Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden på Måløyna



Skipsleia langs kysten har alltid gått gjennom Ulvesundet, sundet mellom Vågsøya og fastlandet. Sentralt i dette sundet ligg Måløyna med den gamle handelsstaden. I dag er det tettstaden på Vågsøya som har overteke namnet.

Måløyna sett frå tettstaden Måløy. Her vart det kring 1700 starta gjestgiveri og handel.

Måløyna sett frå tettstaden Måløy. Her vart det kring 1700 starta gjestgiveri og handel.

Eigar: I Handels- og gjestgiversteder på Vestlandet.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Billedsamlingen UBB.

Samdrift med Vågsberget

Med si sentrale plassering i skipsleia i høve til fiskeplassane utanfor Bremangerlandet og Vågsøy, var det naturleg at Måløyna både vart kremmarleie og gjestgjevarstad.

Det var handelsborgarane på Vågsberget som lenge eigde og dreiv Måløyna. I 1636 kom Didrik Fester til Vågsberget og tok til med handel og gjestgiveri. Det var svigerdotter hans, Karen Rafn Fester som i 1702 fekk løyve til å driva gjestgiveri på Måløyna. Då kong Fredrik IV kom forbi her 21. juli 1704 var ho vertinne for det fine følgjet. Fester-familien dreiv Måløyna og Vågsberget i samdrift fram til 1744.

Sjølvstendug drift

Modesta A. Fester, dotter til Karen Rafn Fester, tok over alle verksemdene som mora hadde hatt. Verksemda på Måløyna dreiv ho med leigehjelp og forsynte denne med varer frå Vågsberget. I 1742, då Modesta D. Fester eigde staden, vart Måløyna omtalt som ein eldgammal privilegert handelsstad og absolutt nødvendig både for dei reisande og for den fastbuande allmugen. Staden vart sagt å ha ei god og trygg jektehamn til føremon for jekter frå Nordfjord og Sunnmøre. Måløyna var dessutan ein viktig skysskiftestad.

Det var syster til Modesta, Karen Kristine, som arva staden etter mor si. I 1744 tok ho over drifta av Måløyna og no vart det sjølvstendig drift her. Ho vart gift med Peder Moldøe, som truleg hadde vore handelsstyrar for Modesta Fester. Han døydde i 1744 og då fekk Karen Kristine kremmarbrevet overført til seg. Året etter gifte ho seg opp att. Den nye husbonden, Peder E. Glad overtok verksemda i 1746. Han fekk kongebrev med løyve til å driva gjestgiveri, fiskehandel og handel med krambuvarer. Derimot fekk han ikkje løyve til å selja tobakk, øl og brennevin. Dette gjorde det vanskelegare for eigaren her i konkurransen med handelsmennene på Vågsberget og i Osmundsvåg.

Brysamt sal

Då Peder Tonning kjøpte Vågsberget i 1770 var det ikkje lenger noko slektskapsband mellom eigarane der og på Måløyna. Konkurransen mellom stadene vart skjerpa.

I 1773 fekk Peder Glad løyve til å selja både øl, brennevin og tobakk på "Wogsøe Klippe". I røynda var dette løyvet tenkt brukt på Raudeberghaugen på Kapellneset, ei tuft han hadde bygsla. Handelen her gjekk føre seg på søndagar og heilagdagar når folk var på kyrkjeferd, eller når det var bryllaup eller gravferd. Denne handelen var sterkt mislikt av mange i området, då den førte til mykje fyll og ulukker. I 1779 måtte både Glad og Tonning møta i retten og leggja fram handelsrettane sine. Glad fekk heretter berre rett til å driva etter løyvet han opphavleg hadde hatt på Måløyna. Han var ei tid også losoldermann for ytre Nordfjord. Glad døydde i 1798 og enkja tok over drifta av handelen.

I 1801 var Karen Christine Glad 82 år gammal og husmor, kremmar og gjestgjevar på Måløyna. Ho budde i lag med den ugifte dottera, Modesta, 51 år gammal, og seks tenestefolk, mellom dei to innrullerte matrosar. Det er grunn til å tru at det i røynda var Modesta Glad som dreiv staden i mora sitt namn.

Schmidt byggjer nye hus

Det var Erik Andreas Friis, dotterson til Glad, som i 1805 fekk skøyte på Måløyna. Far hans var Thomas Friis, gjestgjevaren i Rugsund.

I 1824 kjøpte Peder Martin Knoph handelsstaden på Måløyna og fekk året etter kongebrev med løyve til å driva landhandel og gjestgiveri. Knoph dreiv verksemda fram til 1837, då han selde staden og flytte til garden Bortnen i Davik prestegjeld.

No var det bergensaren Johan Petter Schmidt som overtok som eigar av Måløyna. Men alt året etter skøytte han eigedommen over til sonen. Ole Schmidt fekk i 1848 nytt løyve på å driva handel og gjestgiveri her. Han eigde også partar i fleire andre gardar. Det var Ole Schmidt som bygde dei vakre og stilreine bygningane som stod her på Måløyna fram til jula 1941. Stilen var typisk for fornemme handelsstader på norkekysten i den tida, med ruvande hovudbygning, borgstove, uthus og sjøbuer kring gardstunet. Borgstova skulle vera bygd av tømmeret til den gamle Røysakyrkja som vart riven i 1854. Kyrkjeklokka vart lenge nytta som stabbursklokke på Måløyna.

Postopneri og båtstoppestad

Moldøen postopneri vart fyrste gong opna på Sæteneset i 1843 i samband med at her var stoppestad for dampskipet "Norcap" som gjekk i rute mellom Bergen og Trondheim. Men det var ikkje før 1. januar i 1853 at postopneriet offisielt vart oppretta. I tida mellom 1. januar og 15. mars skulle posten fraktast ein gong i veka mellom Davik postopneri og Moldøen i Selje prestegjeld. Landhandlar Schmidt overtok som postopnar i 1857. Frå 1. januar 1861 kom postopneriet i heilårig drift.
I 1866 kjøpte Henrik Chr. Friis både handelsstaden på Måløyna og garden Blesrøyr hjå Schmidt. Han overtok også som postopnar. Dei fyrste dampskipa hadde hatt stoppestad på Sæteneset, men i 1883 vart stoppestaden flytta over til Måløyna. Henrik Friis var, i tillegg til handelsmann og postopnar, også dampskipsekspeditør og budde på Måløyna, difor flytte han stoppestaden hit. Heradsstyret var imot flyttinga og fekk i 1890 flytta stoppestaden attende til Vågsøysida.

I drift til desember 1941

Friis dreiv handelsstaden fram til 1902, då lensmann Nils Lem i Sogndal kjøpte Måløyna. Lem hadde i sine yngre år vore krambugut på Måløyna hjå handelsmann Ole Schmidt. Han let nevøen Arnoldus Lem styra eigedommen dei fyrste åra. Kring 1910 kjøpte kjøpmann Trovik handelsstaden, men selde han i 1915 til Leif Grøner og fetrane Audun og Einar Lem. Dei selde staden vidare til AS Johan Martens & co. i Bergen, men fekk samstundes aksjar i selskapet. Einar Lem vart disponent for verksemda på Måløyna. Verksemda dreiv hovudsakleg med eksport av sild, fisk, tran og rogn. I 1921 vart selskapet lagt ned.

Audun og Einar Lem danna i lag med Jacob Kjøde selskapet AS Einar Lem og heldt fram med same type drift som det førre selskapet. Dei hadde også ein tankstasjon her. Verksemda var i full drift fram til jula 1941. Ved ein alliert militæraksjon, det såkalla Måløyraidet, vart alle husa på Måløyna sprengde og brann ned til grunnen. Dei vart aldri bygde opp att.

Brupunkt

Handels- og gjestgjevarstaden er no borte. I dag er Måløyna ein del av hamna til tettstaden Måløy. I 1974 vart det bygd ny bru over Ulvesundet. Brua, som har støttepunkt på øya, dominerer no inntrykket av den gamle handelsstaden.

Den nye tettstaden Måløy på Vågsøya har vorte ei av dei største og viktigaste hamnene innan fiskeindustrien her i landet. Herifrå vert det kvart år sendt store mengder fisk til utlandet. Men det var på den vesle øya i Ulvesundet det heile starta.

Merknad: Forfattaren har valt å bruka namneforma Måløyna for lettare å skilja øya frå tettstaden Måløy.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Os, Edvard: Selje og Vågsøy. Bygdene og bygdesamfunnet. Oslo, 1957.
Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Selja Forlag. Førde 1998.
Postmuseet:
Poststeder en historisk oversikt: Moldøen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR