Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Handelsstaden Rugsund



Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden Rugsund på austspissen av Rugsundøya. Rugsund, sundet mellom Rugsundøya og fastlandet, er snøggvegen til Nordfjord når ein kjem sørfrå innover Frøysjøen. I sundet ligg Storøya og Litleøya som gjev ly for den gamle handelsstaden. Rugsund er òg namnet på kyrkjesoknet staden tilhøyrer, i Davik prestegjeld og Bremanger kommune.

Rugsund i 1880-åra. Sjøbua, butikken og våningshuset er midt på biletet. Til høgre for desse, litt opp frå sjøen, ligg bakeriet. Bakeriet var i kjellaren på denne bygningen, medan fyrste høgda var ei tid tingstove. I våre dagar kan ein overnatta i bakeriet.

Rugsund i 1880-åra. Sjøbua, butikken og våningshuset er midt på biletet. Til høgre for desse, litt opp frå sjøen, ligg bakeriet. Bakeriet var i kjellaren på denne bygningen, medan fyrste høgda var ei tid tingstove. I våre dagar kan ein overnatta i bakeriet.

Eigar: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1880-åra.

Fotograf: Ukjend.

Viktig gjestgiveri

Den lune og gode hamna var ettertrakta av dei sjøfarande då ho ligg sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten. Rugsund si handelshistorie går attende til tidleg på 1600-talet då borgarar frå Bergen slo seg ned her. I 1757 var det Thomas Friis som eigde gjestgiveriet og kremmarleiet. På hans tid vart staden omtalt som svært nødvendig for både dei reisande og allmugen. Dette var utan tvil den rette skysskiftestaden og jekte- og båthamna for heile Nordfjord. Inntektene og næringa av staden var ikkje av noko stort verde då allmugen sjølve reiste til Bergen og kjøpte varene sine der. Det var drifta av gjestgiveriet som var viktigast.

Gode tider

Kring midten av 1800-talet var det gode tider for handelsstaden Rugsund. Henrik Didrik Friis gjorde staden til ei stor forretning. I 1865 var Thomas Friis landhandlar i Rugsund. Handelsbetjenten hans var Peder Christensen. Elles var ei husjomfru, tre tenestekarar og fire tenestejenter tilsett hjå Friis. Friis-familien eigde Rugsund frå fyrste halvdel av 1700-talet til 1893, då Peter Christian Wiese overtok. Wiese, som hadde drive handel på Dombstein, dreiv landhandel, manufaktur og kolonialforretning her i 1900. Sonen, Helmfred, var handelsbetjent hjå faren. Det var ein bakarsvein tilsett hjå Wiese så det må ha vore bakeri her. - Ein av bygningane vert kalla Bakerisalen. - Wiese dreiv handel både i Rugsund og Vågsvåg til 1916. Han selde då begge stadene og flytta til Bergen.

Rutebåtstoppestad

Rugsund vart alt på 1850-talet stoppestad for nokre av postrutene mellom Bergen og Trondheim som vart trafikkert med dampskip. Staden var ei kjend hamn og skysskiftestad frå gamalt av og eit naturleg val som stoppestad. Men Fylkesbaatane nytta ikkje Rugsund då dei sette opp sine fyrste ruter på Nordfjord. Handelsmann Friis søkte kommunestyret om å få stoppestad her og tilbaud Fylkesbaatane gratis ekspedering i eit halvt år for å få rutestopp. Ut i 1860-åra vart staden trafikkert og i 1870 gjort til stjernestoppestad. Både ruter til Bergen og lokalruter gjekk innom her. Landhandlar Thomas Friis var fyrste ekspeditøren i Rugsund, på 1880-talet.

Over til fastlandet

Det var planar om å setje opp bryggje i Rugsund i 1897, men oppsitjarane på fastlandssida kjempa for å få ekspedisjonen flytta dit. Dei ville byggja bryggja på Haugland. Etter ei tid vann fastlandsfolket fram og fekk bygd bryggja på Haugland kring 1919. Alfred Haugland vart dette året tilsett som ekspeditør. Saman med John Fløtre og Karl Haugland hadde han stått for bygginga av kaien. Dei to sistnemnde var handelsmenn. Karl Haugland sin landhandel vart starta av faren, Jesper G. Klubben, i 1885. Karl overtok drifta i 1905 og starta i 1908 også bakeri her. John Fløtre ass. Landhandel vart starta av faren, Lars J. Fløtre, i 1886. I tillegg til landhandel dreiv Fløtre òg med fisk- og kjøtforretning. På 1950-talet hadde Fløtre ekspedisjonen til Fylkesbaatane.

Den gamle handelsstaden

I 1916 kjøpte Harald Skaar den gamle handelsstaden Rugsund hjå Wiese. I tillegg til assortert landhandel dreiv Skaar sild- og fiskeforretning, sagbruk, trelasthandel og kassefabrikk. Skaar salta sild og fisk og leverte råstoff til hermetikkindustrien. Same året som han overtok bygde han trandamperi her og i 1925 nytt sjøhus, eit ishus og sagbruk. Samstundes byrja han handel med trelast og bygningsartiklar. Her var nothenge og bunkringsstasjon for brenselolje. Staden låg gunstig til for notbruk og fraktefartøy som passerte gjennom Rugsundet på veg til og frå Nordfjord.

Bygningane

Det store våningshuset skal ha vorte flytta til Rugsund i 1836. Ei ny høgd vart bygd på huset, og samstundes vart det bygd ei sjøbu og ei krambu. No står det to store sjøbuer i Rugsund. Den eine med gavlsida og den andre med langsida mot sjøen. Mellom eine sjøbua og våningshuset ligg butikken. Bak bustaden ligg eit stabbur og lenger nord ligg bakeriet, som også har vore brukt som bustad.

27. februar 1924 vart handelsstaden freda av Riksantikvaren. Bygningane har sidan vorte restaurerte og er no i god stand.

Turisme og handel

Rugsund har framleis landhandel, Harald Skaar landhandel, i gamal original stil med handel over disk. Staden har satsa på småbåtturisme. Her er bygd gjestebryggjer og servicebygg med alle fasilitetar. Ein kan få leige hus, rom eller husvære her - eller setja opp telt. Bygningane Bakeriet, Mjølloftet, Svaloftet og Butikkloftet vert leigt ut til overnatting for turistar. I Rugsund er det skipa eit dykkarsenter der det er råd å få fylt luft på dykkarflaskene, leige båtar og ei stor sjøbu til opphald. Tilhøva for dykking skal vera flotte her. Frå Rugsund går det fleire oppmerka turstiar til andre delar av Rugsundøya. Staden er òg eit godt utgangspunkt for turar til fjellet Hornelen og helleristningsfeltet på Vingen.
Framtida ser lys ut for den gamle handelsstaden Rugsund. Kring år 2000 starta ein med å byggja veg frå fastlandet til Bremangerlandet. Denne vegen går i bru over Rugsundet, vidare over Rugsundøya og i tunnel under Skatestraumen til Bremangerlandet. Handelsstaden Rugsund kan på grunn av denne utbygginga få fastlandssamband.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Munksgaard, Jan Henrik: Gamle handels- og gjestgiversteder på Vestlandet, Del 3. Sogn og Fjordane. Utgjeve av Kystmuseet i Sogn og Fjordane - Historisk Museum. Bergen 1980.
Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia, Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998, Selja Forlag. Førde 1998.
Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv, Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det Norske Næringsliv Forlag. Bergen 1953.
www.rugsund.com:
Rugsund handelsstad kring år 2000.
http://museet.posten.no/:
Poststeder en historisk oversikt: Rugsund / Rugsund brygge.

PERMANENT IDENTIFIKATOR