Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Hoffotograf Carl Tietz



Når den tyske keisaren var i Balestrand, hadde han med seg fotografen Carl Tietz frå Berlin. Tietz fann seg godt til rettes i Balestrand, og bygde seg villa i drakestil nett slik andre hadde gjort.

Bilete av Nordlandsheim sett frå riksvegen med den store og vakre rododendronen som veks ovanfor huset.

Bilete av Nordlandsheim sett frå riksvegen med den store og vakre rododendronen som veks ovanfor huset.

Eigar: Ingrid Melkild Hustavnes.

Datering: Kring 1985.

Fotograf: Arne Melkild.

Villa Nordlandsheim

Det var helst kunstmålarar som bygde seg drakestil-villa i Balestrand, men eit unnatak var hoffotograf Carl Tietz frå Berlin. Han sette seg opp villaen Nordlandsheim vinteren 1905/1906. Huset var produsert som ferdighus i Trondheim av Jacob Digre eller Christian Thams. Namnet Nordlandsheim skal tyda heimen mot nord, og har ikkje noko med Nordland å gjera. Tietz var keisar Wilhelm II sin private fotograf. Men då 1. verdskrigen kom, vart dette slutt. Under krigen var Tietz i Tyskland.

Fleire eigarar

I 1917 selde Tietz eigedomen til Petter Jansen frå Haugesund. Han sat med staden til 1925. Han selde då til svigersonen sin, Henrik Hansen, frå Kristiania. I 1928 kom eigedommen på nytt på sal og kjøpar no var Franz Reinboth frå Tyskland. I åra før 1. verdskrigen hadde han drive hotell på futegarden på Askelund. No starta han opp Kong Beles Kafe i dette huset. Reinboth hadde eigedommen til 1935. Då vart han seld til Eirik Sjøtun, som var son til Johannes Sjøtun, mannen som i si tid selde tomta til Carl Tietz. I dag er det sonen hans, Johannes og kona Bjørg Sjøtun som eig denne vakre eigedommen.

Tietz etablerer seg på nytt

Straks krigen var over kom Carl Tietz attende til Balestrand med sonen Curt og ei hushjelp som hadde vore hjå dei ei tid. Truleg var kona død. Dei budde no eit par år hjå Marie Fjærestad før dei flytte inn til sentrum og fekk seg hus hjå Lovisa Hauge. Her budde dei frå 1920 til 1924. Der hadde Carl mørkerom i kjellaren og arbeidsrom og fotoatelier i første høgda. I 1924 bygde dei nytt hus i Balestrand sentrum. I år 2001 er Johs. B. Thue og Bjørg Aamodt eigarar av huset.
Dei første åra dreiv dei fotoforretninga berre om sommaren. Etter at dei bygde eige hus, vart dei fastbuande og dreiv året rundt. Carl Tietz var ein jovial og folkeleg person. Når Tietz skulle fotografera, stilte han alltid opp i sin beste stas. Dette var naturleg for han. Sonen Curt fekk òg opplæring i fotoyrket.

Kåre Nordal

Carl Tietz døydde i 1934 og vart gravlagd på Tjugum kyrkjegard. Sonen Kurt tok over fotoforretninga. Han endra seinare namnet sitt til Kåre Nordal. Både Carl og Kurt selde mykje prospektkort til turistar. I Balestrand, men òg utover landet og i utlandet, kan me koma over prospektkort der det står at fotografen var Carl Tietz eller Kåre Norddal i Balestrand. Kåre Nordal laga prospektkort frå Balestrand og Sogn og tok bilete av folk i bygda ved ymse høve. Han hadde souvenirsal i huset sitt. Han var glad i Hawaii-musikk. Av og til sette han grammofonen ut på altanen og let denne musikken tona utover bygda. Kåre Nordal døydde i 1983. Han var først gift med Ingrid Ervik frå Stadlandet og deretter med Birgit Vikøren frå Vik.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards- og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.