Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. juli 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kråkenesvegen i Vågsøy



Langt vest heilt ute mot havet, ytst ute på Vågsøy ligg grenda Kråkenes. Hit kom det ein kjerreveg i 1940-åra. Vegen var mest ikkje framkommeleg om vinteren, og først i 1997 fekk bygda eit skikkeleg vegsamband sørover til Kvalheim og Måløy.

Den nye Kråkenesvegen ligg fint i landskapet, og folk på Kråkenes er godt nøgde med vegstandarden.

Den nye Kråkenesvegen ligg fint i landskapet, og folk på Kråkenes er godt nøgde med vegstandarden.

Eigar: Fylkesarkivet.

Datering: 2006.

Fotograf: Bjarnhild Samland.

Kråkenesbygda får sin første veg

I 1906 løyvde kommunestyret i dåverande Selje kommune 1/5 av kostnadsoverslaget på 3600 kroner for å opparbeida veg frå kaia i Kråkenes til Jakob A. Kråkenes sitt tun. Vilkåret for løyvinga var at fylket løyvde 1/5 og dei interesserte partane, gardbrukarane, betalte resten. Kommunen vedtok å overta vedlikehaldet når vegen stod ferdig. Vegstykket var omlag 1,5 km. Vegen var sett opp i vegplanen av 1906 som bygdeveg utan statstilskot, og fylkesmannen bad i si innstilling om at fylket løyvde 3/10 frå fylkesvegkassa.

Krav om veg til Kvalheim

Vegen hadde stor betydning, ikkje berre for Jakob A. Kråkenes, men og for dei andre sju bruka på Kråkenes. Sjølv om løyvinga frå fylkesmannen vart mindre enn forventa vart vegen bygd ferdig i 1908. I 1919 kravde kommunen at vegen skulle byggjast vidare til Kvalheim, men det skulle ta fleire år før vegen kom.

Veg i staden for hamn

I 1930-åra var det planar om å byggja hamn på Kråkenes, men folk der ville heller ha veg. Hamnemidlane vart difor nytta til å byggja veg frå Kråkenes til Kvalheim. I tillegg fekk dei tilskot frå vegfondet i fylket. Også folk på staden betalte eit stort tilskot til vegen. Vegarbeidet byrja 10. september 1935. Tyskarane sette og opp ein radarstasjon på Kråkenes i mars 1942. Det gjorde at vegarbeidet til Kråkenes vart forsert fram slik at dei kunne køyra vegen i 1941. Etter krigen vart vegarbeidet teke opp att, og vart avslutta 11. november 1950. Vegen var eit stort framsteg for den vesle bygda, men det var eit skor i gleda. Det var vanskeleg å halda vegen open i snøvêr. Folk i Kråkenes søkte på 1960-talet om midlar til å utbetra vegen og til snøsikring, men ingen midlar kom. Stengd veg var noko ein måtte rekna med vinters tid i svært mange år. Kråkenesvegen vart ikkje prioritert.

Ein farleg snøstorm

Store delar av vegen låg i vanskeleg terreng, særleg dei 2,3 kilometrane frå Kråkenesfjellet til Kråkenes. Her var det vanskeleg å brøyta vegen. På 1960-talet budde det nær 80 menneske på Kråkenes. Anders Kråkenes var ein av dei som var ute i hardt ver ein vinterdag oppe på fjellet. Han hadde med seg den 8 år gamle sonen sin, og ein eldre mann, då han køyrde seg fast i ei snøfonn. Ingen av dei var kledde for å vera ute i slikt ver, men etter fem timar greidde Anders og sonen å nå fram til folk. Den eldre mannen vart sitjande i bilen, då han ikkje greidde å gå i snøstormen, men hjelpemannskapa fekk redda han.

Endeleg ein sikker veg

Den gamle vegen over fjellet var nærmast ein kjerreveg, og var heller ikkje særleg brukbar som bilveg om sommaren. I 1989 godkjende samferdsleutvalet utbetringar og omleggjingar av vegen, stort sett langs eksisterande trasé. Vegen går delvis i ein ny trasé ved sida av den gamle. Frå Kråkenesfjellet og ned til Kråkenes vart det bygd ny veg. Heile strekninga er 6,8 km lang og 4 m brei. Kostnadene var 28 mill. kroner som vart finansiert med 20 mill. kroner frå fylkeskommunen og 8 mill. kroner frå staten. Anleggsarbeidet byrja i august 1993 på strekninga Movatn-Vardnebba. Vågsøy kommune utbetra og finansierte i tillegg 400 meter mot Kråkenes. Den 27. september 1997 vart den nye Kråkenesvegen opna av dåverande fylkesordførar Sjur Hopperstad.

kjelder:

Nordre Bergenhus Amtsthings Forhandlinger i Aaret 1906. Handeland, Olav: Kråkenesvegen opna. I Vegstubben, s. 20-21, nr. 4-1997.
Avleveringsprotokoll, Statens vegvesen Region Vest.

PERMANENT IDENTIFIKATOR