og, enda prestane i Stryn synest å ha teke godt vare på kyrkjelydane. I 1896 vart bedehuset Fredheim bygd (…). Denne forsamlinga stod først heilt utan organisasjonsmessig tilknytning. Men utan eit visst regelverk, har det lett for å gli ut. Her slutta dei seg omsider til Frimisjonen eller Misjonsforbundet. Dette var ein flokk aktive kristne menneske. Dei fekk i gang søndagsskule, sende Marianna Bøe som misjonær til Afrika, og gav ut eit blad som heitte Fredsbudet. Men etter ei tid dabba verksemda av (…)»

Det kan leggjast til at nokre kvinner frå denne flokken av «aktive kristne menneske»,reiste som bibelkvinner, til Nord-Norge, og, som Anna Skrivervik fortel, ei av dei reiste jamvel til Afrika som misjonær. Det ligg nær å tru at Anna Nagelsaker reiste nordover saman nære vener frå Stryn, og i førstninga livnærte seg som tenestejente. Men ikkje lenge etter at Anna Nagelsaker i foketeljinga 1910 står oppført som «tjenestepike», treffer vi henne titulert som «Bibelkvinde», - på postkort.

Postkorta fortel - bibelkvinne
Det ligg kring 80 postkort i arkivboksen. Nær 60 er brukte, og adresserte til Anna Nagelsaker. Dei er daterte i åra 1908 – 1914, og sende til ulike adresser, for det meste i Nord-Norge, mange til Kvæfjord, Tromsø og Vardø. På somme står det «Bibelkvinde Anna Nagelsaker». Postkorta fortel oss at Anna Nagelsaker i fleire år etter 1910 reiste som bibelkvinne i Frimisjonen, ei grein av Det norske misjonsforbund. Tittelen bibelkvinne tilsvarar predikant og emissær, ofte brukt som titlar på menn. Frimisjonen/Det norske misjonsforbund var tidleg ute med gje kvinner oppgåver og ansvar på lik linje med menn.

Helt fra grunnleggelsen av Det Norske Misjonsforbund i 1884 har kvinner og menn vært likestilt og hatt full stemmerett. Misjonsforbundet gikk også allerede fra 1884 inn for å utdanne og sende ut (senere også innvie og ordinere) kvinner som forkynnere. I 1887 ble det holdt bibelkurs ”for den frie misjons predikanter og bibelkvinner”. 21 menn og 11 kvinner ble godtatt som kandidater til det første kurset, som ble holdt i 1897. (nettstaden misjonsforbundet.no)

Sjukesøster
Frimisjonen heldt bibelkurs for kvinner som valde å gjera teneste som bibelkvinner (forkynnarar). Anna Nagelsaker stoppa ikkje med dette. Ho tok sjukepleie-utdanning og vart sjukesøster. Det finst ikkje noko papir i arkivboksen som seier noko om når Anna Nagelsaker gjekk i sjukepleielære eller kvar. Det siterte brevet i ingressen frå systera i Amerika er datert 12. september 1925. Truleg har Anna Nagelsaker då vore sjukesøster i fleire år, og etter alt å døma fekk Anna sjukepleieopplæring gjennom Nasjonalforeningen mot tuberkulose. Nokre fotografi syner sjukepleieelevar/sjukesøstre iført uniformer med Nasjonalforeningen sitt kjennemerke.

Eit takkekort vitnar om sjukesøster-arbeid i Eid. Det er sendt frå Løken (Løkja), datert 29. august 1923 og underskrive R.J. Nybø. Det står:

«For Deres store opofrelse og pleie av min hustru under hendes sykdom sendes denne lille present med tak for Deres bistand. Løken 29/8 23 Hilsen RJ Nybø.

Takkekort

To systre i Amerika
Amerika-brevet i brevsamlinga opnar med «Kjære Søster Anne» og sluttar med «hilsen fra din søster mrs. Andrew Haugen». Det går ikkje fram av brevet kva systera heiter, det står berre «mrs. Andrew Haugen», som viser at systera er gift; at mannen hennar har eit norsk etternamn og ei amerikanisert form av førenamnet Anders eller Andreas.

«Mrs. Andrew Haugen» er Oline, den eldste søstera, fødd 17. april 1874. Ho utvandra til Amerika i 1902, og reiste frå Bergen 17. april. Mange andre frå Hornindal reiste same datoen. I Amerika vart Oline gift med Andrew (Andreas) Haugen som kom frå Eid. Av brevet går det fram at dei i 1925 bur i Park Lake, Minnesota, og livnærer seg på farm (gard). Anna og Oline skreiv brev og kort til kvarandre, men truleg ikkje ofte.

Postkort

Anna hadde ei syster til i Amerika, Magdali Elisabet, fødd 1. oktober 1878. Ho utvandra i 1899. Under «ind- og udflyttede» i kyrkjeboka til soknepresten i Hornindal er namnet hennar skrive Magdalena Elisabeth.

«Dikt til søster Anna»
står skrive utanpå ein konvolutt. Diktet har tittelen «Mitt Betania» og det har ni vers. Det handlar om gudslivet og kor velgjerande det har vore å koma til «mitt Betania», til «søster Anna» og få kveik og trøyst. Det siste verset er slik:

"Ja takk då for kvart eit ord du gav
Det speglar Jesu kjærleik av,
Takk for du meg hjelpa vil
Takk for kvart eit ord og smil."

Diktet er underskrive med «Hilsen Anna». Anna er truleg den same som Anna R. Hundeide. Ho budde på Hundeide, bygda ei snau mil ut frå Eid på sørsida av Eidsfjorden. Då Anna Hundeide såg i Fjordabladet at «sykesøster Anna Nagelsaker» var død (3. mai 1953), skreiv ho eit brev til ei søster til Anna Nagelsaker (ho kjenner ikkje namnet til systera). Anna Hundeide ynskjer å dela nokre tankar med henne. Brevet fortel at ho ofte har vore innom hjå «søster Anna». «Eg må seie at ho vert djupt sakna av både meg og mange. – For meg hev det vore som eit «Betania» -- Og til slutt: «Hjartans medkjendsle i dykkar sorg. Hilsen Anna R. Hundeide.»

Grava til Anna Nagelsaker
«Sykesøster» Anna Nagelsaker døydde 4. mai 1953. Ho vart gravlagd på Stokkenes kyrkjegard, Eid kommune, og det vart reist gravstein på grava hennar. .Pr. 1999 hadde ikkje kyrkjeverja i Eid gravfestar, og grava vart seinare sletta.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

SFF-96009 Nagelsaker, Anna


SAB, Hornindal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1867-1884, s. 87


Digitalarkivet: Folketeljingar og emigrantar


Julehelsing på eit postkort


Spor etter bedehuset Fredheim i Stryn


Kleppa, Hermund: Gravminnevern – nødvendig med historisk kunnskap. I: Kjelda nr. 3 1999

PERMANENT IDENTIFIKATOR