Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. januar 2009

Sist oppdatert 03. mars 2020

Kategori

Rå-data

To drukningsulukker - Fresvik



Den har været Dødens Gjæst / den har seilt paa en Torden / Den er døbt i Rædsler vorden. Det er Henrik Wergeland som byrjar det vidgjetne diktet sitt om Sognefjorden med desse orda. Død og redsle er òg noko av historia til den 20 mil lange fjorden frå Fortun til Sygnefest. I 1911 skjedde ei drukningsulukke ytst i fjorden, i 1936 ei lenger inne. Begge råka hardt i Fresvik.

Dødsannonse for Olav Hodneland og dottera Bjarnhild.

Dødsannonse for Olav Hodneland og dottera Bjarnhild.

Datering: 1911

Den eine drukningsulukka: 1911 - kollisjon

Torsdag 30. mars 1911 la Jens Isakson Bøthun i Fresvik ut på reise til Bergen med motorskøyta si. Skøyta var lasta med trelast og han hadde med lærar og klokkar Olav Hodneland og familien hans, kone og fem born. Dei skulle til Masfjorden der Hodneland hadde fått ny stilling. Natt til fredag var Bøthun komen til Følafoten i Gulen, ikkje langt frå Eivindvik.

DS "Fjalir" var samstundes på veg sørover i ruta frå Sunnfjord. Klokka 2 om natta rende "Fjalir" på skøyta i baugen. "Fjalir" sette straks ut bergingsbåt, men to om bord kom bort, Hodneland og den fire år gamle dottera, Bjarnhild. Sogns Tidende melde om ulukka dagen etter. Det står at skøyta ikkje hadde lanterner.

"syrgjelegt hende"

"Dette var eit syrgjeleg hende," skreiv avisa, og "tyngst for kona og dei 4 borna. Men ogso i Fresvik og i Sogn i det heile vil denne ulukka verta motteki med svær sorg, liksom sjølvsagt hans heimbygd som no venta honom."

"djup sorg" 

Ja, drukningsulukka i Gulen gjorde sterkt inntrykk i Fresvik. Hodneland hadde vore lærar der i fleire år og var mykje avhalden. I eit stykke i Sogns Tidende skreiv Jakob Bøthun frå Fresvik at bygdefolket hadde teke imot den "syrgjelege" meldinga med "djup sorg". Det var ikkje uvêr denne gongen, heller ikkje grunnstøyting, det var ei ulukke som ikkje skulle ha hendt. Og skulen hadde i Hodneland mista ein "framifraa trugen arbeidar".

"Gud trøyste og styrkje henne" 

Tankane gjekk til den hardt råka familien til Hodneland, enkja som sat att med fire born. Bøthun fortel at at han er viss om at bygdefolket gjerne vil visa medkjensle. Det var tillyst ofring i kyrkja skjærtorsdag for å rekkja "den syrgjande kona" ei hjelpande hand. "Gud trøyste og styrkje henne til aa bere sin tunge lagnad i tolmod!" sluttar Bøthun stykket sitt.

Fann dei omkomne 

Drukningsulukker er alltid ekstra tunge å bera ved at den eller dei omkomne mange gonger ikkje blir funne. Dei næraste pårørande får inga grav å gå til. I 1911 fann dei vesle Bjarnhild nokså snart etter ulukka, men liket av Olav Hodneland fann dei først i slutten av mai, ved Stenebelandet, ikkje langt frå der ulukka hende. Det vart ordna med å få sendt kiste frå Bergen. Lensmann Bredvik reiste med den omkomne til Halsvik der kista blei teken med rutebåt til Solheim i Masfjorden.

Gravlagde i Masfjorden 

Bjarnhild vart gravlagd på kyrkjegarden i Solheim sokn i Masfjorden 11. april 1911, og far hennar, Olav Hodneland, 30. mai. Grava til Hodneland vart sletta for mange år sidan, men grava til Bjarnhild finst enno.

På ei lys plate av stein står innskrive:
 

BJARNHILD
HODNELAND
[teikn for fødd] 18. DECBR. 1906
[teikn for død] 31 MARS 1911

Den andre drukningsulukka: 1936 - stormkast 

Den andre drukningsulukka skjedde 1. februar 1936. Då òg miste to menneske livet, men dei vart aldri funne. Høyanger Avis hadde eit stykke om ulukka 6. mars under overskrifta "Fryktelig ulykke i Fresvik. 2 mann omkommet på fjorden med vedlast".

Vidare står det:

En sørgelig ulykke er inntruffet i Fresvik lørdag ettermiddag idet 2 unge menn fra bygden, Nils Lund og Lasse Johannessen, er omkommet. De var lørdag morgen reist over fjorden til Tingestad-landet med en robåt for å hente ved. To andre menn fra Fresvik var der også i samme erend, og da disse støtte fra land for å begi sig på hjemvei, holdt Lund og Johannessen på å laste.

Da de to i den første båten var kommet under land på Fresvik-siden, så de en båt ved et nes på den motsatte side (Gagersnes). De antok at dette var Lund og Johannessen. Da var klokken 4 om eftermiddagen. Siden har ingen sett noe til dem.

Da de så ikke kom hjem om kvelden, blev det satt i gang leting på fjorden. 2 motorbåter og flere robåter deltok. Utpå kvelden fant man båten hvelvet. Siden har letingen pågått søndag og mandag, men uten resultat.

De to i den første båten forteller at de merket at det kom en sterk vindrosse ut Lærdalsfjorden, og det er sannsynlig at det er denne som har forsårsaket katastrofen ved siden av at båten antakelig var tungt lastet. Begge var flinke svømmere.

Hendelsen har vakt dyp sorg og medkjensle i bygden. Det var to sympatiske unge menn som her blev revet bort i sin beste alder. De var begge ca. 30 år gamle. Nils Lund var ungkar. Hans mor sitter igjen efter ham. Lasse Johannessen var gift for et års tid siden."
(innrykk slutt)

Kyrkjeboka for Leikanger

Kven var dei to ungdommane "Lund" og "Johannessen"? Kyrkjeboka for soknepresten i Leikanger har nærare opplysningar:

1. "Johannessen": Lasse Johannessen var fødd 26. mai 1902. Han var snikkar, gift, fødd på Bøtun og busett same stad då ulukka hende. Han står oppførd med etternamnet Simlenes.

2. "Lund": Nils Johan Andersson Torsnes var fødd 13. desember 1902. Han var dampskipsekspedisjonsbetjent og agent [truleg lokal salsrepresentant for eitt eller anna firma], ugift, fødd i Balestrand og busett på Bøtun då ulukka hende.

I rubrikken "Opgit dødsaarsag" står på begge: "Drukning (Ulukkeshending.) og under "Anmerkninger": "Ved-transport mellom Gangersnes og Fresvik. Liket ikkje funne."
 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sogns Tidende 07.04.1911


Sogns Tidende 11.04.1911


Sogns Tidende 30.05.1911


Sogns Tidende 04.02.1936


Høyanger Avis 06.02.1936


Sogns Avis 04.02.1936


Informasjon frå Masfjorden kyrkjekontor

PERMANENT IDENTIFIKATOR