Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. september 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Holmedal kyrkje



Holmedal kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Holmedal i Askvoll kommune. Kyrkja, som har 432 sitjeplassar, vart vigsla 24. november 1868 av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Arkitekt Eilert Christian Brodtkorp Christie laga teikningane. Holmedal kyrkje er soknekyrkje for Holmedal sokn i Askvoll prestegjeld.

I Holmedal finn ein ei av dei verkel staselege, treskipa kyrkjene i fylket. Arkitekt Christian Brodtkorp Christie teikna i same perioden fem nokså like kyrkjer i Sogn. Han ønskte at Holmedal kyrkje skulle målast gul, men fekk ikkje gjennomslag for det.

I Holmedal finn ein ei av dei verkel staselege, treskipa kyrkjene i fylket. Arkitekt Christian Brodtkorp Christie teikna i same perioden fem nokså like kyrkjer i Sogn. Han ønskte at Holmedal kyrkje skulle målast gul, men fekk ikkje gjennomslag for det.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Christie-kyrkje

Kyrkja i Holmedal er teikna av arkitekt Christie, mest kjend for restaureringa og gjenreisinga av Nidaros domkyrkje. Han tok på seg oppdraget på oppmoding frå distriktslege Landmark i Dale, som sat i byggjenemnda. Landmark var både skrivekunnig og godt utdanna, og såleis ein svært nyttig mann å ha med i nemnda.

Christie gav i november 1866 ei utførleg forklaring på kvifor han teikna kyrkja som han gjorde: "Efter Menighedens Størrelse skal Kirken have 396 Sæder, i Udkastet er 409 Sæder. Hovedanordningen er i Lighed med den af Dem omtalte og af mig forfattede Tegning til en ny Kirke for Borgund Sogn. Som De vil se er Skibet delt i tre Dele, et høiere Midparti i hvilket alle Vinduerne anbringes, og to lavere Sidepartier Hvorved blir saavel Tag som Vegfladerne mindre. Hvorved Stormen faar mindre Husmasse at virke paa. De høit oppe paa Væggene anbrakte Vindues Rækker give Kirken et sterkt Lys fra oven, hvilket ogsaa bidrager til at give det hele et mer kirkeligt og ophøiet Præg."

I brevvekslinga med byggjekomiteen i Holmedal ser ein vidare at Christie var oppteken av å byggje rimeleg. Difor argumenterte han for å bruke papp til vindtetting under den innvendige panelen i staden for lafting. Dette var ein lite kjend byggjemåte på denne tida, men dei stolte på råda frå arkitekten. Fagfolk har i ettertid undra seg på kvifor Christie ikkje brydde seg med drakane i stavkyrkjestilen. Truleg var draken for heidensk for han.

Preikestol på nordsida

Dei fleste kyrkjer har preikestolen plassert på sørsida, eller til høgre i skipet når ein ser framover mot koret. I Holmedal kyrkje vart preikestolen plassert til venstre, på nordsida, og dette var det slett ikkje alle som likte. Presten Smith i Dale hadde sterke innvendingar mot dette, fordi sollyset dermed kom rett i auga på den som preika. Alternativet for presten var å vende seg bort frå kyrkjelyden og dei han snakka til, og det var inga god løysing, meinte Smith. Men trass i innvendingane vart preikestolen ståande der han var sett. Døypefonten, derimot, vart flytta frå sørsida til golvet framfor preikestolen, slik at presten skulle sleppe å døype med venstrehanda. Kyrkja har dei vanlege sakristia på kvar side av koret.

Kyrkjebygningen

Sjølve skipet er nærare 16 m langt og 11 m breitt, medrekna sideskipa, til saman nesten 4 m. Koret er lengst mot aust avrunda med ein apsis-inspirert tresida vegg som omsluttar den vakre altertavla frå 1600-talet og alterbordet. Alterringen i åttekantform utfyller linjene i denne delen av kyrkja. Oppe på austveggen over altertavla er der eit firkanta vindauge sett på høgkant med eit duemotiv i farga glas. Elles er her ikkje vindauge i aust, men derimot oppe på sideveggene. I skipet er der fem store vindauge øvst på veggene i midtskipet, men ingen på veggene i sideskipa. Vindauga er alle inndelte i fem felt og øvst avslutta med kløverbladforma. Denne forma er gjennomført fleire stader i kyrkjerommet, til dømes som dekor på orgelet og som utskjeringar i hjørna i skiljet mellom hovudskip og sideskip. Vindauge er det også bak på vestveggen, både ytst i sideskipa og i midtskipet.

På slutten av 1920-talet vart kyrkja pussa opp innvendig, og det var ungdomslaga i bygda som samla inn pengane til målararbeidet, heile 3200 kroner. Samstundes vart galleriet utvida og fekk ekstra framspring langs sidene. Den siste store oppussinga vart gjort til 100-årsjubileet i 1968. Fargane i dag er ganske ulike fargane frå fyrste gongen kyrkja vart måla kring 1870. Då var veggene innvendig lyseraude, dei enkle kyrkjebenkene var lysegule og både galleriet og søylene under var kvitmåla. I dag er grønt ein gjennomgåande farge både på kyrkjebenkene, galleriet, beresøylene og orgelet. Sperreverket er raudmåla, medan veggene er heilt lyse.

Kvitmåla

Kyrkja ligg fint plassert på den gamle Holmedalsgarden nede i strandsona på nordsida av Dalsfjorden. På same staden som denne kyrkja stod den førre kyrkja i Holmedal, tømmerkyrkja frå rundt 1600. Stadvalet var naturleg med tanke på fjordferdsla, og svært praktisk då trevyrket til dagens kyrkje skulle lossast frå jekta som kom med det ferdige byggjesettet frå Christiania.

Det noko særeigne med denne kyrkja samanlikna med dei andre Christie-kyrkjene, er at arkitekten her ikkje fekk gjennomslag for at kyrkja skulle målast gul utvendig. Dette var den einaste rette fargen ifølgje Christie, men i Holmedal heldt dei fast på at kyrkja skulle vere kvit. Sidan har kyrkja alltid vore kvitmåla, men i samband med oppussinga på midten av 1990-talet vart det valt grått som markeringsfarge på hjørnestokkar og listverk. I samband med denne oppussinga vart også tårnspiret reparert for lekkasjeskader. Kyrkjetårnet er staseleg, men samstundes enkelt forma med ein tårnfot som reiser seg høgt over midtskipet. Det har fire gavlar og eit smalt spir.

Altertavler

Altartavla frå kring 1620 er ei såkalla kassettavle med rik ornamentikk: pilastertype med gavlfelt, opphavleg også over sidefelta. Tavla er svært lik tavlene i Bygstad, Viksdalen, Sande og Dale, og må vere laga av same snikkaren, truleg i Bergen. Denne renessansetavla kom fyrst på plass i 1968. Då hadde ho sidan 1930 hange på sørveggen i kyrkja. Tre bilete dannar hovudfeltet og framstiller nattverden, krossfestinga og oppstoda, medan eit bilete over viser Jesu himmelferd. Innskrifta er katekismeorda om nattverden til venstre og i midten, til høgre sitat frå Joh. 11,25 og Rom. 4,25. Over bileta er ei latinsk innskrifta "Ieso Christo Deo et homini sospitatori" ([til ære] for Jesus Kristus, Gud og menneske, Frelsaren).

Arkitekt Christie ønskte ei spesielt utforma tavle av Anders Askevold, eit måleri på kvar av dei tre veggene for å unngå å skjule alternisjen. I brev av 1. juli 1868 skreiv Askevold om korleis han hadde tenkt seg alterbiletet, dersom han fekk oppdraget: "Jeg agter i saa fald at male Korsfæstelsen, samme Komposition og Størrelse som jeg i Vaar leverede til Østensø nye Kirke i Hardanger." Visstnok av økonomiske grunnar vart dette ikkje realisert. I staden kom ein kross, teikna av Christie og dekorert med den tornekrona Kristus sitt ansikt og evangelistsymbol av målaren Chr. Brun. Det heng no på sideveggen i koret.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR