Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 04. desember 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Rå-data

Meistersmeden i Marifjøra - Erik Øvrebø



- Han var ein legende som folk hugsar enno. Det var Gudrun Vigdal sine ord hausten 2007 om smeden Erik Øvrebø. Han var fødd i 1873 på Øvrebø i Gaupne, gjekk i smedlære på Kyrkjebø og byrja i 1890-åra som smed i Marifjøra. Etter kvart vart han heitande Fjøresmeden. Erik Øvrebø dreiv smia si i Marifjøra i nærare 60 år! Ein del av føremålet med dette stykket er å visa at fleire slag kjelder kan fortelja noko om Smeden i Marifjøra, Erik Øvrebø.

Brev til "Smed Erik Øvrebø", poststempla i "Jægtvik" i Nordland, handlar om knivar og ljåar som avsendaren, Albert Abelsen, ynskte å kjøpa.

Brev til "Smed Erik Øvrebø", poststempla i "Jægtvik" i Nordland, handlar om knivar og ljåar som avsendaren, Albert Abelsen, ynskte å kjøpa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fleire kjelder fortel

Det var i november 2007 Fylkesarkivet var på besøk hjå Gudrun Vigdal (fødd 1925) i Gaupne for å henta ei øskje med nokre gamle papir etter "ein smed" i Marifjøra. For oss var det ein smed me ikkje visste noko som helst om, men Gudrun har godt kjennskap til han. Ho fortel at han var gift to gonger, først med Maria Austrheim frå Kyrkjebø som døydde like før krigen, så med Ingeborg Vigdal frå Høyheimsvik. Erik vart på ny enkjemann då andre kona hans, Ingeborg, - ho var frå Kråi i Vigdal - døydde i 19.. (Gudrun tenkjer seg om, kan ikkje forstå at det skal vera så vanskeleg å hugsa "årstali", seier ho og viser til at det står bygdeboka).

Han laga takrenner, knivar, ljåar, sigdar, snedlar og "sjøva" - broddar til å ha under skorne på hålske. Gudrun har fleire ting han laga, - eit grev, ein stuttljå og eit par sjøva. Dessutan fann ho fram ein reiskap han brukte når han smidde knivar, ei herslebrye. Det er eit lite uthola trekár. Han hadde ei saltsyreblanding oppi og heldt knivane nedi for å herda jernet.

Gudrun fortel at han på sine gamle dagar flytte frå Marifjøra til Gaupne. Han døydde på sjukestova i Luster og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Joranger kyrkje. Det står ein gravstein på grava hans med namna på begge konene. Gudrun står som festar på grava.

Me spurde om husa hans. - Nei, dei er borte. Dei vart rivne då dei bygde ny bru i 1970-åra, og bygde veg opp frå brua til doktorbustaden oppe på Bakken. Men ho har bilete av husa, smia og bustadhuset, jamvel eit interiørbilete frå stova ein gong i 1920-åra.

Noteringsbok og brev

Gudrun henta dei "gamle papira" me skulle få med oss til arkivet, - ei ei lita pappøskje full med avisutklipp, konvoluttar og ein gamal protokoll. For fleire år sidan fekk ho berga alt dette frå å bli hivd.

Protokollen er velbrukt og tettskriven. (Me skal sjå litt i han lenger nede). På ein av konvoluttane står det: Smed Anders Øvrebø, pr. Marifjæren, via Bergen. Frimerket er poststempla, "Jægtevik, 26.10.1922". Brevet er frå Albert Abelsen, ein kunde, som har skrive om knivar og ljåar. Dette eine brevet fortel noko om smeden og arbeidet hans, og om kunden. Det er fleire titals brev i øskja.

"handtverkar av rang"

Då Erik Øvrebø fylte 75 år, 16. september 1948, hadde avisa Sogn og Fjordane eit langt stykke om "Meistersmeden i Marifjøra". Det står mellom anna:

"Øvrebø har smidt 17.000 langljåar, 6.000 sigdar og stuttljåar, 5.000 grev og ei mengd toleknivar (slireknivar). Dei gjekk i kassar på 200 i kvar til utsalsstadene. Han har har lagt opp på tusentals meter takrenner på 200 hus og meir. Han var handverkar av rang - målar, røyrleggjar og hogg årstal og namn på bruer og steinar."

Fjøresmedstova

Bygdeboka for Luster har utførlege opplysningar om bustad og familitilhøve. I omtalen av bustaden hans på "Marifjøra Allmenning, Marifjøra 10, og kalla Fjøresmedstova" står det det:

"Dette var bustaden til smeden i Marifjøra, Eirik Larsson, kalla "Fjøresmeden". I 1895 fekk han kjøpt ei gamal stove, "Årdøle-Kalhagastova" på Rønnei i Luster. Ho vart rivi og sett oppatt ved nedsida av Sagabakken like ovanfor Marifjøra bru. I 1903 fekk han kjøpa ei gamal smie som høyrde til Anders Jacobsen Tørvi på Leirhola. Han sette henne i stand og sette henne opp att nedanfor stovehuset. Stova og smia vart rivne då riksvegen til Marifjøra vart utbetra midt i 1970-åri."

"Erik Larsson Øvrebø, frå Bukti under Øvrebø i Luster, var f. i Luster 16.9.1873 og d. på sjukestova i Luster 25.7.1970. Erik gifte seg første gongen i Lavik 24.5.1895 med Maria Olsdotter Østreim [Austrheim] i Lavik [no Høyanger]. Ho var dotter av gardbrukar Ole Einerson på Østreim, opphaveleg frå Berge ytre, og kona Pernilla Monsdotter frå Østreim og f. i Lavik 13.4.1864. Maria d. i Marifjøra 5.10.1939, og Erik gifte seg 30.4.1948 att i Hafslo med enkja Ingeborg Olsdotter f. Vigdal, opphavleg frå Kråi, Vigdalen i Luster (..). (..) Ingeborg døydde i Marifjøra 13.12.1958."

Ein smed si noteringsbok

Så skal me bla litt i den gamle protokollen. Boka er i kvartformat (litt større enn eit halvt A4 ark) og har 238 nummererte sider pluss nokre unummererte. Dei fleste er tettskrivne. Protokollen var hjelpemidlet til "Smed Erik Øvrebø" for å halda greie på gjeremåla sine, arbeidsoppdrag og det økonomiske oppgjeret. Me får kjennskap til kva han laga, - ljåar, sigdar, snelar, knivar, nett som Gudrun fortalde, men her i noteringsboka hans, kan me lesa oss til mykje, mykje meir.

Noteringane går over mange år, frå 1896 til 1960, nesten heile Øvrebø sitt yrkesaktive liv. Av dette kan me ikkje slutta at boka omfattar alt arbeidet Øvrebø hadde føre seg. Det treng ikkje vera den einaste boka han brukte. Men i alle høve er denne eine noteringsboka ei gullgruve til historisk kunnskap, først og fremst om ein bestemt person og yrket hans, smed Erik Øvrebø i Marifjøra, men også om smeden og smedyrket meir allment.

Me får kjennskap til kundar, kven dei var, kvar dei budde, kva dei kjøpte hjå smeden og korleis oppgjeret vart ordna. Me får høyra om smeden sine gjeremål, - kva han laga nytt og kva han reparerte. Her er tett i tett med opplysningar om reiskapar og arbeidsmåtar. Mange av opplysningane kan knytast til namngjevne personar og føretak, og såleis er boka ei kjelde med små innslag av bygningshistorie, gardshistorie, meierihistorie, handelshistorie og veghistorie. Me skal ta med nokre få døme.

I september 1903 står Anders O. Haugen oppført med "1 tobakspjut" (tobakksdyrking). I 1904: Peder L. Hunshammer oppført med "smit [1] par hellepikke og meisler og strengekroke". 1946: Under "Jordanger-vegen" står m.a. oppført "13 baar kvest, kanta 1 storslægge" (under vegarbeid). 1905, 11. desember, under "Marifjærens Meieri: "repr. 2 stopkraner, repr. dampledning til forvarmeren".

Døme på småkunde

"Kr. Bolingberg" står oppført på side 121. Han fekk levert følgjande varer og tenester: ein snel med skaft, ein tolekniv, ein skrubolt, reparasjon av 1 kjerne, 18 "strengekroker" (krokar til løypestreng) 6 skrueboltar, (..) 7 kg "stongstaal" og beslag på 1 kjelke med skruer.

Storkunde i Nordland

Noteringsboka viser at dei fleste kundane var busette i noverande Luster kommune, nokre elles i Sogn og Fjordane og eit par i nabofylka Oppland og Buskerud. Men to høyrde til langt unna. Den eine var "Ole A Prestegord" i Misvær i Nordland. I åra 1905-1914 handla Prestegaard stort med smeden i Marifjøra, ikkje mindre enn 1425 toleknivar og 319 ljåar! Mannen i Misvær må ha drive handel sjølv. Kven var han?

Ei trykt kjelde ser ut til å ha svaret, bygdeboka. Her går det fram at ein Ole Andersson Prestegaard var fødd 1851 på husmannsplassen Kjervikplassen under garden Prestegård i Gaupne. Han flytte til Skjerstad i 1881, vart gift der og busette seg på garden Oldereid. Det einaste som ikkje ser ut til å gå i hop i dei to kjeldene er at Ole Prestegaard døydde i 1907. Kan forklaringa vera at handelen heldt fram med ein annan, eldste sonen, utan at namnet i noteringsboka vart endra?

Fleire slags kjeldemateriale

Noko av føremålet med denne artikkelen var å visa at me treng fleire slag kjeldemateriale for å sikra kunnskap om ein person (i dette tilfellet ein historisk person). Dess meir me har, dess meir nyansert bilete kan me laga og dess fleire spørsmål kan me finna svar på. Til kunnskap om smeden Erik Øvrebø har me sett at me har munnlege kjelder, bilete, arkivmateriale, gjenstandstilfang og opplysningar i trykte kjelder. Bygningane til smeden er borte, men me veit likevel noko om dei.

kjelder:

Øyane, Lars: Sogn og Fjordane. 16.09.1968
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv: SFF- Erik Øvrebø.
Informasjon frå:
Gudrun Vigdal, Luster

PERMANENT IDENTIFIKATOR