Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein på fellesgrav på Kinn



Ved nordvestre hjørne av Kinn kyrkje står ein nær to meter høg stein. På framsida er innhogge symbol og skriftteikn. Steinen står på ei fellesgrav. Då dei vølte kyrkja i 1911, vart gravlagde under kyrkjegolvet flytta ut på kyrkjegarden.

Minnesteinen på fellesgrava til gravlagde som vart funne under kyrkjegolvet i 1911. Steinen står ved det nordvestre hjørna på kyrkja.

Minnesteinen på fellesgrava til gravlagde som vart funne under kyrkjegolvet i 1911. Steinen står ved det nordvestre hjørna på kyrkja.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Steinen

Minnesteinen er av ein mjuk, finkorna grønleg bergart. Framsida er plan, baksida rundar av mot toppen. Kantsidene er grovhogne og skrånar svakt mot toppen. Steinen er 175 cm høg, 54 cm brei nede, 30 cm brei oppe, tjukna ved rota er 33 cm.

Innskrifta

Oppe er innhogge ein kross, nede eit dødssymbol, kranium og krosslagde bein. Mellom symbola står:

Her ligg * restane * av dei liki * 37 i alt * som vart tekne ut * under kyrkjegolvet * daa kyrkja vart * umvølt * 1911

Nynorsk – Bokmål

Innskrifta på steinen skapte ein aldri så liten reaksjon, ikkje innhaldet, men målforma. Signaturen ”A.Hj.” rykte ut i Nordre Bergenhus Folkeblad (29.08.1912) før steinen var reist. Han omtalte den planlagde innskrifta på landsmål (nynorsk) som ”den mest vulgære dialektuttale”. Staden og høvet kravde noko meir høgtidsstemt, ei innskrift på ”riksmaal”:

”Her ligger resterne av de 37 lik som blev fundet under kirkegulvet ved kirkens restaurering.”

”A.Hj” kommenterte elles særskilt ordet umvøle/umvølt. Ordet passar ikkje. Det rette ordet er restaurere/restaurert/restaurering. ”Eller kanske maalmændene ogsaa vil anvende det [umvølt] om Trondhjems domkirke?”
 

Rangordning kom til syne i gravlegginga

Innføringa av kristendommen kring år 1000 medførte endring i gravskikkane. No kom det påbod om at alle lik skulle gravleggjast ved kyrkjene. Gjævaste plassen var inne i kyrkja, vidare var ein gravstad nær kyrkja betre enn ein lenger unna, og sørsida var betre enn nordsida.

Rang- og maktstillinga i samfunnet vart avgjerande for kvar folk fekk den siste kvilestaden. Verst farne var drapsmenn og sjølvmordarar. Dei hadde jamvel forspilt retten til å koma i vigsla jord. Dei vart gravlagde på utsida av kyrkjegarden.

I fleire hundre år

Skikken med å gravleggja lik inne i kyrkjene heldt seg gjennom mange hundre år. Det vart laga til gravrom eller gravkjellar under kyrkjegolvet. Somme stader vart det òg bygt til eigne gravkapell. Lika vart lagde i kister, men kistene vart ikkje nedgravne.

Slutt i 1805

Kongeleg forordning av 22. februar 1805 gjorde på det næraste slutt på skikken. Forordninga opnar med ei grunngjeving for å ikkje gravleggja lik inne i kyrkjene. Deretter følgjer ni detalj-bestemmelsar. Grunngjevinga legg vekt sømd og helsemessige sider. Det står:

"Da Kongen ikke finder det sømmeligt, at Bygninger, indviede til det høieste Væsens Dyrkelse, tillige afbenyttes som Gjemmesteder for Legemer, der overgives til Forraadnelse, og da den fra mindre oplyste Tider nedarvede Skik, at begrave de Døde i Kirkerne, ofte har havt farlige Tilfælde, endog helbreds Tab for de Efterlevende, til Følge, saa opfordres han til at forskrive saadanne at disse kan gjøres uskadelige, idet han drager Omsorg for, at templerne i hans Riger herefter kan vorde til deris egentlige Bestemmelse, hvorfor følgende befales: .."

kjelder:

Seim, M.N.: Soga um Kinna-kyrkja i Sunnfjord. 1955.

PERMANENT IDENTIFIKATOR