Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Ekserserplassen Viksmoen



I Vik var det ekserserplass frå 1726 til 1898, i 172 år. I 1898 vart Viksmoen lagt ned, og ny ekserserplass vart Bømoen på Voss.

Offiserar og soldatar på Viksmoen ein gong på 1880- eller 1890-talet. Bak ser me telthuset. Dette huset vart selt til nedriving i 1924.
Viksmoen låg sentralt i Vik, sør for Vik kyrkje. Området var ikkje stort samanlikna med dagens ekserserplassar, som til dømes på Voss. Det var åkrar og eng rundt Viksmoen, og det avgrensa arealet gjorde nok sitt til at plassen vart nedlagd.

Offiserar og soldatar på Viksmoen ein gong på 1880- eller 1890-talet. Bak ser me telthuset. Dette huset vart selt til nedriving i 1924. Viksmoen låg sentralt i Vik, sør for Vik kyrkje. Området var ikkje stort samanlikna med dagens ekserserplassar, som til dømes på Voss. Det var åkrar og eng rundt Viksmoen, og det avgrensa arealet gjorde nok sitt til at plassen vart nedlagd.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1885-95.

Fotograf: Ukjend.

Frå 1726

Det var i 1726 at det vart ekserserplass i Vik, då Wigske Compagnie vart oppretta. Den fyrste ekserserplassen var på Vikøyri, på garden Sæbø sin grunn. Ekserserplassen låg der som det heiter Lusabakken (der S-laget ligg). På dette området sto og eit telthus som vart selt på auksjon i 1924. Huset vart då rive.
Telthuset sto på Sjøtun, offisergarden i Vik, også kalla Oberstgarden, eller på dialekt Ovestegarden. Her budde Fasting-slekta, og seinare den fyrste fastbuande bataljonssjefen i Vik, oberstløytnant Christen Christensen (1826-1900). Han var ugift, og garden var selt til andre.

Viks militære stordomstid

Det var i 1874 at Viksmoen vart ekserserplass for Sogns Bataljoner. Tidlegare øvingsstad var Lærdal. Desse 24 åra frå 1874 til 1898 vart Viks militære stordomstid. Det var liv og røre i Vik den tida øvingane fann stad. Det var ikkje brakker i Vik, og soldatane var innhyste privat. 10 øre dagen fekk ein for å hysa ein soldat, og dette var kjærkomen inntekt for mange.
Handelsmennene og dei som leigde bort jord til Viksmoen tente og godt. Nokre bygde hus for å leiga dei bort til offiserane. Offiserane sette sitt preg på bygda på mange måtar, fleire av dei vart med i styre og stell. Men moralsk sett var ikkje Viksmoen av det beste for bygda. Kvart år kom det 800-900 soldatar til bygda, og så mange soldatar i ei lita bygd var ikkje berre av det gode. Nokre jenter sat att med eit uekte barn der faren var skriven som "ungkarl, soldat".

Slutt i Vik i 1898

Våren 1899 føregjekk sjølve flyttinga. Noko utstyr vart frakta over fjellet, men det meste gjekk med dampen til Bergen og vidare med tog til Voss. Mange bønder i Vik fekk arbeid med hest og kjerre og frakta utstyret ned på bryggja i Vik, og tente seg nokre kroner.
Det hadde vore hard kamp for å hindra nedlegging av Viksmoen. Anfin Refsdal frå Vik som då sat på Stortinget, arbeidde iherdig mot nedlegging. Men dei betra kommunikasjonane til Voss og det store området på Bømoen gjorde utslaget. I Vik låg moen sør for kyrkja, med åkrar og marker rundt, og dermed lite høve til utviding.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Liljedahl, Einar: Militære tradisjonar. I Bygdabok for Vik, s. 224-260 i bind II. Bergen 1956.
Sæbø, Arne Inge: Militære saker. I Årbok 1998. Vik Historielag. Vik i Sogn 1998.
Vik som ekserserplass. Innlegg over fleire nr. i Sogns Tidende, juli 1880. Trykt i Årbok 1998. Vik Historielag. Vik i Sogn 1998.
Debatt om Viksmoen i Storthings Forhandlinger. 1896. Trykt i Årbok 1998. Vik Historielag. Vik i Sogn 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR